Strakstiltak mot vonde tankar

Når me blir fylte av vonde tankar, bør me få inn mellom dei påkallinga av vår Herre Jesus Kristus. Då skal me få sjå, slik erfaringa har lært oss, at dei vonde tankane forsvinn umiddelbart, som røyk i lufta.

Heilage Hesychios presten (Filokalia)

Advertisements

Sta. Sunniva kyrkjeblad for mai

Teksten i kyrkjebladet denne gongen er skrive av ein av dei tidlegaste kyrkjefedrane våre, biskop Kyprian av Kartago på 200-talet, ein høgt utdanna afrikanar som konverterte til kristendommen og levte radikalt for Kristus resten av livet. Han var leiar for mange biskopar i Nord-Afrika. Ein av tekstane me har bevart etter han handlar om Fadervår, som me gjengir eit utdrag frå i denne utgåva av Sta. Sunniva kyrkjeblad. LAST NED HER.

Kyprian skriv både om innhaldet i sjølve bøna, og korleis ein bør be. Ein ting som slår meg er kor ortodoks (eller katolsk) han er i det han skriv – eit tilbakevendande tankekors for dei av oss som har vore protestantar eller karismatikarar. Me innbilte oss (i alle fall gjorde eg det) at vår måte å praktisera kristentrua på var den som var mest i tråd med det opphavlege: Uforfalska nytestamentleg kristendom i ei moderne tid. Men Kyprian skriv om tidebøner, messeofferet, og han refererer til fleire av dei faste ledda i nattverdsliturgien (I menigheten eg før tilhøyrte var me overtydde om at i urkyrkja var det berre fri bøn som blei nytta). Han skriv også om faste og bønevaker, kristne tradisjonar me i Den nordisk-katolske kyrkja prøver å gjenoppliva. Han set også dei «apokryfiske» bøkene på same linje som dei andre bøkene i Bibelen. Mange av desse katolske elementa eg no har nemnt trudde eg før tidlegast sneik seg inn i kyrkja etter at keisar Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion i romarriket. Men Kyprian av Kartago levde i god tid før dette, og leid då også martyrdøden fordi han nekta å ofra til dei romerske gudane.

Temaet i utdraget handlar om fleire ting, men ein raud tråd er kor viktig det er å gjera godt – dei som gjer godt blir bønhøyrt. Jakob skriv at «ein rettferdig manns bøn er verksam og utrettar mykje». Me blei gjort rettferdige av Kristus i dåpen, og no skal me leva rettferdige liv slik han gjev oss styrke til gjennom sin nåde.

God lesnad – og vonar å sjå flest mogleg på pinsestemnet!

Øystein Lid