«Ingen er så trygg på ferda.»

Midt i høgsesongen for julefestar, er det barnemesse 28. desember, ein gamal tradisjon dels med førkristne røter. Ved solsnu feira ein at heile verda gjekk i oppløysing ei veke fram til nyttår. Både året og verda er blitt gamle og fell tilbake til det gamle kaos der rang og verdiar vert omsnudde, herren i huset vert tenar og ekteskap mellombels går i oppløysing. Før det heile vert nyskapt når sola kjem inn i si gamle bane att.

I kloster og kyrkjer framførte dei barnemesse med rollespel der dei yngste hadde makta og dei vaksne måtte lyde.

Elles var opphavet til barnemesse ingen fest. Kong Herodes» jakt på gutane i Betlehemstraktene, «martyrane sine blomster», er tornene som omgir det yndige Jesusbarnet. Juleglede glir over i kristtorn når evangelium vert martyrium.

Verda gjekk av hengslene, men Jesusbarnet innleidde barnet sin tidsalder. Ny målestokk for stort og lite er at Gud elskar å vere barn og Gud elskar barn.

Juleevangeliets Maria forstod det fyrst. Kjærleiken til barnet dreiv henne på flukt, på leit, til gråt og botnlaus fortviling. Fordi ho elska Barnet. Frå Betlehem av vert det sett ei grense mellom dei som elskar makt og dei som elskar barn.

Stormenn støytte han ned frå trona
men lyfte dei låge opp.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte bort.

Slike juletrefestar er superaktuelle idag: Når barn, unge, sjuke, eldre, innvandrarar, einsame, fengsla, svoltne ikkje gler seg til jul. Når prestar som forkynner at Jesus elskar alle barna, viser at dei berre elskar seg sjølvce. Når Alvdal-sak og Belgia-saker vert rulla opp med fælslege detaljar. Når Nina Karin Monsen avslører barnemarknaden i vårt samfunn.

Ny ekteskapslov opnar for likekjønna ekteskap og behov for surrogatmødre. Ny bioteknologilov gjer egg og sæd, og dermed born, til frie varer. Dette er ein kamp som stikk djupare enn til lovene: Kampen om borna sitt menneskeverd. Vaksne si grenselause egoisme og nye teknologiske landevinningar dreg same veg.

Nina Karin Monsen har samanlikna med slavemarknad i USA. Det var ikkje marknads-analyser, men menneskeverd-kamp som oppheva slaveriet. Det er sameleis med våre dagars barnemarknad.

Gud lyttar idag etter små sukk og stille gråt frå Jesu minste syskjen. Han ser etter store menneske som byter ut materialismen, produktiviteten og sjølråderetten sin reknemåte med Barnet si tidsrekning.

Fr. Ottar Mikael Myrseth, i St. Justin martyr misjon, Ålesund. Teksten står også på trykk i Dagen under spalta «I Fokus», 28. desember.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s