Johannes Gullmunns påskepreike

«No er påsken over», kunne ein lesa mange stader på Facebook denne veka. Men for oss kristne er ho så vidt begynt. Fader Svein Bartolomeus si nyomsetjing av Johannes Krysostomos si vidgjetne påskepreike tek oss rett inn i påskegleda:

Fattar me det fantastiske i Jesu sigerrike oppstode? Han som er Ljoset for verda, knuste mørkeret. Slik eit ljos lyser opp eit mørkt rom og øydelegg alt mørker med sitt nærvær i rommet, knuste Kristus døden då Han steig ned i det rommet som heiter ’død’ og frelste alt liv til seg. Døden og hans vaktar Djevelen finst framleis levande i verda, og dei har mange mørke lommer dei framleis kan trivast i og driva sine spel for å halda menneska i skuggelandet – og føre dei i evig fortaping. Men den vonde sprekk som troll i solrenninga når Kristus får fria oss ut når me vel å ta i mot den gåva Han er. Når me er døypte til Han, når me får ta imot Hans lekam og blod og slik får vera Kristus-berarar og har fått Guds Heilage Ande, då er me òg reiste opp til eit nytt liv med Han – eit evig liv der Satans mørke gjerningar og dødskreftene til slutt må gje tapt. Slik blir det jordiske livet ikkje berre noko som me må konstatera får ein obligatorisk trist slutt. Nei, gode vener, døden som den endelege avslutninga, som det evige mørkret, som Satans siste stikk, har gått over i historia, då Gud sjølv gjekk inn i historia, vart menneske, leid, døydde på krossen og der drap fiendskapen! Han sigerrike oppstode gjev oss alle sigerskransen!

Lat oss med den heilage kyrkjefader Johannes Chrysostomos, eller Jon Gullmunn som me stundom kallar han hjå oss, måla ut den gleda og det triumferande faktum at Jesus, Han som er Livet, har overvunne døden og gjort død til liv for alle som tek imot Han som sin livgjevande frelsar:

“Lat kvar den som er from og ottast Gud få ta del i denne gode og strålande høgtida. Lat den som er ein trufast tenar koma inn og ta del i sin Herres glede. Lat den som med strev har førebudd seg med faste no få si velfortente løn. Lat den som har arbeidd frå den fyrste timen få si rettvise løn. Lat den som kom i tredje timen få ta del i festen med takksemd. Lat den som kom ved den sjette timen ikkje vera i tvil, for han skal ikkje missa noko. Lat likeins den som kom so seint som ved den niande timen, koma fram utan otte og nøling. Lat den som berre kom ved den ellevte timen heller ikkje vera redd for at han drygde for lenge.

For Meisteren vår er gjevmild og tek imot den siste so vel som den fyrste. Han gjev kvild til den som kjem i den ellevte timen, so vel som til den som arbeidde frå fyrste timen av. Den eine syner Han godleik mot, den andre gjevmildskap. Han verdset gjerninga, men rosar ogso den gode tanken.

Kom då, alle saman, inn til Herrens glede! Ta del i den same løna, både den siste og den fyrste. Fattige og den rike, dans med kvarandre! Både den som har fasta og den som ikkje har fasta: ære denne dagen! Både den ihuga som den veike: gled dykk i dag! Bordet er dekt; ha hugnad i gåvene på bordet! Gjøkalven er slakta, og ingen må gå svoltne herifrå!

Lat alle ta del i gjestebodet for vår tru og alle få ta del i den gode rikdomen. Må ingen klaga over sin fattigdom, for Gudsriket er opna for alle. Ingen skal gråta over syndene sine, for tilgjevingsljoset har stråla fram or grava. Ingen skal ottast døden, for døden til vår Frelsar har fria oss frå døden. Han knuste dødskreftene då Han vart underlagt dødskreftene. Han fanga dødsriket då Han steig ned i dødsriket, for dødsriket vart skaka då det gløypte Hans lekam. Dette spådde Jesaja og ropte:

“Dødsriket der nede rister når du kjem.” (Jesaja 14,9). Det riste av di det miste si kraft. Det riste av di det vart håna. Det riste av di det vart sigra over. Det riste av di det leid nederlag. Det riste av di det vart bunde. Dødsriket vart gjeve ein lekam, men møtte Gud. Det vart gjeve jorda, men møtte himmelen. Det vart gjeve det synlege, men fall for det usynlege.

Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Kristus er oppstaden, og du, Død, er nedkjempa! Kristus er oppstaden, og demonane har falle! Kristus er oppstaden, og englane jublar! Kristus er oppstaden, og alt liv har fått si frelse! Kristus er oppstaden, og ingen døde finst meir i gravene! For Kristus er fyrstegrøda av dei som er avsovna. – Han vere ære og all makt no og alltid i alle æver. Amen!”

Fader Svein Bartolomeus

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s