Fram frå gløymeboka

50-årsjubileet for første ordinasjon av ei kvinne til presteteneste blir feira i år. Fire statskyrkje-bispedøme har fått kvinneleg biskop. Men det teologiske spørsmålet om kva som er sant i denne saka, vart sist stilt for kanskje 20 år sidan. Difor her eit drypp til påminning for nye generasjonar om ei nesten-gløymd sak. Det vert hevda at det er ein fundamental menneske-urett mot kvinner å avskjere dei frå å bli prestar.

Både kvinner og menn er kalla til å realisere sitt gudgjevne mål: Eit heilagt liv. I bibelsk tid og seinare er det fullt av kvinner i Guds teneste, berre ikkje som prestar. Av helgenane er det fleire tenåringsjenter enn pavar. Mange kvinner er blitt kyrkjelærarar. Og på hovudplass i frelsesplanen sette Gud ei kvinne, medan ingen mann vart tiltrudd liknande posisjon.

Over heile verda har kristen tru og praksis frigjort kvinner. Misjonærar og pionerar har gjort revolusjonerande innsats mot diskriminering og for utdanning av born, fattige, sjuke, gamle, minoritetar – og kvinner. Same pionerane opplevde det oftast ikkje sjølmotseiande at dei ikkje kjempa for å opne presteembetet for kvinner.

Rettferd for kvinner-argumentet kviler på føresetnaden at Kyrkja er ein demokratisk organisasjon, ein friviljug samanslutnad av likesinna og likeverdige. Dette utgangspunktet er vanskeleg å kombinere med at Kyrkja er ein guddomeleg institusjon med mandat gjeve av Kristus. Sakramenta er ikkje oppretta for å ære sakraments-forvaltarane eller for å styrke demokratiet. Ordinasjon kunne difor ikkje kome inn under menneskerett. Presteteneste er ikkje å rekne som karrieremål. Bispeembetet er eit tungt åk alle innsiktsfulle vil be seg fri frå, ikkje medalje for langvarig innsats eller symbol på sosialt avansement.

Kyrkja har heilt til vår generasjon halde seg til Jesu og apostlane sitt føredøme som valde menn til prestar og biskopar. Det har aldri før slått dei kristne at dette skulle vere logisk eller åndeleg inkonsekvent.

Kvinneprest-reformen har omkalfatra den kristne tradisjonen og underkjent ei nedarva forståing av Guds intensjon med prestetenesta. Direkte eller indirekte skuldar ein føregåande generasjonar for å ha misbrukt Skrifta, forkvakla Guds vilje og gjort kvinneurett.

Det hadde politisk symbolverdi å utnemne Møre bispedøme sin første kvinnelege biskop på kvelden før frigjeringsdagen. Men det er teologisk villfaring å tru at det har fremja rettferd for kvinner i kyrkja.

Fr. Ottar Mikael Myrseth. Innlegget står også på trykk i Dagen idag, tysdag 14. juni.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s