Falsk og ekte pinsekristendom

Pinsevener eller den karismatiske rørsla er i dag rekna for å vera den nest-største forma for kristendom i verda med mellom 500 og 700 millionar tilhengarar. Somme snakkar om at kristenheiten går mot ei polarisering: På den eine sida vil dei tradisjonelle og eldste kyrkjene (katolske og ortodokse) veksa, og pinsekristendommen vil veksa på den andre sida. I mellomspennet vil kanskje fråfallet berre tilta.

Som tidlegare medlem av ein karismatisk menighet ser eg både kva som var positivt og kva som er negativt med den karismatiske rørsla. Ho er fødd ut av eit ønske om å erfara Gud, ikkje berre prøva å forstå han rasjonelt. I utgangspunktet er det bra. Men det er også det som er bevegelsens store problem: I eit ønske om å erfara mest mogleg stiller ho alle åndelege dører på vidt gap: Ein er så glad og open for alt som kjem av visjonar, bilete, mirakel-historiar, og profetiar – at ein gløymer å tenkja over om kor lett det er å bli lurt? Mange har i ettertid funne at dei var lette offer for menneske med andre føremål enn dei reint åndelege, og kanskje til og med lette bytte for forføraren.

Hadde me berre kjent til heilage Silouan (1866 – 1938) sine åtvaringar:
«Dersom du ser eit lys inni deg, eller rundt deg – tru ikkje på det dersom du ikkje saman med dette kjenner sterk kjærleik til Gud og til din neste. Ver ikkje redd, og ver audmjuk, så vil lyset forsvinna. Dersom du ser ein visjon, eller eit bilete, eller ein draum – tru ikkje på det. For viss det er frå Herren, vil Herren læra deg. Sjela som ikkje har erfart Den Heilage Ande kan ikkje forstå visjonar, og heller ikkje kvar dei kjem frå. Fienden kan gje sjela gode kjensler blanda med forfengelegheit – med andre ord hovmot (eit oppblåst sjølvbilete eller grandiose tankar om eigen viktigheit, min merknad). Dersom ein visjon kjem frå fienden vil ein audmjuk person kanskje bli forvirra og redd – for han kjenner seg ikkje verdig til å få ein visjon. Men ein hovmodig person kjenner ikkje frykt eller forvirring, for han søkjer visjonar og kjenner seg verdig, og som resultat blir han lett lurt av fienden.»

Eg lurar på kor mange visjonar, bilete, profetiar og mirakelhistoriar som eigentleg berre var falskneri?

Men for dei som sverjar til det reint rasjonelle har Silouan også ei åtvaring, på same side:

«Det himmelske kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande, og det jordiske gjennom sinnet. Den som ønsker å erfara Gud med sinnet gjennom vitenskap (learning) er hovmodig. For Gud kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande». Fortsatt god pinse!

Øystein Lid

Pinsestemne i Ålesund

Det nordisk-katolske pinsestemnet i Ålesund blei avslutta med messe i St. Olav kyrkje i dag. Som ein kan sjå av biletet har stemnet i høgste grad involvert borna i gudstenestefeiringane og bønene. Fyldig dekning av stemnet kan ein truleg venta seg i diverse kanalar – mellom anna Sta. Sunniva kyrkjeblad som kjem på fredag. Men no vil me berre seia takk til vertskapet i St. Olav misjon og til alle som var med å gjera stemnet så bra for både vaksne og born! Vår dotter greier ikkje venta til neste NKK-stemne, Olsokstemnet i Trondheim i slutten av juli…

Oss kosmopolitter imellom

Hva binder menneskeheten sammen? Skulle man ironisere, kunne man si at limet er fenomener som IKEA og Facebook. IKEA er ikke bare en verdensomspennende virksomhet, men også Oslos største turistattraksjon ifølge antall årlig besøkende. Likeledes er Facebook et globalt medium for personlige betroelser til utallige adressater. Slik kan man se for seg en situasjon hvor digitale media og standardisert kommers uniformerer menneskeheten i kraft av antall brukere på tvers av landegrensene. Ovenstående analyse av globaliseringen er muligens et fantasifullt fremtidsscenario, men konturene er der.

Røttene til denne utvikling finner vi hos opplysningsfilosofene. For snart tre hundre år siden ville Rousseau skape en ny rasjonell samfunnsordning som skulle legge grunnlaget for fremskritt og lykke. Hvis fornuften får styre, mente han, vil den vise oss hvordan virkeligheten skal kunne ordnes i pakt med våre ønskemål. Men for at dette skal kunne skje, må fornuften være fri til å ordne virkeligheten på sine egne premisser. Som følge av dette forkastes familiens og kirkesamfunnenes innflytelse på samfunnslivet. Familien fordi den bygger den sosiale ordning på biologiske bånd, og kirkesamfunnene fordi gudstroen forplikter mennesket på en guddommelig autoritet hinsides fornuftens analytiske mulighet. Den lykke som tidligere var lovet fra himmelen, kan imidlertid mennesket gi seg selv ved å inngå i et fellesskap av fornuftsvesener.

Kant tydeliggjør dette «Prinzip der Menschheit» med forestillingen om «verdensborgeren», kosmopolitten som frigjør seg fra sin egen kulturelle identitet for så fordomsfritt å bidra til en rasjonell verdensordning som omfatter hele menneskeheten. Politisk virksomhet fremstår da som et moralsk prosjekt for å samordne det fornuftige og det naturlige i en høyere etisk harmoni. Derved skapes et livsrom som kan bringe lykke og frihet til enkeltmennesket såvel som til menneskeheten.

Idag er det vanskelig å se at tilliten til fornuftens samfunnsformende evne har vist seg berettiget. Det moderne samfunn bygger hverken på naturlige ordninger eller fornuftsbaserte fellesskap, men består av kombinatoriske interessesammenslutninger, hvor individer ut fra nyttehensyn søker sammen i ulike relasjonsnettverk. Til tross for retorikken finnes det intet fellesskapsbånd som harmonisk holder «det hele» sammen.

Individets møte med denne «tilværelsens uutholdelige letthet» får nødvendigvis også religiøse konsekvenser. Etter frivillig å ha oppgitt sin kulturelle identitet har «verdensborgeren» også tapt fornuften som rettesnor. Rotløs står kosmopolitten uten holdepunkter for å bedømme ulike religiøse utrykk. Alt er like gyldig og derfor likegyldig. De historiske religioners «sannhet» måles på konsumentsamfunnets premisser, dvs. det er antallet «brukere» som angir den respekt som tilkommer den enkelte religion. Dette lover ikke godt for kristendommen i et sekularisert Europa. I globaliseringens tidsalder blir utfordringen for oss som kristne energisk å håndheve kristentroens egenart i møtet med samtidskulturens ensrettingsmekanismer.

Biskop Roald Nikolai Flemestad. Innlegget står også på trykk i biskopens faste spalte i Dagen.

Ei tradisjonell oppdraging

Om du oppdrar barna i et tradisjonelt hjem og lærer dem gode åndelige verdier, trenger du ikke fortelle dem at de ikke skal bidra til å ødelegge jorda. Da skjønner de det selv.

Høvding Franois Paulette som på vegner av Dene Suhine-stammen denne veka var i Noreg for å prøva å få Statoil til å slutta med den sterkt ureinande verksemda å trekkja olje ut av oljesand i Canada.

Snakk alltid sant

Elsk sanninga. Lat ingenting anna enn sanninga sleppa over leppene, slik at alle kan sjå at ånda Gud let bu i deg er sannferdig. Og Herren, som bur i deg, vil bli herleggjort – for Herren snakkar alltid sant. I kvart ord er han sannferdig, og i Han finst det ikkje noko falskt. Dei som lyg, fornektar Herren. Dei stjel frå Han når dei ikkje gjev tilbake til Han depositumet som dei har motteke. For dei mottok ei ånd utan noko falskt.

Frå «Hyrden» av Hermas, skrive rundt år 140. Boka var så populær i oldkyrkja at ho blei av mange sett som ein del av Skrifta. Den greske Bibelen Sta. Katharina-klosteret hadde, kjent som Codex Sinaiticus, inkluderer såleis boka etter Johannes Openberring.

Eit oldkyrkjeleg råd til forkynnarar

Om dei som underviser andre i livsførsel og såleis formar karakteren deira, spør eg: Må ikkje læraren sjølv leva etter prinsippa han held fram? Dersom han ikkje gjer det, blir læra hans gjort til ingenting. Studentane hans vil svara han slik:

“Eg kan ikkje praktisera det du lærer – det er umogleg. Du forbyr meg å bli sint. Du forbyr meg å begjæra. Du forbyr meg å lysta. Og du forbyr meg å frykta smerte og død. Dette er mot naturen. Alle levande skapningar er underlagt desse kjenslene. Dersom du er så overtydd om at det er mogleg å leva på tvers av desse naturlege impulsane, så lat meg først sjå at du praktiserer desse tinga som du lærer bort.”

Korleis kan læraren ta bort denne unnskyldninga frå dei som blir styrt av sjølv-viljen, med mindre han lærer dei ved eksempelets makt? Då kan dei sjå med deira eigne auger at det han lærer er truverdig. Dette er grunnen til at ingen lever etter filosofane si lære. Menneska føretrekk eksempel meir enn ord, fordi det er enkelt å prata – men vanskeleg å handla.

Lactantius (ca. 250 – 325)

Innlegg i Morgenbladet

Kristopher Schau og Anders Behring Breivik er einige i påstanden «Kristendommen er en krigsmaskin». Som katolikk og pasifist skjer ei slik utsegn meg i hjarta. Eg tenkjer på kva mine ubevæpna brør og systre i trua som blei drepne av romerske keisarar dei første hundreåra etter Kristus ville tenkja om ein slik påstand. Eg vil gjerne opplysa Kristopher Schau om at det var forbode for medlemmer av den tidlege kristne kyrkja å drepa – uavhengig av om ein var soldat eller ikkje.

Det Schau og Breivik ser som ei krigsmaskin, fostra ein kristen biskop ved namn Basilios av Caesarea (330–379). Han starta eit omfattande sosialt arbeid, som mellom anna inkluderte eit fattighus og eit sjukehus. Dette sosiale arbeidet har kyrkja drive både før Basilios og heilt fram til vår tid. I ei preik seier Basilios følgjande: «Jakka som du vaktar i eit låst skåp tilhøyrer den nakne. Skoa som råtnar i skåpet ditt tilhøyrer den barføtte. Sølvet du har gøymt på ein trygg stad tilhøyrer den trengande. Difor, så mange som du kunne ha hjelpt, så mange har du synda mot.» Ikkje akkurat krigshissing?

Det stemmer at enkelte menneske, som Anders Behring Breivik, har brukt kristendommen som påskot til å drepa og føra krig. På same måte som andre har brukt buddhisme, islam og ateisme til same føremål. Men det er ikkje religionen som er problemet, men det forferdelege og djupt menneskelege begjæret etter vald.

Den kristne forfattaren, Aleksandr Solsjenitsyn, sat i Gulag-fangeleir under det ateistiske regimet i Sovjetunionen. Han uttrykte seg slik: «Dersom det var så enkelt at berre vonde menneske gjorde vondskapsfulle gjerningar, kunne ein ganske enkelt separera dei frå resten av oss og øydeleggja dei. Men delelinja mellom godt og vondt går tvers gjennom hjarta på kvart enkelt menneske.»

Tankefeilen Kristopher Schau i dette tilfellet deler med Anders Behring Breivik er trangen til å skapa eit fiendebilde – plassera rota til alt vondt hjå ein bestemt religion. Den kristne trua seier i staden at ein skal sjå bjelken i sitt eige auga, før ein kan peika på feil hjå andre. Dersom Kristopher Schau tek dette inn over seg får han ein tanke mindre til felles med Anders Behring Breivik. Det er ikkje så reint lite, berre det.

Øystein Lid. Innlegget står også på trykk i dagens utgåve av Morgenbladet. Kan også lesast på nettsida.

Sta. Sunniva kyrkjeblad for mai

Teksten i kyrkjebladet denne gongen er skrive av ein av dei tidlegaste kyrkjefedrane våre, biskop Kyprian av Kartago på 200-talet, ein høgt utdanna afrikanar som konverterte til kristendommen og levte radikalt for Kristus resten av livet. Han var leiar for mange biskopar i Nord-Afrika. Ein av tekstane me har bevart etter han handlar om Fadervår, som me gjengir eit utdrag frå i denne utgåva av Sta. Sunniva kyrkjeblad. LAST NED HER.

Kyprian skriv både om innhaldet i sjølve bøna, og korleis ein bør be. Ein ting som slår meg er kor ortodoks (eller katolsk) han er i det han skriv – eit tilbakevendande tankekors for dei av oss som har vore protestantar eller karismatikarar. Me innbilte oss (i alle fall gjorde eg det) at vår måte å praktisera kristentrua på var den som var mest i tråd med det opphavlege: Uforfalska nytestamentleg kristendom i ei moderne tid. Men Kyprian skriv om tidebøner, messeofferet, og han refererer til fleire av dei faste ledda i nattverdsliturgien (I menigheten eg før tilhøyrte var me overtydde om at i urkyrkja var det berre fri bøn som blei nytta). Han skriv også om faste og bønevaker, kristne tradisjonar me i Den nordisk-katolske kyrkja prøver å gjenoppliva. Han set også dei «apokryfiske» bøkene på same linje som dei andre bøkene i Bibelen. Mange av desse katolske elementa eg no har nemnt trudde eg før tidlegast sneik seg inn i kyrkja etter at keisar Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion i romarriket. Men Kyprian av Kartago levde i god tid før dette, og leid då også martyrdøden fordi han nekta å ofra til dei romerske gudane.

Temaet i utdraget handlar om fleire ting, men ein raud tråd er kor viktig det er å gjera godt – dei som gjer godt blir bønhøyrt. Jakob skriv at «ein rettferdig manns bøn er verksam og utrettar mykje». Me blei gjort rettferdige av Kristus i dåpen, og no skal me leva rettferdige liv slik han gjev oss styrke til gjennom sin nåde.

God lesnad – og vonar å sjå flest mogleg på pinsestemnet!

Øystein Lid