(Foto: katolsk.no)
Oppdatert: Les også pater Haram si siste preik, publisert av Vårt Land.
Ein tydeleg talsmann har tagna. Dødsbodet kom uventa søndag ettermiddag om at Arnfinn Haram (63) døydde av hjarteinfarkt på sykkeltur i Nordmarka. Tapet er stort for både Den romersk-katolske kyrkja og for alle som gjerne lytta til denne fascinerande formidlaren.
Medrekna dei åra han tenestegjorde i Den norske kyrkja, har han gjort teneste som prest i 33 år. For 12 år sidan konverterte han til Rom, og dei fire siste har han vore leiar for dominikanar-klosteret St Dominikus i Oslo.
Slektsrøtene hadde han frå Arnfinn-garden ytst på Haramsøya og frå Stranda. Han gløymde aldri sitt sunnmørske opphav og vende trottig attende til fjøresteinane, fjordane og fjella. Som son av ein kunstmålar fekk han tidleg øvd opp kvalitetssansen for det vakre og det sanne. Han hadde eit vake blikk for det som heldt mål og kritisk sans for det lettbeinte og overflatiske.
Arnfinn etterlet seg ei mengd artiklar som avslører djuptloddande innsikt i både menneskesinnet, samtidskulturen og dei guddomelege sanningar. Redaktøren i Klassekampen heidra han på 60-årsdagen med omtale som ein av avisa sine meste spennande og kontroversielle skribentar, som formidlar av «Ånden i en åndløs tid».
Stor poetisk evne har han vist gjennom bidrag i fleire salmebøker. Mange er dikta som dukka opp på bloggen hans siste åra. Truleg enno fleire finst berre i heimearkivet. Váre naturskildringar, ærlege meditasjonar og djupe refleksjonar. Siste innlegget kom rett før helga, ein artikkel i avisa Klassekampen om den gamaltestamentlege personen Job som lik oss kjempar med Gud, kjærleiken, hatet, tapa, lengslene, sorga, døden og meininga for å vinne sitt sanne menneskeverd og sjølvrespekt:
«Jobs ulukke var meir enn sjølve tapet av alt som er godt i livet. Han kjende seg krenkt, som ein kasteball i Den allmektiges hand. Han heldt fast på sin integritet og hevda sin rett. Kvar dag må mennesket reise seg og kjempe mot si eiga fornedring. Når det er som mørkast, ser vi det best. I natta blir dagen til.»
Siste åra har han arbeidd med ei avhandling om den engelske kardinalen, poeten og teologen John Henry Newman, kjend m.a. som forfattaren til «Lei, milde ljos».
Sidan gymnasdagane har Arnfinn vore ein dugande songar, som solist med ei rad kor frå Sunnmøre kristelege mannskor til Det norske solistkor og Domkantoriet i Oslo. Som liturg evna han å lyfte kyrkjelyden heilt inn i dei himmelske føregardar.
Arnfinn hadde ei rastlaus sjel som stendig søkte djupare erkjenningar og nye utfordringar. Som munk var han mest heile tida på farten. Dagleg har den personlege bloggen hans formidla preiker, meditasjonar, føredrag, reiseskildringar og refleksjonar. Han sykla Sunnmøre rundt og blogga frå naustdører og buss-haldeplassar. Han sprang Sunnmørsfjella opp og ned. Han mediterte ved storhavet og skreiv dikt i tog-kupéen. Frå landsende til landsende og frå alle kantar av Europa kom blogg-innlegga.
Tallause er dei glimt inn i himmelriket han formidla. Dei vil lenge inspirere. Ein salme forma som meditasjon over barnet i krubba julenatta, avsluttar han slik:
«Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!»
Gud kalla presten, songaren, forfattaren og tenkjaren Arnfinn Haram heim til større oppdrag. Og kven veit, ustoppeleg som han var, vil han sikkert gi lyd frå seg der heime og truleg kunne utrette meir enn nokon gong.
Kvil i fred, broder Arnfinn Andreas.
Fader Ottar Mikael Myrseth. Nekrologen står også på trykk i lokalavisa Haramsnytt.
Nyhendet om broder Harams bortgang er også registrert i dei fleste nyheitsmedier. Vårt Land har eit intervju med Ingebrigt Austnes. Johannes Kleppa sitt minneord, og Jon Magne Lund sitt minneord. Pastor Bjørn Olav Hansen sine ord blei sitert av Bergens Tidende. Apologet Bjørn Are Davidsen skriv om sitt møte med broder Arnfinn, og linkar til den avdøydde sine siste ord på eigen blogg, som treffande handla om Jobs bok og det meiningslause. Kommentarane til hans siste innlegg tek til å bli mange. I ein av dei får me vita at noko av det siste broder Arnfinn gjorde var å feira messe for Kristi Lekam og Blod i St. Dominikus Kirke i Oslo.
Eit fint minneord om ein god mann. Eg saknar han.
mvh Marie