Ver ikkje sjølvhjelpen

Dersom det er mi oppgåve å få noko gjort, føretrekk eg å gjera det i samsvar med kva min neste rår meg til. Sjølv om eg ikkje er einig og det går gale. Heller det enn å vera sjølvhjelpen og få det til riktig.

Ein av Dorotheos av Gaza (500-talet) sine 21 maksimer.

Øystein Lid

Advertisements

10 responses to “Ver ikkje sjølvhjelpen

  1. Den syntes meg vanskelig å fordøye. På grensen til å handle mot sin samvittighet.

  2. Eg synest Dorotheus sin tankegang passar godt inn i nytestamentleg tankegang – av oss som det blir forventa at me skal gjengjelda vondt med godt, be for dei som forfølgjer oss, og elska dei som hatar oss. I forhold til det er det vel ein smal sak å la vår neste få rett?

    Ja, ein finn slikt også med reine ord i Bibelen:
    «Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker mot kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett?» skriv Paulus til korintarane.

    Bibelen er jo full av ord om å underordna oss kvarandre, vera audmjuke, tolmodige og fredsskapande. Kvar gong me ber fadervår, ber me om at Guds vilje må skje – ikkje vår vilje.

    «Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging. For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv.», står det i romarbrevet.

    Me veit alle at det finst gonger når me må «lyda Gud meir enn menneske» – men oftare må me ta val der ikkje så store ting står på spel. Eg trur Gud gjev oss ein streng sjef eller ein kranglevoren nabo, ikkje for at me skal læra oss å vinna over dei med verdslege framgangsmåtar, men for å læra oss å vera audmjuke.

    Eg trur me menneske har lett for å bli lurt til å tru at det viktigaste er å få jobben gjort grundig og godt. Men Dorotheus opnar opp for Guds rikes perspektiv; det er viktigare å læra seg å vera audmjuk, som er ei av åndens frukter.

    I Peters første brev les me det same, (lettare modernisert språkdrakt) «De arbeidstakarar skal vera underordna sjefane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.»

  3. Dersom eg har som vane å utføre ei bestemt arbeidsoppgåve med tilfredsstillande resultat på mitt vis, og det så kjem ein og fortel meg at eg må løyse oppgåva på ein annan måte, då vil eg verte usikker og forvirra og ikkje skjøne kva hensikta er… Dersom andre er avhengig av at eg gjer det eg skal på ein grundig og rask måte, må eg berre tilstå at eg vil ignorere vekommande og halde fram på mitt vis…

    Eg fryktar at personar med maktbegjær kan utnytta eit slikt tankesett…

  4. Personar med maktbegjær finst dessverre i alle leirar, kan eg fortelja om. Men eg trur ikkje det løyser dette eller noko anna problem å gå rundt og vera mistenksam til alt og alle. Det ein kan vera ganske sikker på er at me kan ikkje forandra alle andre, med dei syndene og problema dei måtte bala med, me kan berre forandra oss sjølve. Når det gjeld kva andre personar måtte ha av karakterbristar, seier skrifta overlat saka til Gud.

    «De tenestefolk skal vera underordna herrane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg. For det er godt om nokon finn seg i ufortent liding fordi samvitet er bunde til Gud. Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge. Det var dette de vart kalla til.
    For Kristus leid for dykk
    og gav dykk eit førebilete,
    så de skulle følgja i hans fotspor.

    Han gjorde inga synd,
    og det fanst ikkje svik i hans munn.

    Han svara ikkje med hån når han vart hånt,
    han truga ikkje når han leid,
    men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.

    Og så kan ein jo spørja om du finn noko bibelsk belegg for å ignorera velmeinte råd?

  5. Eg tek ikkje på meg finne bibelsk belegg for å ignorere velmeinte råd, men råd som ikkje er framsette i god meining eller uforståelege i mi livsstode eller arbeidssituasjon, kan eg ikkje sjå at det er ei dyd å bøye seg for eller følgje. Og om eg opp gjennom mine leveår hadde følgd råd som eg oppfatta som dårlege og misvisande, hadde eg lete meg kaste hit og dit og vore usjølvstendig og kua… Det må vere lov å bruke den vesle forstanden eg er utrusta med…

  6. Eg trur individualismen i vår tid er eit problem som ørkenvisdommen (og bibelen) har eit svar på – eit radikalt svar, men den radikale individualismen krev kanskje så sterk lut. Individualismen handlar meir om kva eg meiner, kva eg vil, kva eg meiner er rett, enn kva kyrkja og bibelen meiner og har meint. Bibelen lagar ein visjon av menneske knytt saman i fellesskap, som skal støtta kvarandre, bera kvarandre sine byrder, stola på kvarandre, og vera audmjuke.

    Dorotheus av Gaza, syner oss ein veg ut av haldninga om å vera seg sjølv nok. Det handlar om vera ein del av eit fellesskap av menneske som elskar kvarandre. Som elskar Gud og andre menneske. Ein del av prosessen med å bli meir lik Kristus handlar om viljen vår. Å leggja ned viljen vår til fordel for Guds vilje, slik Kristus som var lydig i alle ting. Korleis skal ein kunna øva seg på det, dersom ein alltid insisterer på å gjera ting på sin eigen måte? Sjeldan høyrer me Guds stemme som ei høyrbar røyst, men oftare høyrer me ho gjennom våre medmenneske og gjennom prestar og biskopar.

    Når det er sagt så skal ein også tenkja sjølv – og berre godta det som samsvarer med kjærleiken og Guds ord. Men i eit praktisk gjeremål, som Dorotheus snakkar om, er det snarare ei kjærleg handling å la den andre få rett, enn å vera betrevitar. Det er kjærleiken som er poenget, meir enn at jobben blir gjort akkurat slik eg ønskjer. Mang ei arbeidskonflikt kunne vore unngått på den måten.

  7. Og mange arbeidskonflikter har oppstått fordi den som var mest eigna til ei oppgåve, vart hindra i å utføre arbeidet på ein tilfredsstillande måte grunna nokre som trudde dei visste betre og skulle gjere arbeidssituasjonen så mykje enklare…

    Dessutan er mi erfaring at dei som talar mest om audmjukskap og underordning, er dei som praktiserer det minst…

  8. Ein ting til: Vi må ikkje forveksle det å vere feig og unnfallande, underdanig og likesæl med det å vere audmjuk. Blind lydnad og sjølvutsletting er ikkje det same som audmjukskap. Og ved å sjå på og følgje Jesus kan vi lære skilnaden…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s