(Frå venstre: Subdiakon Albert Magnus Sterner, subdiakon Joakim Benedikt Widell, biskop Roald Nikolai, diakon Petrus Michael Catenacci (administrator) og prest Matteus Maria Furemalm)
No har Den nordisk-katolske kyrkja for alvor kome i gang med arbeid i Sverige. Bispevisitasen i Gudsmoderns Beskydds forsamling i Stockholm sist helg markerte starten på regelmessig gudstenestefeiring i vårt kjære naboland.
Lektor (kyrkjelesar) Joakim Benedikt Widell blei vigd til subdiakon, og har fått i oppdrag å førebu eit Nordisk-katolsk nærvær i ein annan by i Sverige – Västerås (ein by nesten på storleik med Stavanger).
Våre svenske sysken melder om ei rekkje interesserte, og dei ventar seg ein intensiv haust med undervisning og krismering av nye medlemmer. Me ønskjer lukke til med arbeidet!
Her i Noreg blei den epokegjerande hendinga i Sverige bemerka med heilsides oppslag i den kristne dagsavisa Dagen, som hadde samarbeidd med den svenske avisa Världen IDag om saka:
Trykk på biletet for å sjå faksimile frå Dagen i større format.