Falsk og ekte pinsekristendom

Pinsevener eller den karismatiske rørsla er i dag rekna for å vera den nest-største forma for kristendom i verda med mellom 500 og 700 millionar tilhengarar. Somme snakkar om at kristenheiten går mot ei polarisering: På den eine sida vil dei tradisjonelle og eldste kyrkjene (katolske og ortodokse) veksa, og pinsekristendommen vil veksa på den andre sida. I mellomspennet vil kanskje fråfallet berre tilta.

Som tidlegare medlem av ein karismatisk menighet ser eg både kva som var positivt og kva som er negativt med den karismatiske rørsla. Ho er fødd ut av eit ønske om å erfara Gud, ikkje berre prøva å forstå han rasjonelt. I utgangspunktet er det bra. Men det er også det som er bevegelsens store problem: I eit ønske om å erfara mest mogleg stiller ho alle åndelege dører på vidt gap: Ein er så glad og open for alt som kjem av visjonar, bilete, mirakel-historiar, og profetiar – at ein gløymer å tenkja over om kor lett det er å bli lurt? Mange har i ettertid funne at dei var lette offer for menneske med andre føremål enn dei reint åndelege, og kanskje til og med lette bytte for forføraren.

Hadde me berre kjent til heilage Silouan (1866 – 1938) sine åtvaringar:
«Dersom du ser eit lys inni deg, eller rundt deg – tru ikkje på det dersom du ikkje saman med dette kjenner sterk kjærleik til Gud og til din neste. Ver ikkje redd, og ver audmjuk, så vil lyset forsvinna. Dersom du ser ein visjon, eller eit bilete, eller ein draum – tru ikkje på det. For viss det er frå Herren, vil Herren læra deg. Sjela som ikkje har erfart Den Heilage Ande kan ikkje forstå visjonar, og heller ikkje kvar dei kjem frå. Fienden kan gje sjela gode kjensler blanda med forfengelegheit – med andre ord hovmot (eit oppblåst sjølvbilete eller grandiose tankar om eigen viktigheit, min merknad). Dersom ein visjon kjem frå fienden vil ein audmjuk person kanskje bli forvirra og redd – for han kjenner seg ikkje verdig til å få ein visjon. Men ein hovmodig person kjenner ikkje frykt eller forvirring, for han søkjer visjonar og kjenner seg verdig, og som resultat blir han lett lurt av fienden.»

Eg lurar på kor mange visjonar, bilete, profetiar og mirakelhistoriar som eigentleg berre var falskneri?

Men for dei som sverjar til det reint rasjonelle har Silouan også ei åtvaring, på same side:

«Det himmelske kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande, og det jordiske gjennom sinnet. Den som ønsker å erfara Gud med sinnet gjennom vitenskap (learning) er hovmodig. For Gud kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande». Fortsatt god pinse!

Øystein Lid

Advertisements

One response to “Falsk og ekte pinsekristendom

  1. Kjære Øystein!
    God pinse til deg også – og stor takk for så vel sitatet som din analyse!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s