Det gode livet

Matbutikkar er opne like lenge som folk er vakne. Butikkhyllene er aldri tome, og det er kort veg til næraste Fretex-containar. Har då Jesu formaning om leve sutalaust gått ut på dato? Rimi og Dressmann, KappAhl og Coop har fjerna sutene.

Men «den enes brød den andres død». Same verda som er full av liv, mat, klede og overflod, er også full av nød og død. Den som lever godt, fortærer gjerne livsgrunnlaget for andre.

Mennesket sine djupaste bekymringar sit ikkje i kjøleskapa. Livet vert ikkje godt før mennesket kan svare på «kvifor-spørsmåla» som står som stabbesteinar langs vegen mot grava. Kvifor skjer det vonde, kvifor må uskuldige lide, kvifor er vi på jorda?

Gud har tre svar på bekymringane om det gode livet:

Djupaste livsangsten i mennesket er uroa for at eg er einsam, at eg må leve åleine og døy åleine. Difor leitar mennesket utover i universet etter andre levande og grublar innover om meininga og målet med dei få åra vi har fått.

Gud svarar med å returnere til verda frå ein stad utanfor verdsromet, bortanfor grava, høgare enn himmelen. Guds gåve til menneskeborna og Guds lys i verdsromet er Sonen Jesus. Han som er før alle ting og gir avkall på sitt eige for å hente oss tilbake til Gud. Medisinen mot tilverets eksistensielle angst, er ei gåve frå himmelen.

Nest-djupaste livsangsten heiter svolt. Det går ikkje meir enn 4 timar etter eit måltid før han merkast. Mat blir lett mangelvare, kan ikkje lagrast lenge og blir fortært fort. Svolt er ei nær-døden-oppleving.

Det mest underlege faktum i kristentrua er at Gud døydde friviljug for å bli vår mat. Brødunderet i øydemarka handlar om eit matlager som rekk utover det rimelege og peikar fram mot brødet frå himmelen. I den heilage nattverden snur Jesus opp ned på ordtaket: «Den enes død den andres brød.» Dette brødet er svaret på livsangsten hunger.

Sut nr 3 er mennesket sin lengt etter venskap, fellesskap og kjærleik. Mennesket kan ikkje leve utan den kjærlege berøringa. Er det nokon der ute, der oppe, der framme som elskar meg? Gud er den store ukjende som ingen har sett. Men han viser oss sitt ansikt, rører ved oss og talar til oss som ein ven. Er denne venen for oss, kan ingen som betyr noko, vere imot oss. Det uslitelege venskapsbandet mellom Han og oss heiter Heilaganden.

Vår gåve, vårt brød og vår ven vart fødd inn i verda, døydde vår død på krossen og frå altaret deler Han det gode livet med oss.

Fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i St. Olav kyrkje i Ålesund. Teksten står også på trykk i Dagen 11. oktober.

Advertisements

One response to “Det gode livet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s