Norsk kyrkjehistorie skrive i dag

Kristne frå alle DNKK sine kyrkjelydar og misjonar i Noreg var til stades i Oslo i dag, saman med brør og systrer frå andre kyrkjer, og jamvel tilreisande frå Tyskland og England – og frå vår svenske systerkyrkje. Me var med på noko stort i hovudstaden, ein ny start for Den Nordisk-Katolske Kyrkja med vår heilt eigne biskop, Roald Nikolai Flemestad.

Han som i ei årrekkje har vore DNKK sin biskop, Thaddeus Peplowski frå PNCC, stod for den liturgiske installasjonen av den nye, norske biskopen i Døperen Johannes Menighet laurdag kl 1630.
– No er de ei offisielt sjølvstendig, katolsk kyrkje med gyldige ordinasjonar godkjent av den Romersk-Katolske kyrkja så vel som ortodoksien, sa Peplowski i eit føredrag på Cathinka Guldberg-senteret same dagen.
– Endeleg har de dykkar eigen biskop! Frå no av når eg kjem på besøk, vil det ikkje vera i embets medfør, men som ein gjest. No er fr. Roald dykkar biskop, og de må respektera han, jobba saman med han, de kan jamvel vera ueinige med han! Men alt må gjerast i ei ånd av fred, kjærleik og samhald, sa Peplowski.

I same messa som installasjonen av biskopen blei også to nye nordisk-katolske prestar ordinert. Diakonane Tore Andreas Andersen og Roy-Olav Øien mottok handspålegging og av den nye biskopen, den amerikanske biskopen og ei rekkje av prestane våre. Til lukke, fader Tore Andreas og fader Roy-Olav!

Før på dagen heldt biskop Flemestad foredrag om å vera misjonerande kyrkje i ein kultur som har oppgitt kristendommen som irrelevant. Ei vanskeleg oppgåve, men ikkje dess mindre er det denne tida me er sett i, og som me må vera vitne om den oppstadne Kristus i (Foredraget til biskopen blir kanskje lagt ut på bloggen/ eller nettsida etter kvart). Han presenterte også sitt valspråk som biskop: “Ærefrykt for Herren – styrket av Den Hellige Ånd”.

– Endeleg har eg fått ein biskop som veit kvar håpet ligg, sa soknepresten i St. Johannes Døperen menighet, fr. Asle Dingstad, etter foredraget.
– Og alt folket sa:
– Amen! Lydde det unisont og humrande frå forsamlinga, etter den typisk karismatiske helsinga, som fr. Asle tok initativ til.
– Me er då ei karismatisk kyrkje! smilte soknepresten til forsamlinga som også inkluderte konvertittar frå karismatiske menighetar og pinsemenighetar.

Underteikna, som høyrer til den ovanfor nemnde gruppa karismatiske konvertittar, kan attestera at dagens messe med installasjon av biskop og presteordinasjonar hadde eit sterkare merkbart nærvær av Den Heilage Ande enn (nesten) alle karismatiske møte eg har vore med på. Under ordinasjonen av våre to nye prestar var det då heller ikkje mange turre auger i salen.

SJÅ NOKRE FLEIRE BILETE HER.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s