Den fragmenterte kyrkja

Vi har nettopp feira pinse. Gud har sendt oss èin Ande som skulle vere einskapens Ande. Men både i lære og praksis står kyrkja splitta og oppdelt. Det er ikkje nok å verte ein kristen. I tillegg må ein verte ortodoks, katolikk, lutheranar, pinsevenn, karismatikar, metodist, baptist eller noko anna gjævt. Og alle retningane innan kristendommen trur at det er dei som har fanga den heile og fulle sanninga… Med den haldninga er det lett å sjå ned på og (for)dømme andre kristne fellesskap. Eg undrast på kor mange menneske som har vorte så forvirra i møte med dette sprikande og motsetnadsfylte mangfaldet at dei har resignert og teke avstand frå heile den kristne trua… Jesus bad for oss at vi måtte vere eitt. Vi skulle vere samstemte og møte verda med ein eintydig og klar bodskap frå den eine levande Gud som har openberra seg gjennom Jesus Kristus. Kan det vere at den kristne kyrkja lever i opprør og synd mot Den Heilage Ande fordi ho er så splitta og ter seg i strid med det vår Herre og Frelsar har lært oss…

Guds fred!

Audny Buarøy

Advertisements

6 responses to “Den fragmenterte kyrkja

  1. Det är sant att Gud har sänt oss en enda Ande för att leda oss till hela sanningen. Men det är ett dystert faktum att vi inte har förmågan att vara ett, inte ens att låtsas det. Saker förhåller sig på ett visst sätt, och när Anden leder oss till hela sanningen så innebär det att vi får reda på hur de förhåller sig. För att ta ett slitet exempel: det kan inte vara samtidigt sant att a) det är rätt och kristligt att döpa barn och att b) dopet bör ske först när man begriper vad det går ut på. Vägen till enhet är både krokig och gropig, men någon annan väg finns inte än bönens, det mödosamma samtalets och kärlekens väg. Låtsas-enhet är lögn-enhet.

  2. Einig med Samppa Asunta i dette. For eigen del kan eg leggja til at min veg mot katolsk og ortodoks kristendom tok til med ei liknande tankerekkje som Audny si. Dersom reformrørslene på 1500-talet verkeleg var guddommeleg inspirerte, kvifor er sluttresultatet den svært oppstykka situasjonen me ser i dag? På fruktene skal treet kjennast, som kjent. EIn av årsakene til at eg konverterte var nettopp at det ikkje lenger skal vera egoet mitt som er øvste autoritet i kva som er rett bibeltolking, men eg trur på ei sanning, formidla av ei kyrkje, ein dåp, ein nattverd, alt i eintal. Berre på den måten kan ein oppnå einskap, gjennom at enkeltindivid gir opp sin eigenvilje til fordel for Guds vilje.

  3. Når det gjeld den kristne trua, finst det minst to grøfter å gå i. Vi kan forenkle for å få trua inn på skjema, eller vi kan problematisere alt slik at vi mest kan tru og meine kva som helst, og likevel kalle oss kristen. Eg har aldri forstått kvifor nokre har splitta dåpen i vaksendåp og barnedåp. Det finst berre ein dåp, og Jesus som har bede oss om å gå ut i all verda med evangeliet, har ikkje sagt oss noko om at vi berre skal døype menneske som kan forstå kva dåpen inneber. Dåpen er eit sakrament, eit mysterium, og difor ufatteleg for den menneskelege fornuft. Og den kristne kyrkja har praktisert dåp av barn frå den første tid. Når det i Apostelgjerningane står om menneske som vart døypte med heile sitt hus, omfatta det også barn og trellar. Til dåpen er det knytta opplæring, og er det noko vi aldri vert utlærte i, så er det vår heilage kristne tru. Difor er dåpen ei pakt som vi skal leve i, og eg er takksam for at eg vart døypt som barn, for som vasken er eg ikkje sikker på om eg nokon gong ville ha kjent meg verdig nok til å ta imot dåpens gåve… Så ei av økumenikken sine oppgåver må vere at vi får hjelp til å dra kvarandre opp av grøftene…

  4. Hvis ikke du kunne kjenne deg verdig nok til å ta imot dåpens nåde som voksen, hvordan kan du da spise Jesu legeme?

    Jeg forstår de gjennom kirkens historie som har utsatt dåpen så lenge som mulig i livet, ikke for å få tid til å synde mest mulig, men for å være reinest mulig når jeg møter min skaper..tenk om jeg kunne ha stått opp som et nyfødt menneske!!!
    Ellers er de argumentene du bruker ting jeg har hørt omtrent en million ganger, og det har sannelig de som faller ned på voksendåp også. De har bare andre ting de til syvende og sist legger vekt på, og dermed kommer de fram til en annen konklusjon.
    Hvis det skal være en dåp, må det være noe vi ikke ser her på denne sida av virkeligheten, som vi aldri kan se heilt ut.

    Jeg er også glad jeg er døpt som barn, men jeg har aldri følt meg så sikker på hva som er rett og Rett i dette spørsmålet. Derimot har jeg aldri kunnet leve med den lemfeldigheten enkelte kristne miljøer forholder seg til nattverden på. Sånn er det. Vi er like forskjellige som denominasjoner som vi er som mennesker.
    Jeg banner sikkert i kjerka igjen, men jeg tenker at min forstand rekker ikke lenger enn til å være så tro jeg kan mot det jeg ser, og det er egentlig alt jeg håper for andre også..

    Jeg kunne godt ha gått ut i verden og misjonert for Jesus og hans kjærlighet til menneskene, men jeg kunne aldri ha gått ut i verden og «solgt» et trossystem. Det underlige er at når jeg har fortalt folk om min tro og «min kirke», har jeg opplevd flere ganger at samtalen har endt med gråt og mennesker som vil reise hjem of oppsøke sin kirke, den kirka de kanskje forlot som pur unge….de misunner meg sier de. Hva er det de misunner meg, er det dåpssynet eller nattverdssynet??

  5. Om eg ikkje var døypt, kunne eg ikkje motta Herrens lekam og blod… Men levande i dåpens mysterium, får eg del i det heilage nattverdfellesskapet. Og det er det eg synest er trist, at kristne foreldre held barna sine utanfor dette fellesskapet… Jesus kalla ein gong eit barn til seg, sette det midt mellom læresveinane som lurte på kven som var den største i himmelriket, og sa: Utan at de vender om og vert som barn, kjem de ikkje inn i himmelriket. (Mat. 18.1-4) Det kan vere krevande å tenkje slik Jesus tenkjer, men det er verd å strekkje seg etter…

  6. Kristendom er ikkje noke system som Inger Lill Kirkhus påpeikar. Den handlar om han som ropar: Den som tørstar, han kome. Den som ikkje har klede, han kjøpe, utan pengar, utan betaling. Kvifor får borna del i dåpen sitt mysterium?
    For det første, dei er tyrste, dei og. Det første dei gjer når dei kjem or mors liv er ikkje å lovsyngje, men skrike etter ho som bornet trudde (det handlar altså om tru) blei vekke, mora. Seinare bablar det på, den fyrste uforståelege tungetale som inneheld så mykje tru og som mora forstår så godt.

    Skulle ikkje kyrkja, ho som er mor, snart lære å forstå kva som ligg i menneskers babel og angst, fordi kulde og tørst snik seg inn på livet?
    Gud som har laga dette slik, skulle han ikkje forstå også den åndelege tørst?
    Han som skapt øyret, kan han ikkje høyre? Han som skapte auget, ser han ikkje?

    Kvifor må små, søte born døypast? Vi kan like gjerne spørje, kvifor må dei leggast til brystet, kvifor må dei kledast på? Fordi dei frys. Fordi dei er dødelege. Fordi nokon ynkast over det lille kreket.

    Ikkje fordi dei er uskuldige, sjarmerande eller elskverdige, men fordi Gud vil miskunna seg over alt og alle som er lagt under forgjengelegdom og død. Han gjorde det slik står det. Lat oss ikkje lenger diskutere med døden om vi kan sleppe han. Han høyrer nok ikkje på oss likevel. Lat oss berre svare han frimodig: Eg kjenner ein som er sterkare. Dessuten, vi er teikna med krossteiknet, den himmelske pin-koden som gjev oss retten til det ævelege livet. Menneskeverdet er ei kristen oppfinning: «Du er det merket som syner mitt verd».

    Alt la han under synda, for å kunne miskunna seg over alle og HAN er rik nok for alle som bablar etter han.

    «Eg forstår, fordi eg trur».

    Ikkje omvendt. Eg hugsar ikkje kven som sa det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s