Langfredag, markert som på 300-talet

Under langfredagsliturgien i dag hyllar me Kristi kross. På 300-talet reiste ei fransk kvinne ved namn Egeria til kyrkja i Jerusalem, og me kan lesa at krosshyllinga var fast praksis på langfredag også for 1700 år sidan – berre at dei i Jerusalem på den tida framleis hadde delar av den ekte krossen – som blei oppbevart i eit sølvskrin. Egeria skildrar korleis Jerusalem-kyrkjelyden samlast kvar dag i den stille veka, med lange messer, faste og bøn. Langfredag skildrar ho slik:

«Når folket samlar seg framføre krossen har dagslyset vakse i styrke. Evangelieteksten som handlar om Jesus framføre Pilatus, blir lesen. Etterpå snakkar biskopen til folket, trøystar dei sidan dei har slite heile natta, og skal slita seg gjennom dagen også. Han formanar dei om å ikkje trøytna, men ha håp til Gud, som vil gje dei ein desto større belønning etter slitet. Etter å ha oppmuntra dei så godt han kan, seier han: «No må kvar og ein av dykk gå til husa dykkar, setja dykk ned ei stund, slik at alle er klare igjen her like før den andre timen av dagen, altså frå då av og fram til sjette time. Då kan de få sjå det heilage treet frå krossen, og kvar av oss trur at det vil vera til gagn for vår frelse. Frå den sjette timen må me alle samlast her att, framføre krossen, slik at me kan bruka tida på å lesa og å be fram til det blir natt.

Etter dette, når velsigninga er sagt, ved krossen, før soloppgang, går alle med iver til Sion, for å be der Herren blei piska. Når det kjem tilbake, sit dei ei stund i husa. Så er alle klare. Ein stol blir passert for biskopen på Golgatha, bak krossen. Biskopen sit seg i stolen, og eit bord tildekkt av lintøy blir plassert framføre han. Diakonane står rundt bordet, og ein sølvdekkt skrin blir sett fram. I det ligg den heilage Krossen. Skrinet blir opna, og treverket blir teke fram og lagt på bordet. Den sitjande biskopen held den heilage krossen fast med båe hendene, medan diakonane står vakt rundt. Det blir vakta slik, fordi både medlemmer og katekumener kjem fram, bøyer seg ned og kyssar det. Og fordi det ein gong skjedde at ein person beit av ein bit av treverket og stjal det. Diakonane vaktar det så det ikkje skal skje igjen. Alle folka passerer – ein etter ein – bøyer seg, kyssar krossen og går vidare. Men ingen legg hendene sine på det. Etter at dei har kyssa krossen, og passert, held ein diakon opp Salomos ring, og salvingshornet kongane blei salva med. Dei kysser også hornet og ser på ringen. (…)

Når det sjette timen er komen, går dei framføre krossen om det så er regn eller sterk varme. Staden er under open himmel, og ei stor folkemengde samlar seg på den open plassen mellom krossen og Oppstandelseskyrkja. Det er så mange som samlar seg at det ikkje går an å pressa seg fram. Biskopen sin stol er plassert framføre krossen, og frå den sjette til niande timen er det ingenting anna som skjer enn lesing. Først blir salmar som omtalar Jesu liding lesne. Deretter lesning frå apostlane, om det så er frå breva eller frå Apostelgjerningane, kvar gong dei seier noko om Herrens liding. Deretter frå evangelietekstane. Profetordna om at Herren måtte lida blir også lesne. Frå sjette til niande time er det lesing og hymnar, slik at det kan demonstrerast for alt folket at alt som blei forutsagt om Herrens liding er gått i oppfylling. I løpet av dei tre timane blir folket lært at ingenting fann stad som ikkje var forutsagt, og ingenting var forutsagt som ikkje blei oppfylt. Bøner som passar til dagen blir bedne med jamne mellomrom i løpet av liturgien.

Det er fanstastisk å sjå kor folket sørgar og viser kjensler i løpet av undervisninga og ved bønene. For det er ingen, liten eller stor, som på den dagen ikkje sørgar meir enn ein kan forstå – for at Herren måtte lida alt dette for oss.» (Frå Egerias reise)

(Eg ber om orsaking dersom det har snike seg feil inn i omsetjinga).

Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s