Sta. Sunniva kyrkjeblad for juli

I denne utgåva av kyrkjebladet blir lesarane inviterte med på gudstenestefeiring mellom fjord og sjø i eit utandørs kapell i Midthordland. Last ned her!

Øystein Lid

Advertisements

Nye biskoper valgt i PNCC


Biskop elect Bernard Nowicki og Biskop elect Stanley Bilinski.

Ved en særlig innkalt synode i Scranton sist fredag, valgte PNCC to nye biskoper – Fr. Stanley Bilinski, sogneprest i Ohio, «Western Diocese» – og Fr. Bernard Nowicki, sogneprest i New Jersey, «Central Diocese». Bilinski er også fremste leder av PNCCs ungdomsarbeid, og begge er medlemmer av PNCCs liturgiske komité.

Valget kom imidlertid til å få konsekvenser for tre bispedømmer, idet erkebiskop Anthony Mikovsky har utpekt biskopen av «Central Diocese», John Mack, til å etterfølge biskop Thaddeus i Buffalo/Pittsburg-bispedømmet, hvor Mack har gjort mesteparten av sin prestetjeneste. Fr. Stanley Bilinski skal til Chicago og overta bispestolen i sitt eget bispedømme, mens Fr. Bernard Nowicki skal overta etter biskop John Mack i «Central Diocese».

Konsekrasjonen av de to nye biskopene vil finne sted fredag den 14. september – Høytiden for korsets opphøyelse – i St. Stanislaus Biskop og Martyr-katedralen i Scranton. Biskop Roald Nikolai vil delta ved konsekrasjonen.

Menneskehetens enhet og Guds familie

Ønsket om menneskelig fellesskap stikker dypt i oss. I det nære kan det gis oss som familie, vennekrets eller ulike former for kameratskap. I det fjerne blir det straks vanskeligere. Den sosiale enhet kan da være gitt i kraft av maktbruk eller på basis av ideologiske fremtidsvisjoner. Romerriket ville samle folkeslagene rundt keiseren og hans armé. Opplysningsfilosofene ville opprette et fornuftens verdensherredømme. Islam søker å forene alle i profetens teokratiske visjoner. I den vestlige kultur skal menneskerettighetene legge det moralske grunnlag for en felles humanitet. Det kristne alternativ er å gjøre gjeldende menneskehetens enhet som en Guds gave i Kristi kors. Korsdøden forsoner ikke bare Gud og det falne mennesket, men den binder også menneskeheten sammen i et nådens fellesskap.

Jesus er selv opphavsmannen til dette tenkesett, da han under inntoget i Jerusalem omtalte den forestående korsfestelse med å si: «Når jeg blir løftet opp fra jorden, skal jeg dra alle til meg.» (Joh 12:32). Utsagnet markerer korstreets tvetydighet som galge og tronstol, idet den lidende Messias her fullbyrder sin kongsgjerning (Joh 19:19ff). Samtidig hører vi gjenklangen fra Det gamle testamente. Danielsprofetien omtaler «et tre som stod midt på jorden… Treet var stort og kraftig. Det var så høyt at toppen nådde helt til himmelen og det var synlig til jordens ende.» (Dan 4:11). Likeledes oppfylles Esaias-profetiens løfte om Jerusalems herlige fremtid: «Løft dine øyne og se deg omkring. De samler seg alle og kommer til deg. Dine sønner kommer langt borte fra. Dine døtre blir båret på armen.» (Es 60:4).

Hvem er så alle disse som her dras inn i frelsesverket? I den johannéiske teksten nevnes i det foregående ikke bare Jerusalems innbyggere, men også at Jesus for tilreisende grekere forkynner frelsen i korsdøden (Joh 12:20ff). I det følgende leser vi så at Jesus som sin siste handling før han utåndet på korset, stiftet et nytt fellesskap bestående av hans egen familie og apostelkretsen (19:25f, jfr Ap gj 1:13f).

Paulus omtaler dette fellesskap som den «Guds menighet som han vant seg ved sitt eget blod» (Ap gj 20:28), idet han forklarer at Gud på korset skapte «et nytt menneske» av jøder og grekere (Ef 2:15ff). Som konsekvens av dette inndeler Paulus nå menneskeheten i tre hoved grupper – jøder, grekere og Guds kirke (1 Kor 10:32).

Den kristne kirke utgjør altså «tertium humanum», for å bruke Augustins terminologi. I boken «Om Guds stad» fremholder han det kristne fellesskap som motstykket til det romerske imperium og dets voldsbruk, samtidig som han avviser drømmen om at en tilstand av varig fred vil kunne realiseres i denne verdens samfunnsdannelser. I syndefallets verden fremstår korstreet som menneskehetens enhetspunkt og nåden som vårt enhetsbånd. Frem til dommens dag, skriver Augustin, er Guds rike til stede i den falne verden kun som «en skygge», men ikke desto mindre kan «det himmelske Jerusalem» foregripes i Guds kirke som allerede idag er «samlet fra alle folk» og «spredt over hele verden».

Biskop Roald Nikolai Flemestad. Innlegget står også på trykk i Dagen under spalten «Kulturnotat».

Pater Arnfinn Andreas Haram

Fader Arnfinn Haram
(Foto: katolsk.no)

Oppdatert: Les også pater Haram si siste preik, publisert av Vårt Land.

Ein tydeleg talsmann har tagna. Dødsbodet kom uventa søndag ettermiddag om at Arnfinn Haram (63) døydde av hjarteinfarkt på sykkeltur i Nordmarka. Tapet er stort for både Den romersk-katolske kyrkja og for alle som gjerne lytta til denne fascinerande formidlaren.

Medrekna dei åra han tenestegjorde i Den norske kyrkja, har han gjort teneste som prest i 33 år. For 12 år sidan konverterte han til Rom, og dei fire siste har han vore leiar for dominikanar-klosteret St Dominikus i Oslo.

Slektsrøtene hadde han frå Arnfinn-garden ytst på Haramsøya og frå Stranda. Han gløymde aldri sitt sunnmørske opphav og vende trottig attende til fjøresteinane, fjordane og fjella. Som son av ein kunstmålar fekk han tidleg øvd opp kvalitetssansen for det vakre og det sanne. Han hadde eit vake blikk for det som heldt mål og kritisk sans for det lettbeinte og overflatiske.

Arnfinn etterlet seg ei mengd artiklar som avslører djuptloddande innsikt i både menneskesinnet, samtidskulturen og dei guddomelege sanningar. Redaktøren i Klassekampen heidra han på 60-årsdagen med omtale som ein av avisa sine meste spennande og kontroversielle skribentar, som formidlar av «Ånden i en åndløs tid».

Stor poetisk evne har han vist gjennom bidrag i fleire salmebøker. Mange er dikta som dukka opp på bloggen hans siste åra. Truleg enno fleire finst berre i heimearkivet. Váre naturskildringar, ærlege meditasjonar og djupe refleksjonar. Siste innlegget kom rett før helga, ein artikkel i avisa Klassekampen om den gamaltestamentlege personen Job som lik oss kjempar med Gud, kjærleiken, hatet, tapa, lengslene, sorga, døden og meininga for å vinne sitt sanne menneskeverd og sjølvrespekt:

«Jobs ulukke var meir enn sjølve tapet av alt som er godt i livet. Han kjende seg krenkt, som ein kasteball i Den allmektiges hand. Han heldt fast på sin integritet og hevda sin rett. Kvar dag må mennesket reise seg og kjempe mot si eiga fornedring. Når det er som mørkast, ser vi det best. I natta blir dagen til.»

Siste åra har han arbeidd med ei avhandling om den engelske kardinalen, poeten og teologen John Henry Newman, kjend m.a. som forfattaren til «Lei, milde ljos».

Sidan gymnasdagane har Arnfinn vore ein dugande songar, som solist med ei rad kor frå Sunnmøre kristelege mannskor til Det norske solistkor og Domkantoriet i Oslo. Som liturg evna han å lyfte kyrkjelyden heilt inn i dei himmelske føregardar.

Arnfinn hadde ei rastlaus sjel som stendig søkte djupare erkjenningar og nye utfordringar. Som munk var han mest heile tida på farten. Dagleg har den personlege bloggen hans formidla preiker, meditasjonar, føredrag, reiseskildringar og refleksjonar. Han sykla Sunnmøre rundt og blogga frå naustdører og buss-haldeplassar. Han sprang Sunnmørsfjella opp og ned. Han mediterte ved storhavet og skreiv dikt i tog-kupéen. Frå landsende til landsende og frå alle kantar av Europa kom blogg-innlegga.

Tallause er dei glimt inn i himmelriket han formidla. Dei vil lenge inspirere. Ein salme forma som meditasjon over barnet i krubba julenatta, avsluttar han slik:

«Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!»

Gud kalla presten, songaren, forfattaren og tenkjaren Arnfinn Haram heim til større oppdrag. Og kven veit, ustoppeleg som han var, vil han sikkert gi lyd frå seg der heime og truleg kunne utrette meir enn nokon gong.

Kvil i fred, broder Arnfinn Andreas.

Fader Ottar Mikael Myrseth. Nekrologen står også på trykk i lokalavisa Haramsnytt.

Nyhendet om broder Harams bortgang er også registrert i dei fleste nyheitsmedier. Vårt Land har eit intervju med Ingebrigt Austnes. Johannes Kleppa sitt minneord, og Jon Magne Lund sitt minneord. Pastor Bjørn Olav Hansen sine ord blei sitert av Bergens Tidende. Apologet Bjørn Are Davidsen skriv om sitt møte med broder Arnfinn, og linkar til den avdøydde sine siste ord på eigen blogg, som treffande handla om Jobs bok og det meiningslause. Kommentarane til hans siste innlegg tek til å bli mange. I ein av dei får me vita at noko av det siste broder Arnfinn gjorde var å feira messe for Kristi Lekam og Blod i St. Dominikus Kirke i Oslo.

Eit merkeleg ord av Paulus

Eg spurde ein gong professoren min, Serge Verkhovskoy, om denne merkelege setninga som Paulus kjem med i Kolossarbrevet 1, 24: «No gler eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.»

«Korleis kan heilage Paulus seia noko slikt? At eg utfyller det som manglar i Kristi lidingar med min kropp? Eg trudde alt var fullbrakt på krossen!», sa eg. Professoren min svarte: «Ja, min kjære, det er heilt rett – alt er fullkome og ferdig og gjort.» Og så fortsatte han: «Bortsett frå ein ting. Det same må skje i deg også. Du må døy med han. Dersom ikkje det skjer i deg, er du ikkje frelst.»

Fader Thomas Hopko