Korleis driva misjon i vestlege land

BBC-reporteren Peter France hadde i ei årrekkje eit ukentlig program som handla om religion. Ved eitt høve spurde han abbed Amphilichios i St. Johannes Evangelisten kloster på Patmos eit spørsmål. Reporteren skildra vår vestlege sekulærkultur som ei eiga stamme som har utvikla ei rekkje fordommar mot kristendommen:

«Me er ei moderne stamme som forkastar Kristendommen, ikkje fordi me har for lite kunnskap, men fordi me har for mykje. Me kjenner menneskesinnet, det bevisste og det ubevisste. Me kjenner til religiøs ekstase. Me finn dei filosofiske argumenta for Guds eksistens lite overtydande. Lingvistikk og arkeologi syner oss at Bibelen inneheld feil. Vitskapen syner at det ikkje finst noko behov for ein skapar. Me forkastar altså di «Sanning» på grunn av våre sanningar. Kva ville du sagt til oss dersom du skulle misjonera vår stamme?»

Abbeden smilte og sa: «Eg ville ikkje sagt noko til dykk. Eg ville ganske enkelt budd saman med dykk. Og eg ville elska dykk.»

Det er interessant å registrera at abbeden ikkje svarer med å avsløra dei feilaktige premissa om at vitskap strir mot tru. Han syner oss at måten å vinna ein kultur med mykje innebygd motstand mot kristendommen, ikkje først og fremst handlar om å avsløra det som er feil i sekularismens tankeverd (og her manglar det ikkje på ting å gripa fatt i). For dersom me ikkje demonstrerer kristendommen i praksis ved å elska Gud og våre medmenneske i handling, er det revnande likegyldig kva me seier.

Subdiakon Øystein Lid

P.S. Det høyrer med til historia at Peter France seinare gjekk frå å vera agnostikar til ortodoks kristen. Denne historia har han skrive ned i boka Spiritual Journey.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s