(Foto: Øystein Lid)
Vår kjære biskop, Roald Nikolai Flemestad fyller 70 år, og ei rekkje skribentar har i høve jubileet laga eit festskrift, som allereie no kan forhåndsbestillast. Ei rekkje skribentar frå eit breitt spekter av det kyrkjelege landskapet er representert, inkludert prominente figurar i Den romersk-katolske kyrkje, den ortodokse kyrkja, den anglikanske kyrkja, i tillegg til lutheranarar og sjølvsagt nordisk-katolske. Til saman gjev tekstane ein mosaikk av biskopens omfattande virke og åndsverk gjennom ein mannsalder.
Festskriftet som har fått tittelen «Motstand og tilbedelse», skal lanserast og overleverast til jubilanten i Oslo 20. april. Tema som ideologi, lærestrid, kamp for kyrkjeleg fornying, fridom og livsrom blir behandla av dei ulike skribentane, side om side ved tema som liturgisk teologi, sakramentalt liv og kyrkjefromskap.
Redaksjonen har bestått av prost i Selja Prosti, fader Ottar Myrseth, og Ole-Christian Bråten, (redaktør i Lære og liv). Hjå desse kan ein bestilla festskriftet per telefon-nummer 98 87 67 61 (Myrseth) eller 40 85 72 04 (Bråten). Alternativt kan ein senda e-post med namn og adresse til festskrift70@gmail.com. Dersom ein ikkje ønskjer oppføring i Tabula Gratulatoria (gratulasjons-protokollen), ver god å gje beskjed om dette. Prisen er kr 250 + porto.
Meir utførleg informasjon kan lesast i dette PDF-dokumentet.
Subdiakon Øystein Lid