Alt kjøt skal sjå Guds frelse

Det er gledeleg at det sentrale omgrepet ”kjøt” er tatt inn att i den nye bibelomsetjinga. Eg tilhøyrer ein kristengenerasjon der omgrepet nesten har gått tapt. I over tredve år har det vore ei teologisk likesæle når det gjeld kva dette ordet femner, det har vore så viktig å vere ”aktuell” og ”folkeleg” at nettopp folk har vorte avskore frå eit orienteringspunkt som vinklar og vatrar meg presist inn på kva som ligg i andre omgrep som frelse, nåde, kraft og ånd.

”Alt kjøt skal sjå Guds frelse!” Det er ikkje småtteri. Det rekk langt utover mennesket åleine, det femner om heile den dødelege skapningen. For kjøt er fyrst og fremst dødeleg, ja alt som er dødeleg er kjøt. Kjøt er ikkje syndig i seg sjølve, men fordi kjøtet altså er forgjengeleg, dødeleg og avgrensa vil det ty til synda i sin desperasjon. Djevelen herskar ved døden står det, ikkje ved synda. Kjøtet er altså ikkje syndig, men likevel hjelpelaust i høve å oppfylle Guds lov. Det vil seie, det er motsett: Det er Lova som har problem med kjøtet. Det er Lova som har gjeve opp og seier: Kva? Eit dødeleg menneske? Eg kan inkje gjere! Kvar er det menneske som kan oppfylle mi lov? Lova søkjer altså ein av kjøt og blod for si oppfylling, og finn han i Ham som er sann Gud og sant menneske.

Når no Gud har vorte kjøt, skjønar vi at vi står overfor eit mysterium. Når sporven ikkje fell til jorda utan Gud, kan vi berre undrast, for også ein sporv er kjøt. Det demrar for oss ei djupne i desse ord: Alt kjøt skal sjå Guds frelse.

Les ein t.d. Jesaja kap. 40 er det nettopp hjelpeløysa åt kjøtet som setjast i relieff mot Guds nåde og kraft. Fordi folket søkte mot avgudane vart det sjukt og full av verk, både sosialt, politisk og økonomisk. For å bøte på den skade som oppstod med avgudsdyrkinga søkte dei hjelp i nye gudebilete og såg ikkje at nettopp avgudane var årsaka til den djupe nauda. Dei søkte å sløkje bålet med meir ved. Slik handlar og tenkjer kjøtet inntil det er køyrd seg sjølve i senk og erkjenner – eg er berre jord. Ei tid held dei motet oppe, dei oppmuntrar kvarandre og hamrar til avgudsbileta, dei rosar framgangen og kreativiteten, nok eit gudebiletet er skapt som vi skal setje vår von til. Men Jesaja har eit anna perspektiv og ei anna løysing: Berre Gud Herren er Gud, alt anna er tomheit. Kven gav han råd då han grunnla universet, han som kan fylle alle hav i ei hand og måle universet mellom tommel og peikefinger. Jesaja utfordrar dei stumme og døve gudane, om dei kan likne seg med Herren. Dei har inkje svar, for dei er inkje.

Men her er von, nettopp når kjøtet godtek si maktesløyse. Då vil Gud kaste sin ande og skugge over det som er laga av mold og jord. Han bles sin Ande i oss, held oss i live ved sitt inkarnerte Ord og gjev oss del i sin herlegdom. Heile skapinga lengtar mot den dagen då våre lekamar skal løysast or forgjengelegdomen og vi skal verte Guds born fullt og heilt. Det kan berre skje i nåde, for vi kan berre rose oss i Herren.

Eit typisk paulinsk uttrykk, men Jesaja sa det fyrst.

Så er evangeliet openberra frå opphavet av. Guds nåde var det fyrste av alt.

Magne V. Kristiansen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s