Om konservative kristne i Noreg

Den nordisk-katolske kyrkja blir nevnt i ein av dagens mest lesne kronikkar i Aftenposten – «Den skjulte minoriteten – konservative kristne i Norge». I skrivande stund har essayet til Bjørn Stærk fått 2.100 likes på facebook, og eg reknar med at det berre er begynnelsen. Bjørn Stærk er son av tidl. frikyrkje-pastor Dagfinn Stærk. Faren er mannen bak den norske omsetjinga av Kyrill av Jerusalems dåpskatekeser, som blei anmeldt her på bloggen. I tillegg har Dagfinn Stærk delteke i debatt-feltet her fleire gonger, og er ein mann underteikna har stor respekt for. Ein kan lesa litt meir om faren i essayet til sonen.

Før de hoppar vidare til kronikken – ei lita oppklaring: I innledningen, gjev Bjørn Stærk eit sammendrag av korleis han som tidlegare kristen forstår (evt. forstod) den kristne trua. For oss ortodokst orienterte katolikkar er samandraget kanskje mest eit døme på kva av vestleg tankegods me med fordel kan lata liggja medan me beveger oss i austleg retning. Bjørn Stærk skriv:

«For å gi oss en ny sjanse til å leve slik vi var ment å leve, skilte dette vesenet (Gud) ut et fragment av seg selv og sendte det inn blant menneskene for å bli torturert ihjel på våre vegne. Det er ikke så farlig om du ikke forstår hvorfor dette måtte skje. Det viktige er at du sier «ja takk» til dette offeret.»

Dersom det er slik mange forstår (eller ikkje forstår) Jesu gjerning på krossen, er det kanskje ikkje så rart at bodskapen ikkje har spesielt stort gjennomslag? Jamfør gjerne dette med årets lengste debatt her på bloggen om «Måtte Jesus straffast?».

Men eg kan altså lova at essayet til Stærk tek seg kraftig opp. For ein gongs skuld kan ein stor lesarskare bli godt informert om tilhøve mellom det sekulære og det religiøse Noreg. Framleis god jol!

Subdiakon Øystein Lid

Advertisements

8 responses to “Om konservative kristne i Noreg

  1. Fint at du har skrevet om Bjørns artikkel. Når det gjelder det du tar opp om hvorfor Jesus kom til jorden og måtte dø, er jeg langt på vei enig med deg, men vel ikke helt. Uansettbhar jeg i mine studier av oldkirken og kontakten med NKK fått et videre syn på dette enn det tradisjonelle såkalte lutherske.

  2. Jeg skal gjerne studere nærmere hva de sier om dette, Øystein, men det får nok vente litt. For tiden holder jeg på med siste del av bok nummer tre i serie , Tro, håp og kjærlighet (Enchiridion) av Augustin.

  3. Eg vil påpeike at den «samanfattinga» av frelseshistoria frå byrjinga av innlegget heller ikkje er særleg «vestleg.» Eg kjenner få kristne (vestlege eller austlege) som ser det slik. Og endå mindre teologar.

  4. Det er sikkert sant. Slik eg forstår Bjørn Stærk set han den objektive forsonings-teorien på spissen: Du kjenner sikkert den, Kjetil, men Store norske leksikon har i alle høve eit greitt samandrag: «Den objektive forsoningsteori ser Gud som objekt for forsoningen. Kristus oppfyller de av Guds krav menneskeheten ikke har oppfylt, og bærer ved sin lidelse og død stedfortredende straffen og dommen over menneskeheten, hvorved Guds rettferdighet «tilfredsstilles» (satisfaksjon).» Eg må i alle fall seia at ei slik forståing har vore underliggjande i mykje av forkynninga eg har høyrt om temaet i oppveksten. At Jesus måtte straffast i vår stad, blei det kanskje utlagt. Stærk brukar ordet tortur i staden. Blogg-innlegget eg linka til frå tidlegare i år, har ein lengre diskusjon frå ortodoks synsvinkel om temaet.

  5. Med fare for avsporing av B. Stærk sitt fokus som handlar om det kulturradikale fordomsregimet mot konservativ kristendom, så er det umulig at forsoningen er en-dimmensjonal. Like lite som inkarnasjonen går opp, like lite går forsoningen opp i teoretiske, vanntette modeller. Det hellige tretall er finne igjen i alle livets dimmensjoner, i guddommen, i mennesket, i musikken, i kunsten, ja det er påfallende hvor tre-dimmensjonalt hele livet er.

    Jeg underkjenner ikke viktig teologisk arbeid rundt grunnleggende spørsmål, men er det ikke slik at vi sirkulerer litt i forsoningens rom? At Jesus har overvunnet døden og satt oss fri fra den ondes herrevelde, ja det er sant. At Jesus har oppfyllt all lov, sonet all skyld og vi er frikjente forbrytere, ja det er sant. At Gud fra evighet ER kjærlighet og dør i solidaritet som det bare gjelder å åpne opp for, ja det og er sant.

    Men stakkars komponist som bare har én tone å lage treklanger med. Livets fantastiske kompleksistet har sitt opphav i tre farger.

    Det er ikke meningen å nedvurdere dypdykkene i forsoningens ulike mysterier. Noen ganger må en gjøre viktige studier i èn av fargene sin egenverdi og dens evne til å øke andre fargers kraft så vi til slutt står fjetret foran Guds herlighet.

  6. Kjære Magne, eg er heilt einig i det. I dei lågkyrkjelege krinsane eg har vanka i har eg nettopp opplevd forkynninga om forsoninga som eindimensjonal, medan det no har opna seg eit mykje større rom for meg. Samtidig må me vel gjerne ha eitt svar, ikkje tre, den dagen nokon spør oss kvifor i alle dagar Gud måtte bli menneske og så døy for å redda oss? Eg opplever at dette spørsmålet er det heilt sentrale i trua vår, og difor vel verd å snakka om.

  7. Eg las vel ein gong ein kommentar av Magnus Malm vedrørande spenninga mellom dogme og mystikk, lære og levd liv. Han sa noko slikt som at kyrkjefedrane hadde sett ut som spørjeteikn dersom dei hadde opplevd vår tids problematisering av dogme og levd liv, som om dei skulle stå i motsetnad til kvarandre. Joda, det finnast daud dogmetru og det finnast lettbeint eksistensialisme som lagar sine dogme ut frå sine svært korte perspektiver.

    Det religiøse mennesket er eit pussig vesen. Gjer vi trua enkel heiter det: Livet er ikkje sort-kvitt. Har vi utfordrande anfekting heiter det: Lat oss bli som born. Ja takk båe delane.

    Poenget mitt er å stadfeste det du seier Øystein, det finnast svar. Dessverre har mange spora av fordi det nettopp var slurva med skinnelegginga. Det er vel det som er nerven i Stærk sin gripande og autentiske forteljing. Han driver jo apologetikk på høgt plan, dvs. han evnar å forklare vår tids ideologiske metakommunikasjonen for vår tid, sjølv om han sikkert vil reservere seg mot å bli kalla apologet.

    Eg møter menneske som seier: Kvifor gjer du dette så vanskeleg? Er det ikkje nok med barnetrua? Det er vel berre å tru at Gud er nådig og god, er det ikkje?

    Jau, det er nettopp det eg trur. Nokon har lært meg det, at Gud er full av nåde og sanning. Nokon har kjempa dei store kampane for at eg nettopp skal få tru det enkle evangelium. Nokon måtte tålmodig mine hol i fjell og berg og sprenge trasear så vi andre kunne køyre på flate vegen til målet. Ein måtte døy for at vi ikkje skulle.

    Og du har heilt rett Øystein, kva svarar vi når vi vert utfordra på dette heilt sentrale, kvifor måtte han døy, Guds son?
    Peter meinte det var unødvendig og blei sett på plass prompte. Eg har aldri pretendert å forstå krossen si gåte. Men eg sirklar rundt han som noko umisteleg. Og i dette nu seier Herren: Også deg har eg dradd til meg, då eg vart lyft opp. Ja, ikkje berre du, men også alle dei som trur dette offer var heilt bortkasta. For det var det han sa: Når eg vert lyft opp skal eg dra ALLE til meg!

    Og Tomas seier: Min Herre og min Gud!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s