Johannes Krysostomos» preike om den kanaaneiske kvinna

Sundagens tekst handlar om den kanaaneiske kvinna. Preika som subdiakon Øystein las i Sta. Sunniva kyrkjelyd i dag, blei først halden av st. Johannes Krysostomos (347 – 407), medan han var prest i Antiokia (dagens Tyrkia):

«Kvinna i dagens tekst reknar seg sjølv for å vera uverdig til å koma til Jerusalem. Ho har eit presserande ærend som ho må snakka med Jesus om. Først når Jesus nærmar seg hennar land kjem ho.

Kristus forlot sin heim og kvinna sin heim for å møta kvarandre. Enkelte ser ein allegori her, eller eit bilde på Kristus som møter si kyrkje.

Når ein høyrer om ei kanaaneisk kvinne blir ein straks minna på dei folkeslaga som budde i Kanaan då Israelsfolket vendte tilbake frå Egypt. Dei forkasta naturens lover. Dei blei forvist frå landet slik at dei ikkje skulle pervertera israelsfolket. Men no ser me at ei kanaaneisk kvinne har ei betre innstilling enn dei jødiske farisearane, ho forlater sitt eige og kjem Kristus i møte. Israelsfolket derimot dreiv Herren vekk når han kom til dei i eigen person.

Når ho har kome til han, seier ho: Herre, miskunna deg over meg! Ropet hennar får mange til å snu seg. For det var eit trist syn å sjå ei kvinne som ropar i stor smerte, og den kvinna ei mor, som ber for si dotter. Og den dottera var i ein så elendig forfatning. Mora torte ikkje ein gong å ta med ho som var besatt framføre Meisteren. Men ho let henne liggja at heime, og går sjølv i forbønn for ho. Ho prøver heller ikkje å ta Jesus med til huset sitt.

Ho ber om Herrens miskunn – ikkje for dottera, men for seg sjølv. Miskunna deg OVER MEG, seier ho. For dottera er ikkje bevisst om sin eigen tilstand, men det er mora som må li seg gjennom vondskapen fullt ut bevisst.

MEN HAN SVARA HENNE IKKJE EITT ORD.

Kva er dette for noko rart? Dei jødiske farisearane som Jesus like før hadde snakka med hadde forlatt Guds bud til fordel for menneskebud. Likevel snakkar Jesus med dei. Når dei fristar han og til og med snakkar blasfemisk, forkastar han dei ikkje. Men denne kvinna som spring til Han, ber på sine kne, som var utan utdannelse i korkje loven eller profetane, og likevel viser så stor fromskap – til henne nedlatar ikkje Jesus seg til å gje så mykje som eit svar??

Kven ville ikkje ha blitt fornærma av dette? Og kven er det som ikkje blir RØRT av morens bønn for dattera som lir vondt? Ho kjem ikkje og krev sin rett, men ho spør så fint om nåde. LIkevel er ho ikkje rekna verdig eit svar, ein gong.

Kanskje tilhøyrarane blei fornærma – men kvinna blei ikkje fornærma. Eg seier tilhøyrarane, og reknar med at disiplane til Jesus til ei viss grad må ha vore påvirka av kvinna sitt rop, og fått medlidenhet med ho. Dei vågar seg ikkje til å spørra “Gje henne denne tenesta”, men dei seier “Send henne vekk, for ho ropar etter oss”. SLik gjer jo me og av og til når me skal prøva å overbevisa nåken, prøver oss med omvendt psykologi.

Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»

Kva gjorde kvinna etter å ha høyrt dette? Blei ho stille? Eller gav ho seg? Nei, ho blei berre endå meir insisterande. Slik er det ofte ikkje med oss. Når me ikkje får det me ber om gir me oss, når me tvert i mot burde bli meir ivrige.

Kven ville ikkje ha blitt desperat av å høyra eit slikt ord`? Jesu stillhet var nok tilstrekkelig for å driva henne til desperasjon, men dette svaret – i endå større grad. Jesus seier at det ho ber om umogleg kan la seg gjennomføra, sjølv når disiplane spør Jesus. LIKEVEL er ikkje kvinna fortvila når ho ser at hennar advokatar ikkje oppnår noko.

I staden gjer ho seg sjølv skamlaus, men skamlaus på ein god måte. Fram til no har ho ikkje ein gong våga seg framføre dei, disiplane seier at “ho ropar etter oss”, ho var altså bak dei, så ein kunne venta seg at ho no ville gå lenger unna, men i staden er det nettopp i dette øyeblikket at ho kjem nærare, kastar seg ned og tilber, med orda: Herre, hjelp meg!

Kva er dette, O kvinne? Har du meir tillit enn apostlane? Større styrke? Tillit og styrke, ville ho kanskje svara, på ingen måte, eg er full av skam. Likevel vil eg setja fram mi bøn. “Men høyrte du ikkje at han sa eg er berre sendt til Israels tapte får? Jau, men han sjølv er Herren.
Kva seier så Kristus? Han er ikkje fornøgd endå, men berre aukar spaninga. Og seier: “Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane”.

Når han endelig hadde eit ord å seia til henne, så slår han henne ned med dette ordet, skarpare enn han gjorde med stillheite han først møtte ho med. Dess meir intens kvinna er i si bøn, dess meir insisterer han på å nekta. Han kallar ikkje lenger israelsfolket «tapte sauer», men for “borna”, og kallar kvinna ein “hund”.

Kva seier så kvinna? Ut av Jesu eigne ord formar ho sitt svar. “Det er sant, Herre», sa kvinna. Ho innrømmer at ho er ein hund, og insisterer på at ho likevel ikkje er ein framand.

Her ser me at Kristus hadde rett når han seier i Johannes evangelium kapittel 9 “Til dom er eg komen”. Denne kvinna som blir vanæra, viser sjølv-kontroll, utholdenheit og tru, mens israelittane som var vist stor ære svarer med det motsatte.

“Hundane et då dei smulane som fell frå bordet til herrane deira”, seier kvinna. Jesus visste at kvinna ville svara slik. Det var difor han nekta ho det ho bad om, slik at han kunne visa fram hennar store sjølv-kontroll.

For dersom det hadde vore hans føremål å ikkje gi, ville han ikkje ha gitt henne det etterpå. På samme måte ville han læra oss gudsfrykt når han fikk Høvedsmannen til å seia: “Herre, jeg er ikke verdig at du går inn under mitt tak”. Slik også her: Jesus ville ikkje at så stor dygd og tru som var i denne kvinna skulle forbli gøymt. Ikkje for å fornærma talte han altså slik, men han kalla henne fram, slik at skatten ho gøymte på kunne koma fram i lyset.

Eg ber deko om at de i tillegg til å sjå den store trua kvinna hadde, også må sjå audmjukskapen. For Jesus kallte jødane for barn, men kvinna gjekk så langt som til å kalla dei Herrar. Så langt frå henne var det å bli misunnelig når andre får skryt.

Ser du kvinnas visdom? Ho blei ikkje stukke av at Jesus gav store ord til dei andre, og tok seg heller ikkje nær av å bli nedvurdert. Ser du hennar standhaftigheit? Ho seier Det er sant Herre, når Jesus kallar henne hund, og til det legger ho til Hundens væremåte. Ser du kvinnas audmjukheit?

Høyr det stolte språket til farisearane: “Vi er Abrahams ætt og har aldri vore slavar for nokon.” Ikkje så denne kvinna, ho kallar seg sjølv hund og dei Herrar. På denne måten gjorde ho seg sjølv til eit barn.

Kva sa så Kristus? «Stor er trua di, kvinne.” Med desse orda kronar han kvinna, slik han hadde til formål heile tida. Han avviser kvinna først, for å få sei dette høgt.

“Det skal gå som du vil.” seier han. Og like etterpå kan me lesa “Og dottera vart frisk frå same stunda.”

Ser du at kvinna sitt bidrag til at dottera blei frisk ikkje var lite? Jesus sa jo ikkje: La dottera di vera frisk, men “stor er trua di, la det gå som du vil”. Det var ikkje tom smiger Jesus kom med, men hennar tru var virkelig stor.

Merk dykk det at apostlane nådde ikkje fram, men det gjorde kvinna. Så stor ei sak er det å vera trufast i bøna.

Ved vår Herre Jesu Kristi nåde og kjærleik til menneska, som saman med Faderen og Den Heilage Ande tilhøyrer all herlegdom, all makt, all ære – No og alltid, og i all æve – Amen.»

Advertisements

2 responses to “Johannes Krysostomos» preike om den kanaaneiske kvinna

  1. Eg er så lukkeleg at denne historia er med. Alle som kom til Jesus fekk jo hjelp! Så kvifor ikkje eg?
    Men så er denne historia der, ho som fanga Jesus i hass eigne ord.
    Han må ha fryda seg i sitt stille sinn å møte eit menneske som jagar slik etter hans frelse.

    For snakk om arroganse, snakk om krenking. For eit maktspråk.

    Men kanskje det likevel er motsett. Kanskje det er han som er mest utsatt for våre krenkingar, arroganse og tause maktdemonstrasjonar. Kanskje det er han som oftast opplever å bli kalla hund og heidning. For vi trur jo han er i våre hender. Vi meiner han har å stille opp på vår ordre.

    Inntil han ein dag sjølv gjev oss dette lille hintet at det er vi som er i hass hender. Teier han, skjer inkje. Snur han ryggen til, er vi forlatt.
    Vil ikkje han frelse, er alt strev fånyttes.

    Skakande? Ja. Men, trygt å vite.
    Farleg? Ja! Men god!

  2. Klarsynte ord, Magne. Ein krevjande tekst tykkjer eg, og glad for at Johannes Krysostomos forklarte teksten for oss. Eg tykkjer det er befriande å tenkja på at når me møter ulike vanskar, kan det vera Guds måte å få fram det gode i oss. Han prøvde kraftig den kanaaneiske kvinna, og eg trur mange av oss hadde gitt oss før ho gjorde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s