Visdomsord frå ein profet i vår tid

radioen snakkar Nicholas Chapman om ei ny bok som er komen ut med artiklar, preiker og intervju med Fader Georg Calciu (1925 – 2006).

Eg vil dela nokre av passasjane i boka og frå Chapman sin omtale, då ein del av det er relevant også for vårt samfunn og situasjonen for kristne her til lands. Fr. Calciu var ein profet i vår tid, i den eigentlege tydinga av ordet: Ein som aldri var redd for å seia sanninga – om det så var til kommunistiske styresmakter (og det sat han lenge i fengsel for), til amerikanarar då han kom til USA, eller til kyrkjelege leiarar.

I ei preike han heldt i 2001 samanlikna fr. Calciu livet som kristen i eit kommunistisk land med tilsvarande i USA. For vår del kan me vel trygt byta ut “Amerika” med “Noreg”:
“Eg tilbrakte min ungdom under det kommunistiske regimet i Romania. Eg sat i fengsel i 21 år, og eg trur ikkje at det er lettare å vera kristen i Amerika enn i Romania under det kommunistiske styret. I Amerika treng ikkje me kristne tola å bli fengsla (for trua vår), eller tortur eller anna. Men åndeleg er det veldig vanskeleg å halda på den sanne trua her. Det er så mange freistingar kvar ein så vender seg, slik at det er ein skikkeleg kamp å halda fast på trua på Kristus.”

Me blir stadig dregne vekk frå trua av det som ser ut som små, uviktige distraksjonar og freistingar. Men desse små distraksjonane fører til at Gud ofte blir fråverande i liva våre.

I ei anna preike seier han: “Mine kjære trufaste sysken. Samfunnet me har no, og då snakkar eg ikkje berre om kommunistane, prøver i stadig større grad å isolera oss slik at me blir meir einsame, mindre avhengige av kvarandre, og samtalar mindre. Slik kan styresmaktene føra oss til deira endemål, som er å isolera oss. For tett samanknytte fellesskap (eng: communities) er mykje vanskelegare å kontrollera enn isolerte individ. Kommunistane har gjort dette gjennom vold – medan Vesten har nytta ein annan metode: Dei proklamerer at du er unik, at du har mange rettar, at du er eit uavhengig menneske, at du treng å vera åleine, ikkje styrt av foreldra dine, for du er ein fri mann. Denne fridomen er misforstått og opprør mot Gud. Det er nihilisme.”

Ein kan kanskje vera ueinig i kor bevisst ein slik “strategi” er frå styresmaktene si side, (her i Noreg har me jo den merkelege særeigenheita at me til forskjell frå menneske mange andre stader – stolar på staten). Men diagnosen han stiller på store deler av det vestlege samfunnet meiner eg har mykje sant ved seg. At me lever i eit samfunn der det blir sett på som bra å vera uavhengig og frank og fri, der mange av banda som før knytte samfunnet saman er dekonstruerte og bytt ut med nye – trur eg er sant. Og som konsekvens opplever mange seg framandgjorde og einsemd er ein ny folkesjukdom. Kva me kristne kan gjera for å motverka denne samfunnstrenden famlar eg framleis i blinde for å finna eit svar på.

I boka blir han ein stad intervjua om kommunismens fall, og kyrkja sin situasjon før og etter. Han seier noko som er relevant ikkje berre for ortodokse kyrkjer, men kanskje for dei aller fleste kyrkjesamfunn: “Kyrkja vår har mista mykje av sin gamle stordom. Somme har sett denne svakheita ved kyrkja som ein svakheit ved ortodoksien som sådann – og jamvel ved kyrkja som mystisk realitet. Sanninga er at kyrkja vår har ei indre krise. Difor må me ikkje venta noko av leiarskapet, prestane eller munkane åleine – men alle kristne er kalla til å ta del i den gode striden. Alle etter sin eigen styrke og midlar, slik at ikkje noko talent forblir nedgrave.”

Det er eit viktig poeng at når ein klagar på kyrkja ein er ein del av, om det så er på globalt plan, eller lokalt – så må me forstå at det ikkje er ein enkelt leiarfigur o.l. som fører til problema ein ser rundt seg. I staden er det fyrst og fremst oss sjølve me må sjå på – i kor stor grad har me levt ut evangeliet? For viss me gjer det vil me oppleva ei forandring i både vår lokale kyrkjelyd og i ein større kontekst.

Øystein Lid

Advertisements

One response to “Visdomsord frå ein profet i vår tid

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s