Sta. Sunniva kyrkjeblad for januar

Me ønskjer alle lesarane eit godt nytt år med ny utgåve av kyrkjebladet med kloke ord frå Ignatius Brianchaninov (1807–1867), rekna for å vera helgen blant våre ortodokse vener. Så vidt eg veit finst ikkje avsnittet om «falsk og ekte iver» på norsk frå før, eller boka The Arena i det heile. Dersom eg tek feil, er det fint om nokon kan korrigera meg og fortelja meg kor eg kan kjøpa ho!