Flytt påskeferien!

Det er på tide å flytte påskeferien. Ferien øydelegg feiringa. Eg trur ikkje lenger på at kristne menneske greier stå imot sekulariseringa sitt enorme press. I Aftenposten i påskeferien avslørte både Oslo-ordførar og FrP-leiaren at dei ikkje var i stand til å gjere greie for kva som hende langfredag. Religionspluralismen har utvatna religionskunnskapen.

Eit signal om statusen for klassisk kristen praksis i vår tid, er også april-spøken i den kristelege avisa Vårt Land dette året. Påstanden var at Den norske kyrkja skulle kreve eit visst minimums-frammøte på gudstenester for å få tilgong til dåp i familien. Eit heller naturleg krav i ei intakt kyrkje kan altså gjerast til lått i ein sekularisert kontekst.

Presset frå sekulariseringa sigrar på alle frontar. Og ferien vinn over festen. Så lat LO ha påskeferien på eit tidspunkt dei får velge fritt og franko. Og lat kyrkjene invitere til påskefeiring utan ferie.

Ein kan lure på kvar denne sekulariseringa kjem ifrå. Mange meiner at folk er minst like åndelege idag som før. Bibelske namn er «in». Men den kristne felles gudsdyrkinga har tapt. Oppslutninga om kyrkjer og bedehus viser det tydeleg. Kristendomsundervisning set ikkje så tydelege spor etter seg lenger. Oppslutning har svikta også for idealistiske friviljuge organisasjonar, politiske parti og andre rørsler. Forpliktande frammøte fenger ikkje.

Er dette meir enn at 68-generasjonen har fått det som dei ville? Det er ikkje langt mellom dei som ein gong var idealistar og som idag lite merkar seg ut i den grå forbrukar-standen. Ideala rauk etter som velstanden voks. Tru lever nok framleis i lommer av samfunnet og i subkulturar. Men det er slutt på den tida at storsamfunnet vert halde oppe av kristen kulturpåverknad.

Eg let meg for eit par år sidan fascinere av ein amerikansk sosiolog som drog til Skandinavia for å undersøkje samanhengen mellom religion og velstand. Skandinavia må vere det næraste ein kan kome ein jordisk himmel for sekulære menneske, var utgangspunktet. Dei beste land i verda å bu i, er samstundes verdas mest sekulariserte. Høg levealder, gode helsetenester, økonomisk utjamning, miljøvern, likestilling, låg korrupsjon og høg utviklingshjelp. Og kyrkjemedlemar som reknar religionen som eit grunnleggjande ufarleg og uskuldig tiltak. Er det slik at livskvalitet er omvendt proporsjonal med kor sterk innflyting religionen har på samfunnet?

Sosiolog Phil Zuckerman meinte å kunne bevise det etter eit års studier i Danmark og Sverige. Rettnok meiner han at det er like vanskeleg å bevise at sekularisme alltid er bra og religion alltid dårleg for samfunnet, som motsett. Det er vel grense for kor mykje Gud skal få skulda for.

Men at sekularisering er eit av dei mest framtredande trekk i alle fall ved menneske, også kristne menneske, sin praksis i denne mest attraktive delen av verda, kan det vere liten tvil om. Ein ufarleg og uskuldig religion stiller alle seg likegyldig til. Ikkje nødvendig å kjempe imot. Ikkje noko å ta notis av, heller. Folk er ikkje imot og heller ikkje for. Slikt formar ikkje livet.

Sosiologen meiner å finne tre årsaker til dette: Årsak nr 1 er det han kallar ’late monopol’. Den kristne statskyrkja har så lenge dominert alt religiøst liv, lenge påtvunge og stadig statsstøtta og subsidiert denne. Kyrkja vert teken for gitt og vert ganske snart uviktig. Årsak nr 2 er at folk vert mindre religiøse di tryggare livet vert i eit samfunn. Noreg er rekna som verdas tryggaste (i alle fall før 22. juli 2011), med Danmark på tredjeplass og Sverige på sjuande. Årsak nr 3 er at religionen har tapt på at kvinnene her har erobra arbeidslivet i ei grad som er ukjend i dei fleste land. Dermed har heimane mist den krafta som har hatt aller mest å seie for å halde oppe det åndelege livet og tradere kristen tru.

«Samfunn utan Gud» kallar sosiologen treffande vår del av verda. Folk som har lågaste gudsteneste-deltaking i verda, liker likevel kyrkja si. Nesten ingen les i Bibelen, men likar han likevel. Dette kallar han ein «kognitiv dissonans» mellom tru og praksis. Det er vanskeleg å tru at slik schizofreni kan styrkje trua eller truslivet.

Slik kan ein framstille presset frå den sekulariserte livsstilen i eit velferdssamfunn der alt er muleg. Det er ikkje til å kimse av. Det er ikkje lenger slik at folk har det mest fredeleg i ferietider. Over alle feriar ligg i våre dagar ei sterk forventning om å tilpasse seg eit ferieliv. For somme er det hytte. For andre late dagar frikopla frå alt. For andre intenst familieliv som tek pusten frå alt anna. Ferie-modus går vanskelegare ihop med kristen høgtidsfeiring enn kvardagslivs-modus. Difor trengs ei omlegging i påska.

Skal vi makte å tradere klassisk kristen praksis i vår tid, treng vi fredelege laguner i det sekulariserte samfunnet. Kristne menneske treng å få utøve sin kult til tider og på stader der støyen frå det sekulære gruppepresset er minst merkbar. Det er til kvardags. Så eg er blitt for skilsmisse mellom påskeferien og påska.

Fader Ottar Mikael Myrseth, prest i Den nordisk-katolske Kyrkja. Innlegget stod også på trykk i Dagen, 28. mars 2012.

Støtt fastlegane sin reservasjonsrett!

Den nordisk-katolske kyrkja støtter heilhjerta fastlegane sin rett til å reservera seg mot å vera medskuldige til abort. Me ber bloggens lesarar om å stø denne kampen også, ved å klikka seg inn på denne underskriftskampanjen: http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=3886

HVA ER FORSONING?

Følelsen av skyld er en belastning som man kan komme ut av på ulik måte. Noen våger et oppgjør med seg selv; andre velger å fortrenge det man har gjort. Verre er det, hvis man har krenket andre på en måte som fører til løpende konflikt. Den annens vrede fremtvinger da spørsmålet om hvordan freden skal gjenvinnes. En forsoningsprosess tjener til gjenopprette balansen i den krenkedes forhold til krenkeren. På samme måte kan offer- og forsoningshandlinger sikre voldsmestring mellom individer og grupper, og derved legge grunnlaget for sosialt samkvem. I en slik høytidelig soningsprosess inngår gjerne religiøse riter som skal fjerne den forstyrrelse og ødeleggelse som krenkelsen har påført fellesskapet. Derved fremstår Gud som den ytterste garanten for fred og et ordnet samfunnsliv.

Men i Bibelen er soningstanken ikke bare en konsekvens av brudd på den gitte sosiale orden. Den krenkede er Gud selv og krenkelsen er noe mer enn en subjektiv følelse av skyld. Synd er ulydighet mot Gud og syndens sold er tap av samfunnet med Gud, leser vi i syndefallsberetningen. Veien tilbake hviler således i Guds eget initiativ, idet han i pakten instituerer en soningsordning. I Det gamle testamente skjer dette ved at øverstepresten på den store soningsdagen «visker vekk» folkets synder gjennom et sonoffer på soningstedet (3 Mos 3:16ff, 2 Mos 30:6ff). Tilsvarende karakteriseres Kristi kors i Det nye testamente som en soningsplate – «nådestolen». For ved Kristi blod gjenvinner synderen fellesskapet med Gud (Rom 3:25). På samme måte som ypperstepresten etter soningshandlingen hilste paktsfolket med «shalom», hilser den Oppstandne sin menighet med «Fred være med dere» (Joh 20:19).

Som fredsstiftende handling har soningen på én og samme tid personlige og sosiale konsekvenser. Det fellesskapet som opprettes, gjelder ikke bare den enkeltes gudsforhold. I forlikelsen med Gud virkeliggjøres nettopp den «Guds menighet som han (Kristus) vant seg ved sitt eget blod», forklarer Paulus (Ap gj 20:28). Den kristne kirke fremstår derved som et forsoningens fellesskap som ved evangeliet kaller menneskeslekten til fred og forsoning (2 Kor 7:18ff).

I dagens kirkeliv kan det synes som forsoningsperspektivet er erstattet av en individfokusert forkynnelse av typen «Gud har mer å gi». Den objektive forsoningen kan da forveksles med min subjektive opplevelse av å ha funnet indre fred i syndstilgivelsen. Derved tapes forståelsen av skyld som krenkelse av nesten og synden som ulydighet mot Gud. Følelsen av synd og skyld reduseres til et personlig problem som kan løses i terapeutiske samtaler av typen «Jeg er OK – Du er OK», for å sitere tittelen på en selvhjelpsbok som i min tid var pensum på Praktikum. Dette «for meg»-perspektiv kan lett bli forblindende i det store perspektiv. Siktemålet med det kristne liv blir individuell lykke, selvrealisering og personlig frihet, slik at ikke bare det kristne fellesskap, men Gud selv til slutt blir overflødig. Forsoningen gjenstår som menneskets forsoning med seg selv.

Biskop Roald Nikolai Flemestad. Innlegget står også på trykk i Dagen, torsdag 15. mars, i spalten «Kulturnotat».

Sokneprest i Sta. Sunniva

Ein stor dag for Den nordisk-katolske kyrkja i Bergen. Fader Roy-Olav Øien blei innsatt som sokneprest i Sta Sunniva kyrkje av biskop Roald Nikolai Flemestad. I same stund mottok me bodskapen om at diakon Svein Arne Tegland (nr. 2 frå venstre på biletet under) har takka ja til å bli andreprest hjå oss frå hausten av. Me gratulerer dei og takkar Gud for bønesvar.


Sokneprest Roy-Olav Øien, diakon Svein Arne Tegland, biskop Roald Nikolai Flemestad og diakon Ole Gregorios Moe. (Foto: Øystein Lid)

Fastemat = fast food?

Eg har merka meg at det ikkje er heilt enkelt å følgja dei gamle fastereglane. Spesielt ikkje med det kosthaldet vår vestlege kultur er prega av.

Dei som f.eks. prøver å følgja dei tidlegare tøffe ortodokse fastereglane, har no mange smutthol. Regelen er nemleg å unngå kjøt, fisk, mjølkeprodukt og olivenolje. Chips, brus, mørk sjokolade, vingummi og mange andre søtsaker inneheld ingen av desse ingrediensane, og kan altså etast med godt samvit gjennom heile fasten. Som mi gode kone påpeikte: «Dersom fastereglane hadde blitt skrive i dag hadde garantert sukker stått på fy-lista». Men dei ortodokse fastereglane er skrive i eit tid der overforbruk av raffinert sukker vel var eit temmeleg ukjent fenomen.

Ein annan gamal fasteregel er at i fasten skal ein unngå dyr mat. Denne regelen er også gjengitt av biskop Roald i ein faste-meditasjon. Liknande paradoks for oss moderne menneske er knytt til denne regelen. For kva er billig og kva er dyrt? På vår lokale fiskeforretning kjøpte eg nyleg filet av aure (ørret for dei dansk-talande) og måtte ut med 200 kroner for ein kilo. Så dersom eg skulle følgt den gamle fasteregelen bokstaveleg kunne norsk fastemat nummer 1 – fisk – ikkje stå på menyen.

Og kva er billig? F.eks. ferdiggrilla kylling, Grandiosa, Chips igjen, og MacDonalds-mat. Dette med å fasta var visst heilt overkommeleg, likevel.

På tide å skriva litt om på fastereglane? Det er herved fremja som sak til behandling på neste økumeniske konsil.

Øystein Lid

Vik bak meg, Satan!

Fra den tid begynte Jesus å gi sine disipler til kjenne at han skulde gå til Jerusalem og lide meget av de eldste og yppersteprestene og de skriftlærde, og slåes ihjel, og opstå på den tredje dag.22 Da tok Peter ham til side og begynte å irettesette ham og sa: Gud fri dig, Herre! dette må ingenlunde vederfares dig!23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føre meg til fall.

Hovedtemaet på første søndag i faste er kampen mot fristelsen, eller rettere sagt: mot Fristeren. Vi hører at Jesus utsettes for fristelse. I 1.rekkes tekst er det djevelen selv Jesus fristes av, Han tilbys all verdens rikdom og makt mot å falle ned og tilbe Satan. Men i dagens tekst er det Peter som frister Jesus. Eller er det det? Nei, han fristes av Satan selv. Peter er bare djevelens redskap.

Det første som står skrevet om djevelen i Bibelen – da vi møter ham i en slanges skikkelse i Edens have- det er at han er listig, listigere enn alle andre skapninger. Og noe av det listigste han kan gjøre er å komme i en venns skikkelse; velmenende og omsorgsfull, slik han her frister Jesus gjennom Peter.

Og det er i realiteten det samme han frister Jesus til som i ørkenen. I ørkenen ble Jesus tilbudt å herske over all verden. Her blir han fristet til ikke å gjennomføre den tunge gangen til jerusalem, til Golgata og til kors og død. Istedet skal han, hvis Peter får viljen sin, gå inn i den populære oppfatningen av Messias-rollen, bli en jordisk konge som befrir jødefolket fra fremmedåket og styrer landet til en timelig og jordisk lykke.

Men å bli en slik Messias vil føre Jesus til fall. Det var ikke Hans oppdrag å gjøre Israel til en stor , mektig og lykkelig stat. Nei, teksten i dag begynner med at Jesus MÅ gå til Jerusalem. Det er Hans oppgave – å gå til Jerusalem og la seg henge opp på et kors. Han måtte det, for å frelse deg og meg. Og det er intet annet enn det Satan vil hindre. Bibelen sier jo at djevelen er drapsmann fra begynnelsen av, og kommer bare for å stjele og myrde og ødelegge. Uten Jeus lydighet, ja lydighet til døden på korset, ville Satan oppnådd dette: å slavebinde oss og for alltid frata oss livet.

Så alvorlig er det som Peter frister Ham til. Derfor kaller Jesus Peter for Satan.

Tenk, han kaller Peter for Satan. Like før dette skjer, i samme kapitel, er det jo at Jesus spør disiplene hvem de tror Han er. Og Peter svarer «Du er Messias, den lovede Guds sønn».

Og Jesus roser Peter ved å kalle Ham en klippe.

Også nå, i dagens evangelium, blir Peter egentlig kalt en klippe. Men idag er han en klippe til fall. «Du vil føre meg til fall», sier Jesus.

Har Peter forandret seg siden bare noen vers tidligere? Nei. Peter er den samme. Han vil jo Jesu beste. Han sier jo «Herre! Dette må ingenlunde vederfares deg». Men samtidig som Peter ved dette viser sin hengivenhet, så viser han også at han ikke forstår Guds vilje. Og dette er en livsfarlig kombinasjon. Og det er ikke bare Peter som blir rammet av den. Også vi blir det. Å, vi er så hengivne til Jesus, å vi har Jesus så kjær, men samtidig tror vi, akkurat som Peter, at vi vet bedre enn Jesus.

Og kanskje er det nettopp derfor dette er første fastesøndags tekst. Mange kan spørre seg: hvorfor skal man pine og plage seg selv med for lite mat og gå sulten til sengs i fastetiden? Hva tjener Gud og mine medmennesker på det? Men Guds ord ber oss om å be og faste, og da skal ikke vi tro at vi vet bedre enn Guds ord og Kirken. For dette er kanskje den største fristelsen vi møter, ikke bare i fastetiden, men ellers i livet også, at vi tror vi kjenner Guds vilje bedre enn Gud selv. Så vi får, hvor ydmykende det enn kan være, identifisere oss med Peter og ta imot Jesu skarpe irettesettelse. Og vi skal fortsette som Peter; ta imot irettesettelsen men likevel følge Jesus på korsveien. For vi skal huske at til tross for Peters mange svakheter, så hadde Jesus utvalgt ham til å bli frelst og til å bli apostel. Akkurat slik som Han har utvalgt oss. Jesus elsket Peter og førte ham frem til det målet Han hadde satt for ham. Akkurat slik han elsker oss, akkurat slik Han har et mål for våre liv, nemlig at vi skal bli frelst og få være hos Ham i all evighet. Og Han sparte ikke noe i sin kamp for å oppnå dette, ikke engang sitt eget liv og dyrebare blod.

«Hvor Gud meg fører, er i tro og håp mitt hjerte stille; I meg hans egen kraft vil bo , Hva kan meg fra ham skille? Thi fatter jeg et trøstig mot, Guds vei den er dog alltid god, Ja visst; den aller beste»

Ære være Faderen og Sønnen og Den Hellige Ånd, som var, er og blir en sann Gud, fra evighet og til evighet. Amen!

(Preken første søndag i faste 2012, st. Justin martyr misjon i Trondheim)

Kor lenge skal ei preik vara?

Les Vårt Land sitt intervju med biskop Flemestad om saka.

Er det som Treskjegg i J.R.R. Tolkiens epos Ringenes Herre seier, at ein ikkje bør seia noko dersom det ikkje er verdt å bruka lang tid på å seia det? Eller er det tvert i mot best å vera kortfatta. Vår tid er jo prega av veldig mange ord, og kanskje folk er leie av alt pratet – ein del vil truleg heller erfara ein heilag røyndom gjennom alt i messa som er av Guds rike – heller enn å høyra lange og teoretiske utlegningar. Biskop Roald Nikolai Flemestad meiner i alle fall at 5 minutt er nok for å få sagt det ein vil i preika. Les saka i Vårt Land og køyr debatt!