Bli som eit lite barn

«I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.»

Etter messa i sta. Sunniva misjon i dag, kommenterte besøkande prost Asle Dingstad den glade situasjonen at kyrkja vår har like mange born som vaksne. To av desse borna er mine, og eg ville I gjerne dela to små episodar som hende i dag.

Sonen min på snart halvtanna år er ein veldig from liten fyr. I alle fall når han ikkje gjer ugagn som å klatra inn i altarringen i kyrkja, noko som blei forbode for lekfolk i det sjette ekumeniske konsilet. Skjønt, det kan vel vera eit slags teikn på fromskap å bli dratt mot altaret. Kvar morgon er noko av det første han gjer heime å gå rakt bort til kapellet vårt, stilla seg framfor ikonane og ser forventningsfullt opp på far. «Skal me be?», spør eg, og han lyser opp medan han svarer ja. Bønelivet vårt har rett og slett fått ein kraftig oppsving etter at Håkon lærte seg å gå. Ikkje berre ein, men fleire gonger for dagen spaserer han inn i kapellet og får med seg dei som måtte vera i nærleiken. Så eg, som rett som det er blir fot lat for å be, kan ikkje anna enn å plukka den ivrige guten opp og setja igang. No er det ein sjanse for at han har arva sin fars fascinasjon for fyrstikkene som tenner lysa framføre ikonane, men kva er det det står skrive? Gud sløkkjer ikkje ein rykande veike. Eg tolkar i alle fall det slik at om det så er lysa og fyrstikkene som er fascinasjonen, så skal ein ikkje forakta det. Kanskje kan det vera med å gi positive assosiasjonar til det å be? Kanskje kan den rykande veiken tenna ein liten gneist, og til slutt bli eit levande ljos? I kyrkja i dag var han dessutan veldig oppmerksam på kva som skjedde, og skjønte at prestane gjorde det same som me gjer heime under våre bøner.

Jenta vår på 6 og 1/2 (det halve året er viktig) annonserte i dag at frå no av skulle ho alltid gå med kross rundt halsen. Den fekk ho i dåpsgåve då ho var 4, men har gått med han mest sporadisk. Me har ikkje øvt noko press på at ho måtte gå med den dagleg, og lurte naturleg nok på kva forklaringa var. Svaret ho gav har nok litt med å gjera at ho no har begynt å gå til og frå skulen sjølv: «Når eg har krossen på meg kan eg alltid føla meg trygg. Eg kan stola på at Gud alltid vil føra meg trygt heim att til mamma og pappa. Gud vil følga etter meg og passa på meg.»

Sanneleg høyrer Guds rike borna til. Enkelte kyrkjesamfunn praktiserer at borna ikkje får ta del i nattverden før dei får vit, men ein slik tankegang blir meg stadig meir framand. Hjå oss fylgjer me den oldkyrkjelege tradisjonen å lata borna få del i nattverden så snart dei er døypte. Dei er fullverdige medlemmer og er like åndelege som vaksne kan vera. Minst!

Øystein Lid

Advertisements

One response to “Bli som eit lite barn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s