Fellesskap og ein himmelsk fødselsdag

Det er lett at ein kan kjenna seg liten. Våre fellesskap tel ikkje alltid så mange. Men ein blir desto meir knytt saman. Ein kan kanskje kalla det eit skjebnefellesskap, der medlemene har valt på godt og vondt å stå saman. I dag under Gudstenesta kom det inn ein mann som såg litt forvilla ut – han blei ikkje så lenge, gjekk etter fredshelsinga – men ein ting sa han før han gjekk: Eg blei så berørt av å vera her. Eg vonar at dei som kjem innom kan få kjenna noko av Guds fred og kjærleik.

Etter messa i dag fekk me igjen oppleva dei nære banda mellom oss – ein familie hadde opplevt eit dødsfall, og fortalde om det som var trist, men også om kor godt det var å få overgi han i Jesu hender. Kor godt det er å få vera katolikkar i ei slik stund; der tidebønene ein ber kvar kveld gjev endå djupare meining i møte med det evige perspektivet som ligg framfor eit dødsleie. Kor godt det er å få be for avdøde under Gudstenesta. «Skjenk ham en bolig i lyset og gi ham evig glede.» (Basilios-liturgien)

Å vaka, synga og be for han som snart skulle forfremmast til herlegdommen. I Morgenbladet denne veka har eit ektepar som driv ein sjukeheim i Bergen, Bettina og Stein Husebø, skrive ein kronikk om korleis samfunnet har gjort døden til noko som skal gøymast unna – og ikkje snakkast om. Dei oppmodar oss til å tenkja på det fine ved å la dei som er gamle få lov å døy heime – når det går an – omslutta av sine kjære, i staden for einsam på ein sjukeheim.

Meir enn 80 prosent av alle nordmenn døyr på institusjon, noko som er det høgaste talet i verda, skriv dei. Eg unnar alle å lesa kronikken deira. Eg trur me i Den nordisk-katolske kyrkja verkeleg har noko å bidra med på dette området. Er det noko samfunnet vårt er redde for er det vel alt som smakar av alderdom og død. Men Jesus har teke bort vår frykt for døden, og gjeve oss vona om evig liv. Som kyrkja alltid har gjort kan me få tenkja på ein dødsdag som ein himmelsk fødselsdag.

Øystein Lid (teksten er publisert i samråd med familien).

Advertisements

2 responses to “Fellesskap og ein himmelsk fødselsdag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s