Antonius» sjuande ordtak

Abba Antonius sa: «Eg såg fellene fienden spreier ut over heile verda og sa med eit stønn: Kva kan kom seg forbi slike feller?» Så høyrde eg ei røyst som sa til meg: «Audmjukheit».

Abba Antonius (251-356)

Advertisements

Antonius» sjette ordtak

Abba Pambo spurde Abba Antonius: «Kva skal eg gjera?» Den gamle mannen sa: «Stol ikkje på di eiga rettferd, og uroa deg ikkje over fortida, men kontroller tunga og magen din.»

Abba Antonius (251-356)

Antonius» tredje ordtak

Einkvan spurde Abba Antonius: «Kva må ein gjera for å gleda Gud?» Den gamle mannen svarte: «Legg merke til kva eg seier deg: Same kven du er, ha alltid Gud for augo dine, same kva du gjer, gjer det etter føresegnene i dei heilage skriftene, same kor du bur; forlat ikkje den staden med lett hjarte. Hald desse tre reglane og du vil bli frelst.

Abba Antonius (251-356)

Antonius» andre ordtak

Då den same Abba Antonius tenkte på djupnene i Guds dom, spurte han: «Herre. Kvifor er det nokre som døyr når dei er unge, medan andre når ekstremt høg alder? Kvifor er det nokre som er fattige og nokre som er rike? Kvifor har vonde menn framgang og dei rettferdige lir naud?» han høyrde ei røyst som svarte: «Antonius, hald merksemda på deg sjølv. Desse tinga er etter Guds avgjerd, og det er ikkje til din fordel å vita noko om dei.»

Abba Antonius (251-356)

Antonius» fyrste ordtak

Då den heilage Abba Antonius levde i ørkenen blei han teken av depresjon*, og angripen av mange syndige tankar. Han sa til Gud: «Herre, eg ynskjer å bli frelst, men desse tankane let meg ikkje få fred. Kva skal eg gjera i mi liding? Korleis kan eg bli frelst? Kort tid etterpå, då han reiste seg for å gå ut, såg Antonius ein mann som seg sjølv, sitjande med eitkvart arbeid. Mannen reiste seg så frå arbeidet for å be, så satt han seg ned att for å arbeida med å tvinna eit tau. Deretter reiste han seg for å be att. Det var ein Herrens engel som var sendt for å korrigera og trøysta Antonius. Han høyrde engelen seia: «Gjer dette, så skal du bli frelst.» Då han høyrde desse orda blei Antonius fylt av glede og mot. Han gjorde dette, og han blei frelst.

Abba Antonius (251 – 356)

*Accidie: deprimert, motlaus, kraftlaus, ein avsmak på livet utan nokon spesiell grunn.