Olsok

Sidan Gulatingslova på 900-talet hadde vi som tradisjon her i landet at «Kristus er den fremste i lovene våre». Under den kulturen låg tanken om at samfunnet er ei ordning oppretta av Gud til beste for folket. Difor må Kristi vilje gjelde i samfunnet. Idag skurrar slik tale i mange øyre.

Opplysningstida bygde på at samfunnet ikkje er ei gudsordning, men ei kontrakt mellom menneska som bur der. Kontrakta er det opp til oss å utforme etter beste skjøn. Det la grunnlaget for eit sedskifte med nye verdi-målestokkar: Ny verdi for mennesket, ny målestokk for framgang, ny rangordning i samfunnet, ny verdisetjing av arbeid og tid, ny forståing av privat og offentleg, nye syn på kjønnsroller, for å nemne litt.

Heilag-Olav var største symbolberaren for den gamle kristne kulturen. På Stiklestad vart han martyr for den Kvite-krist han kjempa for.

I vår tid har mange reagert med angst når dei siste kristne formålsparagrafane er blitt fjerna. Ekteskapslova kutta banda til det klassiske kristne ekteskapssynet. Og botnen vart teken ut av den kristne grunnlova. Er vi her vitne til det siste store åtaket på det kristne samfunnet?

Både samfunnet og Stortinget har i vår tid plukka fruktene av det moderne sed-skiftet. Når det ikkje lenger inngår i samfunns-kontrakta at skuleborn skal oppsedast i kristen tru, er det meiningslaust med kristen skule-formålsparagraf. Når folk rundt kjøkkenborda ikkje lenger faldar hendene og set si lit til himmelen, vil det snart verke hult med ein nasjonalsong om at «norske mann i hus og hytte« skal takke Gud. Og berre vent, når folket ikkje lenger ynskjer Kvite-krist sitt verdisett, vert det  heller ikkje meining i å heise flagget med krossmerket.

Vi ynskjer ikkje at samfunnet skal styrast av eit sjia-presteskap. Vår oppgåve er å vitne om og leve etter den openberra Gudsviljen. Det samfunnet som vel menneskefornuft framfor Guds fornuft, må sjøl ta ansvaret for sine val. Det er ikkje vår oppgåve å tvinge nokon.

Vi har fått Heilag-Olav og Kvite-krist som førebilete. I det lyset feirar vi olsok. Om jorda skal bli den ‘himlajorden’ ho er tenkt til å vere, må vi øvast i  Jesu perspektiv. Som Jesus, så Heilag-Olav, så vi.

Advertisements

One response to “Olsok

  1. Hjertelig takk for denne betraktning fr.Ottar. Du treffer midt i blinken. Dessverre er det nettopp slik det forholder seg , og vi konstaterer det med bedrøvelse i våre hjerter. Vi kan gjerne bruke noen av Jesu ord om Jerusalem og si: » Norge om du dog i dag ville vende deg til det som tjener til din fred, men du vil ikke.»

    Allikevel skal vi som Guds folk feire Olsok i visshet om at lyset som skinner i mørket aldri skal miste sin kraft. Må Herren miskunne seg over oss så vi rett og sant kan formidle dette.

    Velsignet Olsok !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s