Omvending – slik urkyrkja praktiserte det

Ei utfordring eg stundom kjenner på er at dei ”kristne” orda har litt ulik tyding alt etter om ein snakkar med ein pinseven, indremisjonsmann, ein høgkyrkjeleg protestant, ein katolikk eller ein ortodoks. Eit ord som omvending tydde i dei karismatiske krinsane eg før høyrde til gjerne ”den eingongs-hendinga der du gav ditt liv til Jesus”, ofte akkompagnert av ein dato – 17. Juni 1974, for eksempel.

Men no er eg fullt overtydd om at dersom ein vil ha del i den sannaste forma for kristendom, må ein prøva å gjera si eiga tenkinga mest mogleg lik dei fyrste kristne sine tenkjemåtar. Ja, me har vel Bibelen til å læra oss dei, seier du kanskje? Og det er sant, men me har også mange tusen ulike kyrkjesamfunn som alle meiner nettopp dei har forstått Bibelen – til forskjell frå alle andre. Men vil ein forstå Bibelen, må ein forstå han slik urkyrkja gjorde. For ikkje noko profetord er gitt for eiga tyding, som apostelen Peter skriv. Skrifta må me forstå saman med alle dei heilage si forståing.

Boka eg held på med, gjev ei sjeldan god samanfatting av kva urkyrkja lærte om heilt sentrale kristne omgrep som synd, omvending, nåde – men ho gjer det på ein måte ”i forbifarten” – for boka handlar tilsynelatande om noko anna med tittelen: ”Path to sanity – Lessons from Ancient holy counselors on how to have a sound mind” av Dee Penock. For somme høyrest det kanskje ut som ei slags sjølvhjelpsbok, men det ville vera å ikkje yta boka rettferd. Kanskje temaet i boka best kan skildrast med ordet ”helging” (helliggjørelse, altså). Eg har aldri før lese ei bok så full av sitat frå tidlege kristne teologar, ørkenbuarar og kyrkjefedrar. Her er eit sitat om omvending – ikkje ei eingongs-hending, men ein livslang prosess:

Kvar vil den Heilage Ande leia oss? Rett inn i omvendinga, som er vegen til all sanning, lækjedom, å ta til å likna på Gud, himmelens rike. Kva er omvending? Det er alt du gjer for å få synd – dei medfødde lastene – ut av deg. Det er å lesa, tenkja, be og luka ut forstyrrande påverknader i livet ditt, slik dei heilage har rådd oss til. Som ein heilag rådgjevar sa det: Omvending er forsakinga av det som skadar oss og tileigninga av det som er nyttig for oss.

På engelsk:
Where is the Holy Spirit going to lead us? Directly into repentance, which is the way to all trhuth, healing, likeness to God, the kingdom of heaven. What is repentance? It’s everything you do to get sin, those inborn passions, out of you. It’s readin, thinking, praying, weeding out disruptive influences in you life, following the guidance of the saints. As one holy counselor expresses it, repentance is the renunciation of what harm sus and the acquisition of what is beneficial to us.

Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s