Tvillingtips

På denne første sundagen i advent slår eg to fluger i ein smekk, og gjev lesarane to gode tips. Den første er bloggen Monastisk, drive av Bjørn Olav Hansen. Den er kanskje den einaste i sitt slag i Noreg (men tidvis kan ein gjera eit unntak for den nordisk-katolske bloggen) med eit innhald som formidlar visdom frå ørkenfedrane og austkyrkja på ein jamleg basis. I den konteksten passar også neste års Granstemne inn, som i dag får behørig omtale på nemnde blogg.

Granstemnet finn stad 11. – 13. januar ved dei berømte tvillingkyrkjene på Hadeland. Årets tema er «engler, helgener og åndsmakter», så potensialet for spanande føredrag og samtalar i etterkant er stort. Føredragshaldarane Reidar Hvalvik, Joachim Grün og Eskil Skjeldal tek for seg Englar og demonar i NT og oldkyrkja, om å skjelna mellom ånder, samt populærkulturen og det åndelege. Her kan programmet lastast ned. Påmeldingsfristen er 15. desember.

Subdn. Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s