Slik gjorde dei det i Nidaros

Frå Missale frå Nidaros

Er det nokon her som er god i latin?

In summis de beata virgine: Gloria in excelsis Deo. Et in terra pax hominibus bonæ voluntatis. Laudamus te. Benedicimus te. Adoramus te. Glorificamus te. Gratias agimus tibi propter magnam gloriam tuam. Domine Deus, Rex cælestis, Deus Pater omnipotens. Domine Fili unigenite, Iesu Christe. Spiritus et alme orphanorum paraclite. Domine Deus, Agnus Dei, Filius Patris. Primogenitus Marie virginis matris. Qui tollis peccata mundi, miserere nobis.

Dette er henta frå liturgien som blei nytta i Nidaros før reformasjonen. Det er ganske fantastisk kva ein kan finn på internett no til dags. Det vil seia, det er ikkje eg som brukar seine kveldar på å leita fram gamle liturgiar (ok, eg har faktisk gjort det av og til). Men linken til denne liturgien (er det eit betre ord enn liturgi å bruka her? Ordinarium?) fann eg hjå ein av den nordisk-katolske kyrkja sine vener – fader Anthony Chadwick, som skreiv om dette no i februar.

Fader Chadwick skriv at dette dreier seg om «norsk før-reformatorisk praksis, som eg er sikker på vil vera av stor intersse for biskop Roald Flemestad i den Nordisk-katolske kyrkja». Men heller ikkje fader Chadwick er den eigentlege opphavsmannen til teksten sitert innleiingsvis, men ein viss romersk-katolsk prest – fader Sean Finnegan. Han fann teksten på vår eigen digitale bokhylle, nasjonalbiblioteket sin database på nett som tilbyr meir enn 48.000 bøker gratis tilgjenegleg på internett. Deriblant før-reformatisk liturgi, tydelegvis.

Denne britiske presten, fader Sean Finnegan, har gjort teksten litt lettare tilgjengeleg, ved å transkribera han til rein tekst på sin blogg (herav kopien over). Gå til hans blogg for å lesa heile den latinske teksten. Men teksten er fortsatt på latin. Heldigvis har Google ei smart oppfinning som er kalla Google translate. Der kan ein kopiera den latinske teksten inn, og lesbar engelsk kjem ut på få sekund (latin til norsk går også, men omsetjinga ser ut til å ha gått via engelsk, og er altså vesentleg dårlegare). I alle fall kan ein no – med god hjelp av bloggande prestar, og google Translate, lesa kva prestar og diakonar sa og gjorde i Nidaros før reformasjonen.

Liturgien er veldig gjenkjennbar for oss nordiske-katolikkar vil eg seia, med mange kjente faste ledd. «Herre jeg er ikke verdig at du går inn under mitt tak, men si bare ett ord, så blir min sjel helbredet», kjenner ein for eksempel att. Andre ting ser det ut til at dei gjorde, men me ikkje gjer, og omvendt. For eksempel står det at før diakonen les evangeliet ber han følgjande (omtrentleg omsatt):

Gi meg å forkynna Herrens ord høgt og tydeleg, for å vera deg til behag, og måtte det føra til evig liv til alle de som høyrer og trur Guds ord – for ditt heilage namns skuld. Amen.

Og etter lesinga ber diakonen: Gjennom desse orda frå fredens heilage evangelium, måtte Herren tilgi alle våre brotsverk, og måtte det tena til fred for alle som høyrer og trur Guds ord.

Berre nokre få smakebitar på mange flotte bøner frå tida då gamletrua var på sitt mest levande i Noreg. Sjølve teksten skal vera frå 1519, men innhaldet vil eg tru eg mykje eldre. Eg forstår at det er ein viss diskusjon om denne liturgien (referert til som «Ordinary» av dei britiske prestane) syner mest slektskap til britisk eller romersk gudstenesteform. Fader Chadwick meiner slektskapet i akkurat denne liturgien er meir romersk enn britisk (sarum), men det overlet eg til meir kapable folk enn eg.

Frå Antiphonarium Nidrosiense

Øystein Lid

Advertisements

One response to “Slik gjorde dei det i Nidaros

  1. Er ikke helt sikker på, om I ønsker en oversættelse, men jeg er flink til latin, så hvis I behøver en oversættelse, så sig til,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s