Tysk kloster knyter seg til Den nordisk-katolske kyrkja

Sundag 22. januar signerte abbed Klaus Schlapps ved det tyske cistercienser-klosteret St. Severin i Kaufbeuren, Allgäu i Bayern, ein avtale om å knyta seg til Den nordisk-katolske kyrkja. Indirekte blir klosteret dermed også medlem i Scranton-unionen. Unionen består idag av PNCC og DNKK, som saman har forplikta seg på Scranton-erklæringa og den gamalkatolske trua. Til stades var også PNCC sin Ecumenical Officer, fader Robert Nemkovich Jr.
– Kva er bakgrunnen for at eit tysk kloster knyter seg til vår kyrkje?
– Klosteret har brote med den gamalkatolske kyrkja i Tysland på grunn av liberaliseringa der, som mellom anna har ført til kvinnelege prestar. Dei tok dermed kontakt med oss, seier biskop Roald Nikolai Flemestad, som signerte dokumenta på vegne av vår kyrkje.

Abbed Klaus Schlapps og biskop Roald
Abbed Klaus Schlapps og biskop Roald.

Han fortel at alt for 2 og eit halvt år sidan vitja han klosteret saman med fader Ottar Myrseth.
– Me skjønte fort at dette klosteret var i naud og ville derfor stilla opp for å hjelpa. Sidan har det handla om å få til ein avtale som kan fungere i praksis. Me kan ikkje berre ha eit kloster forbunde med oss i «luftlinje». Me må også vera der for å hjelpa til med å byggja opp eitt miljø. Vår sjølvforståing er at me skal tene som fødselshjelparar, seier biskopen.

Formelt startar arbeidet opp i april i år, men alt no har 20 personar skriftleg meldt seg inn for å stifte ei forsamling. Frå klosteret er det tre prestar som har signalisert sin overgang, i tillegg til prestar frå den tyske gamalkatolske kyrkja. Planen er at dei 20 etter kvart vil få ein eigen kyrkjelyd i München. Etter kvart som arbeidet står på eigne bein vil kyrkja få namnet «Christkatolische Kirche in Deutschland». Mellombels heiter det «Administratur der Nordisch-Katholischen Kirche in Deutschland».

Sidan prestane alt er ordinerte som gamalkatolske prestar er det ikkje noko behov for reordinasjon, men berre ein såkalla inkardinasjon.
– Det tyder at dei må anerkjenna læredokumenta våre skriftleg – Scranton-erklæringa og Road to Unity – samt avleggja ein eid som svarer til våre ordinasjonslovnader, forklarer biskopen.

Ifølgje biskopen er klosteret eit godt døme på situasjonen for fleire kyrkjer i Europa. DNKK og Scranton-unionen prøver å vera eit fast haldepunkt i eit kaotisk klima.
– Den opprinnelege gamalkatolske kyrkja er i indre oppløysing, og lutherdommen er blitt noko heilt anna. I denne situasjonen er det fleire som er på utkikk etter ein ny samanheng. Den stabiliteten som Scranton-unionen representerer er difor et interessant alternativ for dei som søkjer ein ny heim, avsluttar biskop Flemestad.

Fleire bilete kan sjåast på klosteret si heimeside.

Advertisements

One response to “Tysk kloster knyter seg til Den nordisk-katolske kyrkja

  1. Tilbakeping: Fr. Franciskus Urban Admitted to the Novitiate in the Order of Port Royal » Nordic Catholic Church·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s