Preike lest i Sta. Sunniva kyrkjelyd 28. mars 2013: I dag, på skjærtorsdag, minnest me innstiftinga av den heilage nattverden. Om dette handlar dagens preike, som er skrive av St. Justin Martyren. Han blei fødd rundt år 100, omtrent samtidig som apostelen Johannes døde. St. Justin blei forfulgt og til slutt drept for sitt vitnesbyrd og klare forsvar for trua på Jesus Kristus rundt år 165.
Original-ikonet er å sjå i Vatopaidi-klosteret på Athos i nord-Hellas. Truleg frå 1300-talet.
Han seier: (Ofringa i det gamle testamentet peiker fram mot nattverdsmåltidet.) Eit eksempel er ofringa av fint mjøl blanda med olje, som var føreskrive for dei som blei reinsa frå spedalskheit. Den var ein type på eller forløpar til brødet i evkjaristien eller nattverden. For vår Herre Jesus Kristus innstifta nattverdsfeiringa til minne om den lidinga han tolte for deira sjeler som blir reinsa frå det vonde.
Gud talar også ved profeten Malakias, ein av dei tolv profetane, om ofringa i det gamle testamentet og den nye offertenesta som låg framføre.
Om berre nokon av dykk
ville stengja tempeldørene
så de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar!
Eg har inga glede av dykk,
seier Herren over hærskarane,
eg set ikkje pris på offer
frå dykkar hand.
Frå der sol står opp til der sol går ned,
er mitt namn stort mellom folkeslaga.
Alle stader blir det tent offereld
og bore fram reine offer i mitt namn.
For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,
seier Herren over hærskarane.
Her snakkar han om folkeslaga, hedningane, nemleg oss, som alle stader ber fram reine offer. Det betyr brødet og vinen i Evkjaristien (nattverden). Slik stadfestar han både at feiringa av nattverden gjev ære til hans namn, og at ofringa i den gamle pakt ikkje gjorde det.
Oss kristne er Guds sanne øvsteprestelige familie. Som me akkurat las i profeten Malaki, er den noverande ofringa som føregår blant hedningane reint og akseptabelt for Herren. Jesus Kristus påla oss å ofra brød og vin – og det gjer me over heile verda! Gud mottek ikkje offeret frå nokon andre enn frå sine prestar.
Det finst ein del jødar som meiner at det profeten Malaki siktar til når han snakkar om “reine offer”, er bønene frå dei jødane som er fordrivne frå Israel. Eg er einig i at bøner og takkseiing, når ofra av verdige folk, er det einaste perfekte og akseptable offeret for Gud. Og det er nettopp dette dei kristne ofrar i minnemåltidet. Brødet og vinen minnar oss på lidinga Guds son heldt ut.
Me gjer dette kvar sundag. Då samlast alle som bur i byar eller i landsbyar på ein stad, og memoarene som apostlane skreiv, altså evangelia, blir lesne, saman med profetane i Det gamle testamentet. Etter at lesaren har gjort seg ferdig, oppmuntrar han som forretter gudstenesta tilhøyrarane om å leva etter det dei har høyrt. Så reiser alle seg for å be. Me ber frå hjarta for alle menneske, men også på eigne vegner.
Når me feirar nattverden takkar me Gud for at han skapte heile verda og alt som er i den – og for menneske, for at han frelste oss frå vår tidlegare vondskap, og fullstendig sigra over ånsdmaktene.
Dei som kan, gjev så av fri vilje ein sum pengar eller mat, etter det kvar og ein synest er passande. Det blir samla saman og gitt til presten. Han gir det vidare, til støtte for foreldrelause, enker, dei som er i naud, enten på grunn av sjukdom eller av andre grunnar, og til dei som er i fengsel, og dei framande som er i blant oss. Oppsummert, han viser omsorg for alle som er i naud.
Etterpå helsar alle kvarandre med eit fredens teikn, eit kyss. Så blir brød og eit beger med vin blanda med vatn teke fram til biskopen. Han tek dei, og gjev pris og ære til universets Fader, ved Jesu Kristi namn og ved Den Heilage ande. Ei lang stund offrar han takkseiing for at me har blitt rekna verdige til å motta dette frå Guds hender.
Etter bønene og takkseiinga gjev alle som er tilstades deira stadfesting ved å seia Amen. Dei me kallar diakonar gjev til kvar og ein brød og vin blanda med vatn, som takkseiinga blei uttalt over. Diakonane pakkar noko av det ned for å ta det med til dei som ikkje kunne vera til stades.
Denne maten kallar me Nattverden. Og ingen får lov til å ta del i den, bortsett frå dei som trur at det me lærer er sant (at våre doktiner er sanne), og har blitt fødde på nytt og reinsa gjennom badet til forlating for syndene, og som LEVER SLIK KRISTUS HAR PÅBODE.
Me tek ikkje imot dette som vanleg brød og drikke. For Jesus Kristus vår frelsar, gjort kjøt ved Guds ord, brukte både kjøt og blod for å frelsa oss. På same måte har me blitt lært at maten som er velsigna ved å be etter hans ord ER kjøtet og blodet til Jesus, som blei menneske. Ved dette blodet og kjøtet får vårt kjøt og blod næring og blir forvandla.
Apostlane, i skriftene dei etterlet seg, kalla Evangelium, har dei overlevert til oss det som blei gitt til dei: At Jesus tok brødet og etter at han hadde gitt takk, sa han: Gjer dette til minne om meg. Dette er min kropp. På same måte etter å ha tatt begeret etter måltet, takka han, og sa; Dette er mitt blod. Og han gav det berre til dei.
Til Ære for Faderen og Sonen og Helliganden, som var og er og blir ein sann Gud, frå æve til æve. Amen.
* Preika er fritt omsett frå fleire tekstar skrive av St. Justin Martyren, der temaet er nattverden. Mellom anna frå hans første apologi og frå dialogen med Tryfo.
Subdiakon Øystein Lid