Europa døyr utan Kristus

Ei rekkje toneangivande europeiske forfattar og filosofar kasta nyleg ein brannfakkel inn i debatten om Europas framtid. «Europa på dødsleiet» heiter kronikken deira. Dei skildrar oppløysinga som finn stad framføre augo våre, både i Hellas og Roma, to av moderne sivilisasjons fremste vogger. Dei skildrar kaos, økonomisk disintegrasjon, likesæle og kynisme. «Europa er døende som pakt, symbol, visjon og fundament», skriv forfattarane.

Fader Ottar Myrseth skriv også om Europa i sitt siste blogg-innlegg. I motsetning til forfattarane av kronikken trur ikkje Myrseth løysinga på Europas krise ligg i å prøva halda på samanføyingane i ein skral politisk struktur. Han peikar på at det som i hundreåra var Europas lim var Kristendommen. «Nasjonsbygginga, kulturen, identiteten og historia i denne verdsdelen er resultat av kristen misjon», skriv presten. Europa er i ferd med å forlata sine kristne røter, og samtidig går verdsdelen i oppløysing kulturelt, økonomisk og politisk. Det er ikkje tilfeldig. Stadig fleire talar om at verdens sentrum er i ferd med å flytta austover i retning Kina. Landet der kristen misjon har hatt sin største vekst det siste hundreåret.

Kva kan så gjerast for Europa? For oss kristne finst det berre eitt svar. Me må med fader Ottars ord «framleis venda oss mot aust og tilbe Kvitekrist». Me må finna tilbake til våre kristne røter. Fader Ottar peiker på at det ikkje er noko ytre trugsmål som er Europas problem. Det er eit indre problem som botnar i mangelen på kristen danning:

«Europa har forlate sine kristne røter ikkje fordi muslimar har innvandra, men fordi europearane har mist sambandet med røtene sine. Det er ikkje dei muslimske naboane mine som avkristnar landet. Problemet vårt er at kyrkjene står tome og vert selde, at det er dramatisk svikt i rekrutteringa til presteteneste, at folket har vald seg annan etikk og andre gudar enn den kristne, at dei ikkje syng kristne salmar med borna og ikkje les bibelforteljingane for dei. Vår epoke i Europas historie er meir kjennemerka av kulturelt og religiøst vakuum enn av multikultur.»

Les resten av det tankevekkjande innlegget på Ålesund-misjonen si heimeside.

Subdiakon Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s