Gifte biskopar?

I Noreg er Den nordisk-katolske kyrkja sin biskop den første gifte katolske biskopen sidan høgmellomalderen. Dette høyrest kanskje eksotisk ut, men i kyrkjehistorisk samanheng er ikkje gifte klerkar uvanleg. I tida før 300-talet var det vanleg med både gifte biskopar og prestar. Det einaste kriteriet var at dei ikkje skulle drive med bigami – noko som også innebar eit forbod mot gjengifte klerikale. Sølibatet vart likevel sett høgt og tala vel om av mange av kyrkja sine fedrar.

På 300-talet og utover vart det vanleg at prestar og biskopar ikkje gifta seg etter at dei vart ordinerte. Dette etablerte seg som norm frå 400-talet og er halde i hevd framleis. Med den romerske keisar Justinian den store (483-565) vart prinsippet om at klerkar ikkje skulle vere bigamiøse, og at ugifte klerkar ikkje skulle gifte seg, ført inn i romarretten. I tillegg måtte kandidatar til biskopstolen leve i sølibat eller vere barnlause (gifte biskopar kunne ikkje leve seksuelt med kona si).

I vesten levde tanken om sølibat blant kleresiet vidare og fekk etter kvart større støtte. Det var likevel mest vanleg med gifte prestar til langt inn på 700-talet. Deretter etablerte det seg ein praksis der dei som vart ordinert etter at dei var gifte, måtte forplikte seg på ikkje å leve seksuelt med ektefellen sin. Dette var sjølvsagt vanskeleg å kontrollere, så med pave Gregor VII (pave frå 1073-1085) byrja ein for alvor å fremje kravet om sølibat (på synoden i Roma i 1074) for heile kleresiet i det som etter skismaet i 1054 vart Den romersk-katolske kyrkja.

I Noreg meiner historikar Edvard Bull d.e. at erkebiskop Håkon (ca 1200-1267) var den siste gifte norske katolske biskop – før biskop Roald Nikolai. Erkebiskop Håkon var også far til Tore Biskopson som var både baron og kanslar i Noreg.

Utfyllande lesnad finn de her, her og her.

Advertisements

2 responses to “Gifte biskopar?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s