Historisk steg for Dnkk i Tyskland

Etableringa av ein bispestol i Den nordisk-katolske kyrkja har i høgste grad skapt ein ny dynamikk. I tillegg til alt det gledelege som skjer i Sverige, er no det fyrste viktige steg tatt i arbeidet med å etablera «Die Administratur der Nordisch-Katholischen Kirche in Deutschland».

Formell oppstart
I helga var biskop Roald Nikolai og bispefrua til stades i München for å formalisera oppstarten. Stiftingsseremonien fant stad i Trinitatiskyrkja i München, som den evangelisk-lutherske frikyrkja SELK stilte til disposisjon. I samband med messefeiringa blei dei formelle dokumenta underteikna og tre prestar blei inkardinert.

Innsetjing av generalvikar
Innsetjing av generalvikar Klaus Mass

Den gamalkatolske presten Klaus Mass er generalvikar og administrator for administraturet som skal heite «Die Christ-Katolische Kirche in Deutschland» etter kvart som arbeidet står på eigne bein. Etter messa mottok ein helsingar frå den lokale SELK-menigheten, Den reformerte Episkopalkyrkja i Tyskland (anglikanarar under ACNA) og frå PNCC i Polen.

Biskopen si rolle
Biskop Roald Nikolai fører tilsyn med kyrkja i Tyskland til den er stor og stabil nok til å stå på eigne bein.
– Nå begynner arbeidet for alvor. Den interesse og entusiasme vi har hatt så langt må vi ta med oss når vi nå går over i hverdagen. Utfordringen består i å få mennesker som ikke kjente hverandre på forhånd, til å finne sammen i et levende, åndelig fellesskap i Tyskland, seier biskopen.

To kyrkjelydar og eitt kloster
I München og Stuttgart har nok personar meldt si interesse til å oppretta to kyrkjelydar. I tillegg er cistercienser-klosteret St. Severin i Kaufbeuren, Bayern, med samtlege munkar gått inn i administraturet. Klosteret markerte sundag sin grunnleggingsdag fra 1700-tallet, og helga var valt for å markere at St. Severin-klosteret har spelt ei sentral rolle i startfasen.
Biskopen kjem også til å reisa ned til Tyskland ved fleire høve framover – først den siste helga i september, då ein har planlagt diakonvigslar og ein prestordinasjon.

Katolsk presseomtale
Etableringa av administraturet har fått merksemd i ein del tyske kristne media, spesielt det katolske pressekontoret KNA gav hendinga positiv omtale. Det romersk-katolske pressekontoret si nyheitsmelding blei vidareformidla av Radio Vaticana, og dessutan behørig kommentert av den kristne bloggosfæren i Tyskland.

Menigheten
Kyrkjelyden samla i Trinitatis-kyrkja i München.

Messefeiring i klosteret
Messefeiring i St. Severin-klosteret.

Nokre fleire bilete kan ein sjå her.

Øystein Lid

Advertisements

One response to “Historisk steg for Dnkk i Tyskland

  1. Tilbakeping: The Nordic Catholic Church in Germany | As the sun in its orb·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s