Flytt påskeferien!

Det er på tide å flytte påskeferien. Ferien øydelegg feiringa. Eg trur ikkje lenger på at kristne menneske greier stå imot sekulariseringa sitt enorme press. I Aftenposten i påskeferien avslørte både Oslo-ordførar og FrP-leiaren at dei ikkje var i stand til å gjere greie for kva som hende langfredag. Religionspluralismen har utvatna religionskunnskapen.

Eit signal om statusen for klassisk kristen praksis i vår tid, er også april-spøken i den kristelege avisa Vårt Land dette året. Påstanden var at Den norske kyrkja skulle kreve eit visst minimums-frammøte på gudstenester for å få tilgong til dåp i familien. Eit heller naturleg krav i ei intakt kyrkje kan altså gjerast til lått i ein sekularisert kontekst.

Presset frå sekulariseringa sigrar på alle frontar. Og ferien vinn over festen. Så lat LO ha påskeferien på eit tidspunkt dei får velge fritt og franko. Og lat kyrkjene invitere til påskefeiring utan ferie.

Ein kan lure på kvar denne sekulariseringa kjem ifrå. Mange meiner at folk er minst like åndelege idag som før. Bibelske namn er «in». Men den kristne felles gudsdyrkinga har tapt. Oppslutninga om kyrkjer og bedehus viser det tydeleg. Kristendomsundervisning set ikkje så tydelege spor etter seg lenger. Oppslutning har svikta også for idealistiske friviljuge organisasjonar, politiske parti og andre rørsler. Forpliktande frammøte fenger ikkje.

Er dette meir enn at 68-generasjonen har fått det som dei ville? Det er ikkje langt mellom dei som ein gong var idealistar og som idag lite merkar seg ut i den grå forbrukar-standen. Ideala rauk etter som velstanden voks. Tru lever nok framleis i lommer av samfunnet og i subkulturar. Men det er slutt på den tida at storsamfunnet vert halde oppe av kristen kulturpåverknad.

Eg let meg for eit par år sidan fascinere av ein amerikansk sosiolog som drog til Skandinavia for å undersøkje samanhengen mellom religion og velstand. Skandinavia må vere det næraste ein kan kome ein jordisk himmel for sekulære menneske, var utgangspunktet. Dei beste land i verda å bu i, er samstundes verdas mest sekulariserte. Høg levealder, gode helsetenester, økonomisk utjamning, miljøvern, likestilling, låg korrupsjon og høg utviklingshjelp. Og kyrkjemedlemar som reknar religionen som eit grunnleggjande ufarleg og uskuldig tiltak. Er det slik at livskvalitet er omvendt proporsjonal med kor sterk innflyting religionen har på samfunnet?

Sosiolog Phil Zuckerman meinte å kunne bevise det etter eit års studier i Danmark og Sverige. Rettnok meiner han at det er like vanskeleg å bevise at sekularisme alltid er bra og religion alltid dårleg for samfunnet, som motsett. Det er vel grense for kor mykje Gud skal få skulda for.

Men at sekularisering er eit av dei mest framtredande trekk i alle fall ved menneske, også kristne menneske, sin praksis i denne mest attraktive delen av verda, kan det vere liten tvil om. Ein ufarleg og uskuldig religion stiller alle seg likegyldig til. Ikkje nødvendig å kjempe imot. Ikkje noko å ta notis av, heller. Folk er ikkje imot og heller ikkje for. Slikt formar ikkje livet.

Sosiologen meiner å finne tre årsaker til dette: Årsak nr 1 er det han kallar ’late monopol’. Den kristne statskyrkja har så lenge dominert alt religiøst liv, lenge påtvunge og stadig statsstøtta og subsidiert denne. Kyrkja vert teken for gitt og vert ganske snart uviktig. Årsak nr 2 er at folk vert mindre religiøse di tryggare livet vert i eit samfunn. Noreg er rekna som verdas tryggaste (i alle fall før 22. juli 2011), med Danmark på tredjeplass og Sverige på sjuande. Årsak nr 3 er at religionen har tapt på at kvinnene her har erobra arbeidslivet i ei grad som er ukjend i dei fleste land. Dermed har heimane mist den krafta som har hatt aller mest å seie for å halde oppe det åndelege livet og tradere kristen tru.

«Samfunn utan Gud» kallar sosiologen treffande vår del av verda. Folk som har lågaste gudsteneste-deltaking i verda, liker likevel kyrkja si. Nesten ingen les i Bibelen, men likar han likevel. Dette kallar han ein «kognitiv dissonans» mellom tru og praksis. Det er vanskeleg å tru at slik schizofreni kan styrkje trua eller truslivet.

Slik kan ein framstille presset frå den sekulariserte livsstilen i eit velferdssamfunn der alt er muleg. Det er ikkje til å kimse av. Det er ikkje lenger slik at folk har det mest fredeleg i ferietider. Over alle feriar ligg i våre dagar ei sterk forventning om å tilpasse seg eit ferieliv. For somme er det hytte. For andre late dagar frikopla frå alt. For andre intenst familieliv som tek pusten frå alt anna. Ferie-modus går vanskelegare ihop med kristen høgtidsfeiring enn kvardagslivs-modus. Difor trengs ei omlegging i påska.

Skal vi makte å tradere klassisk kristen praksis i vår tid, treng vi fredelege laguner i det sekulariserte samfunnet. Kristne menneske treng å få utøve sin kult til tider og på stader der støyen frå det sekulære gruppepresset er minst merkbar. Det er til kvardags. Så eg er blitt for skilsmisse mellom påskeferien og påska.

Fader Ottar Mikael Myrseth, prest i Den nordisk-katolske Kyrkja. Innlegget stod også på trykk i Dagen, 28. mars 2012.

Advertisements

2 responses to “Flytt påskeferien!

  1. Anliggende støttes! Men da de sekulære neppe er i stand til å finne ut når slik ferie skal finne sted, må «kirken» kanskje bestemme seg for å hemmeligholde når påsken 2014 blir å feire – inntil skoleruten er lagt høsten 2012. Det offentlige er «livsavhengig» av kirkens kalender for å kunne gjennomføre fagbevegelsens haugevise med kristne «sekulær»fridager, tro det den som vil..

  2. Godt poeng! Siden fagbevegelsen ikke kommer til å flytte noe som helst, burde kanskje vi heller bli gammelkalendarister. Noe som jo er totalt uforståelig for de sekulære.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s