Antonius» trettande ordtak

Ein jeger i ørkenen såg abba Antonius mora seg saman med brørne. Han blei sjokkert. For å visa jegeren at av og til er det naudsynt å møta behova til brørne, sa den gamle mannen til han: «Legg ei pil i bogen og skyt». Så gjorde han det. Den gamle mannen sa: «Skyt ei til», og han gjorde det. Så sa den gamle mannen: «Skyt endå ein gong,» og jegeren svarte: «Dersom eg bøyer bogen min så mykje vil han knekka.» Så sa den gamle mannen til han: «På same måte er det med gudeleg arbeid. Dersom me strekkjer brørne for langt, vil dei snart knekka saman. Av og til det naudsynt å koma ned for å møta deira behov.» Då han høyrde desse orda angra jegeren, og svært opplyfta gjekk han sin veg. Og brørne reiste styrkte heim att.

Abba Antonius (251-356)

Antonius» tolvte ordtak

Nokre brør kom for å finna abba Antonius for å fortelja han om synene sine, for å finna ut om dei var sanne eller om dei kom frå demonane. Med seg hadde dei eit esel som døydde på vegen. Då dei nådde staden der den gamle heldt til sa han til dei – før dei rakk å spørja han om noko -: «Kva var grunnen til at det vesle eselet døydde på vegen hit?» Dei sa: «Korleis visste du om det, far?» Og han fortalde dei: «Demonane viste meg kva som hende.» Så dei sa: «Det var akkurat det me kom for å spørja om, av frykt for at me blei lurt, for me ser ofte syner som går i oppfylling.» Slik overtydde den gamle mannen dei, med eselet som døme, at synene deira kom frå demonane.

Abba Antonius (251-356)

Antonius» tiande ordtak

Han sa også: Akkurat som fisken døyr om han er på land for lenge, slik er det med munkar som vandrar utanfor klostercella eller får tida til å gå saman med verdslege menn. Dei mistar den indre fredens intensitet. Som ein fisk strevar mot sjøen må me forta oss til cella, av frykt for at dersom me dryger utanfor vil me mista vår indre vake.

Abba Antonius (251-356)

Antonius» niande ordtak

Han sa også: «Vårt liv og vår død er avhengig av* nesten vår. Dersom me vinn broren vår, vinn me Gud, men dersom me skremmer bort broren vår, har me synda mot Kristus.»

*’Er avhengig av» er bokstaveleg «er med», men eg opplever at ei bokstaveleg omsetjing gjer setninga unødvendig fleirtydig på norsk.

Abba Antonius (251-356)