Glimt inn i katolsk middelalder

Eit kapittel i Norsk kulturhistorie «Kaupang og katedral» gjev interessante glimt inn i katolsk middelalder her til lands. Ein skal kanskje vera litt varsam med å lesa forfattaren sine konklusjonar ukritisk (kapittelet innleier t.d. med det underlege spørsmålet «var nordmennene kristne i middelalderen?»). Likevel er det altså mykje lærerikt etter at den klossete introduksjonen er overstått.

Eit meir interessant spørsmål, meiner eg, må vera; korleis såg nordmenn si kristentru ut? Det kan ein ikkje gi ein fullgod fasit på, men ein kan dra visse slutningar. Dessutan kjem ein også fram til «ny» kunnskap, les t.d. Victor Aldrin si relativt ferske avhandling om korleis vanlege folk ba i middelalderen.

Svaret norsk kulturhistorie gjev på korleis middelalderens kristenliv såg ut, er todelt. På den eine sida det som skjedde i messa, og på den andre sida kristen tanke og praksis i kvardagen. Etter mitt syn er det grunn til å vera kritisk til visse sider ved gudstenestefeiringa i middelalderen:

«Det var vanlig at prestene leste messe hver dag. Alminnelige folk var forpliktet til å gå til messe på søndager og større helligdager. Opprinnelig var messen like mye menighetens gudstjeneste som prestens. Men menighetens aktive deltakelse forsvant gradvis. Sangen ved høytideligere messer ble overtatt av egne kor, menighetens svar gjerne av spesielle messetjenere, og menighetens altergang ble stadig sjeldnere. På 1200-tallet av ble det vanlig at menigheten bare fikk sakramentet i èn skikkelse, brødets. Respekten for de hellige ting var så stor at man var redd for at noe av vinen, Jesu, blod, skulle gå til spille hvis også menigheten fikk drikke av kalken. Messens og ritualenes fjernhet ble ytterligere understreket ved at det liturgiske språk var latin. Prekenen var derimot selvsagt på morsmålet.»

Dersom det stemmer at folket gradvis fekk mindre plass i messa meiner eg er synd. Men kan henda overdriv forfattaren dette momentet. Dette at songen VED HØGTIDELEGE høve blei profesjonalisert, er ikkje så rart når ein tenkjer på at det blei komponert heilt eigen musikk til store festdagar. Og er det ikkje truleg at messetenarane leidde folket i kyrkjelyden sine svarrop? Men ein kjem ikkje unna at messa gjennomgjekk utvikling, etter mitt syn ei negativ utvikling, og mi innvending går ut på at det i det heile teke var rom for så omfattande endring som å gå frå brød og vin, til berre brød. Men messa har på tross av det hatt svært stor innverknad på folk, det må vera heva over tvil. I dag er det somme som trur at alt i messa gjekk føre seg på latin, men preika var altså på norrønt. Dessutan var latin på den tida, der engelsk er for oss i dag, så faste messegjengarar (og det var alle) må ha forstått mykje av latinen og. Det var dessutan plikt for alle å kunna Fadervår, Ave Maria og truvedkjenninga (alt på latin). Forfattarane held fram:

«Sagaberetninger om misjonstiden forteller at folk ble tiltrukket av den kristne gudstjenesten, og nevner særlig klokkeringingen, de vakre draktene, sangen, lysene og røkelsen.»

I kvardagslivet har kyrkja også spelt ei stor rolle, i alt frå det kvardagslege til livets store hendingar:

«Sakramentene omfattet hele livet, fra fødsel til død. Kirken kom inn på alle viktige punkter i livet. Men dens påvirknign begrenset seg ikke til gudstneesten og sakramentene. Den grep direkte inn i dagliglivet også med andre ritualer og seremonier. hver vår gikk presten rundt i høytidelig prosesjon sammen med folket for å velsigne markene så de skulle bringe grøde. Kirken hadde en spesiell velsignelses-, og renselse-seremoni for kvinner som hadde født barn, og den velsignet hus og ekteseng og daglige bruksgjenstander.»

I den grad messa var utilgjengeleg for folk flest (noko eg altså trur er overdrive), var kyrkja desto meir nærverande i dagleglivet.
Kristen tru må ha vore den altomfattande tolkingsnøkkelen for å forstå omverda og skapa meining i tilveret.

Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s