Påkristning

Dette kronikken skreiv fader Ottar i Dagen for eit par veker sidan (på grunn av stor arbeidsmengde har han ikkje nådd fram til bloggosfæren før no). Eit av temaa prosten vår tek opp er «frykten for det katolske» som er høgst reell den dag i Noreg. Som eit prov på det kom det kontant eit motinnlegg i Dagen få dagar seinare. Dersom Gud vil blir det meir å lesa frå den interessante replikkvekslinga på bloggen dei nærmaste dagane.

«Er det råd å snu ein avkristna kultur? Kristen misjon som skapte den europeiske kulturen, lever enno som spor i jord. Her må vi hente lærdom om vi vil evangelisere i våre post-kristne dagar. Er den åndelege lengten i samtida eit signal?

Både stats-lutherdom og 1800-tals vekkjings-kristendom har hatt si tid og har nok spelt ut si rolle. Folkevekkjing veks ikkje av eit hus så i strid med seg sjølv som den konfesjonelle protestantismen er idag.

Påkristning i vår kultur-situasjon må handle om minoritets-miljø med tydeleg identitet og kall til å evangelisere både menneske og kulturen. Slik kristne minoritetsgrupper voks fram i oldkyrkja. Ei truverdig kyrkje må ivareta kristendomen sine tre grunn-element: det intellektuelle, det mystiske og det institusjonelle. Di meir vi forråder kristne sanningar, tørkar ut gudstenestene i snusfornuftige filter og sviktar dei som søkjer den gode fellesskapen, di mindre truverdig vert trua.

Eit stort hinder som må overvinnast, er frykta for det katolske her i landet. Vi har kome mange steg vidare siste åra. T.d. avisa Dagen går ikkje av vegen for å trykke fengande oppslag om fargerike katolske biskopar som forsvarar klassisk kristendom. Men det katolske utfordrar.

Sjølve ordet er gresk og står for heilskapen, det alle truande held for rett og sant. Ikkje for eit spesielt kyrkjesamfunn, men som kvalitetsstempel på den kristne Kyrkja. Etter trusvedkjenninga er kyrkja éi, heilag, apostolisk og – nettopp katolsk. Det motsette er individualistisk. Det katolske dreg ihop, det motsette sår splid. Det katolske er for alle, det motsette berre for meg.

I vår tid er det ikkje minst nyreligiøse retningar som utfordrar det katolske med forkynning av frelse i eit utvida «bevissthetsliv». Teknikkar av psyko-somatisk slag frå meditasjon til ulike helselærer skal få fram denne frelsa innanfrå. Vegen ut er vegen inn, heiter det, vegen til medvit om guddomsgnisten i sitt indre.
Vi menneske treng endra medvit, men på ein heilt annan måte. Etter katolsk tru er ikkje dilemmaet at vi har ignorert guddomsgnisten i oss, men vi har gjort opprør mot den Heilage. Problemet er i oss, svaret må kome utanfrå.
Det er éin måte å møte denne samtida på: Med ei kyrkje som underviser, rettleier og lever katolsk. Så vi igjen kan gjere vårt folkeslag til læresveinar, døype dei og lære dei å halde alt Han har bode oss. Og sjå, Han er med oss alle dagar, så lenge verda står.

Ottar Mikael Myrseth, prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Advertisements

One response to “Påkristning

  1. From the English translation: «After the Catholic faith is not the dilemma that we have ignored deity spark in us, but we have rebelled against the Holy. The problem is in us, the answer must come from outside.»

    Yes, the answer is without (but also within: God the Holy Spirit is «everywhere present and fills all things» and while in our fallen state the Divine Likeness in which we are created is marred, we always remain in the Divine Image and therefore, experience God, however faintly, from within as well as from without (and in this, the context of the Church as ikon of the Trinity which mediates the Divine Life to us is absolutely essential).

    Rebelled? Not so much in the first instance. Our first parents, primordial humanity, were SEDUCED by the evil one, who is the actual rebel. Our «rebellion» is always secondary to being held hostage to that rebel by the fear of death. See Hebrews 2:14-15.

    Excellent point about the necessity of keeping the intellectual, the mystical, and the institutional together.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s