Treng me ei ny bibelomsetjing?

For eit par år sidan fekk eg ei engelsk omsetjing av septuaginta (NETS) i jolegåve av bror min. Og eg er av typen som er sær nok til å setja pris på ei slik gåve.

Septuaginta er den eldste omsetjinga av gamletestamentet ein kjenner til (frå år 250 f.kr om lag). Språket er gresk, og no har nokre forskarar omsett gresken til engelsk. Min fyrste tanke som lekmann var: Kvifor omsetja ei gresk omsetjing, når ein har tilgangen til den hebraiske grunnteksten?

Men etter kvart som eg har lest i boka, og ein del om historia rundt, får eg meir og meir sansen for septuaginta som heilag skrift. Dersom eg har forstått rett er den hebraiske grunnteksten av svært nyare dato enn septuaginta (også kjent som den masoretiske teksten). Som tidlegare protestant sverga eg til denne – alle norske utgåve er så vidt eg veit basert på den masoretiske teksten (MT) – sjølvsagt med unntak av dei apokryfe bøkene utgive i norsk språkdrakt.

La det fyrst vera sagt at skilnadene ikkje er svært omfattande. I mesteparten av det vesentlege meiningsinnhalet er septuaginta og moderne norske omsetjingar samstemde. Sidan dei eldste MT-manuskripta er frå 800-talet etter Kristus er det ganske godt gjort at skilnadene er såpass små som dei er – eit vitnesbyrd om kor trufast jødiske skriftlærde kopierte teksten nedover hundreåra. Likevel er det nokre få vesentlege endringar.

Etter funnet av dødehavs-rullane (funne i 1947) ser ein det interessante at nokre av stadene der det er skilnader mellom septuaginta og MT samstemmer dei nye tekstfunna best overeins med septuaginta. Desse versa og kapitla (og heile bøker! jamfør apokryfene MT ikkje har med) må då vitna om ein annan (og sjølvsagt meir opprinneleg) teksttradisjon, som septuaginta baserte seg på.

Eit døme er salme 151, som protestantiske biblar ikkje har med. Tidlegare trudde mange forskarar at denne ikkje hadde noko hebraisk forelegg – heilt til dødehavsrullane viste at det hebraiske Qumran-samfunnet hadde ei hebraisk utgåve av teksten.

Det kanskje mest kjende dømet er Jesaja 7, 14, der septuaginta seier at ei jomfru skal bli med barn, medan MT sin tekst også kan bety «ung kvinne». At septuaginta tolkar teksten som jomfru meiner eg er eit godt argument i seg sjølv på kva Jesaja opprinneleg kan ha meint.

Eit mindre kjent, men like fullt godt døme på ein stad der septuaginta er betre enn MT, finn ein i salme 40, vers 7. I 88-omsetjinga heiter det «Slaktoffer og matoffer har du ikke lyst til – du har boret mine ører – brennoffer og syndoffer krever du ikke». Legg merke til at den inskotne setninga om øyrene ikkje gjev spesielt god meining i setninga.

I septuaginta derimot, blir omsetjinga noko slikt på norsk: «Slaktoffer og matoffer har du ikkje lyst til, men ein kropp gjorde du i stand for meg». – Ein kristen vil truleg ganske snart gjenkjenna dette som ein profeti knytt til inkarnasjonen.

Dette verset blir også sitert av Det nye testamentet. I hebrearbrevet 10 blir tolkinga knytt til inkarnasjonen stadfesta: Heb 10:5
«Difor seier han når han stig inn i verda: Offer og gåve ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg.» NT-forfattaren har med andre basert seg på septuaginta, eller ein tekst som har dette verset til felles med septuaginta.

På tross av dette held våre mange norske biblar seg omtrent konsekvent til MT. Ikkje ein gong når det openberrt hadde vore grunn til å nytta septuaginta sin versjon, blir det gjort.

Rett nok er det fleire stader der MT ser ut til å vera best. Vers kan vera utelatne frå septuaginta som MT har fått med til døme. Andre stader gjev rett og slett den hebraiske grunnteksten betre meining.

Men er det ikkje litt rart i vår tid når bibelomsetjarane studerer den hebraiske grunnteksten med lupe, ikkje ein gong er villige å høyra kva den greske omsetjinga seier? Kanskje me treng ei katolsk/ortodoks omsetjing av Bibelen til norsk som tek det beste frå MT og septuaginta?.

Øystein Lid

Advertisements

3 responses to “Treng me ei ny bibelomsetjing?

  1. Støttes. Når en leser kirkefedrene, siterer de jo ofte fra Septuaginta. Det ville vært fint å ha dette tilgjengelig for studium og utdyping ved siden av den vanlige GT-oversettelsen

  2. I Finland har den ortodoxa kyrkan tillsammans med bibelsällskapet utgett Psaltaren och 8 de lovsånger ur GT enligt Septuaginta som de ortodoxa brukar samt Marias och Sakarias lovsång i Luk. 1. I Sverige har Artos & Norma gett ut «Psaltaren enligt Septuaginta».
    Jag har den uppfattningen, att de nyare bibelöversättningarna har beaktat Septuagintas texttolkningar åtminstone då den hebreiska texten är skadad eller annars otydlig och lämnar rum för gissningar. I den finska bibeköversättningen av 1992 talar man t.o.m. om en jungfru i Jes. 7: 14 och nämner i fotnoten att man här har följt Septuaginta. Men en översättning av hela LXX har vi dock inte.

  3. Eg tek kanskje litt for hardt i når eg seier at moderne bibelomsetjingar ikkje tek omsyn til LXX i det heile. Men eg meiner at dei bør i langt større grad gjera det enn i dag. Det fyrste ein må spørja etter er vel at moderne bibelomsetjarar legg av seg reduksjonismen omsetjarar i middelalderen var prega av, og gjev oss ein bibel som inneheldt alle bøkene i dei fyrste kristne sin bibel. Men ein måtte ikkje stoppa der, men halda fram med å laga ein maksimistisk bibel. Daniels bok, til dømes, er betydeleg lenger i LXX enn i MT. Så får heller fotnotar gjera ein merksam på kva vers som er utelatne i ulike omsetjingar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s