Kyrkja fri sitt «Konstantinske fangenskap»?

Sjølv om han er lutheranar, er professor Oskar Skarsaune ein klok mann. Han er ekspert på urkyrkja sin historie, og eg har ved eit høve tidlegare intervjua han om dette temaet. Veka som gjekk hadde professoren si avskilsførelesing ved MF med den iaugnefallande tittelen «Kirkens konstantinske fangenskap – ser vi slutten?”. Eit samandrag av føredraget kan lesast HER, og elles går det rykte om at Vårt Land vil trykka heile føredraget hans i morgon (måndag).

Under fylgjer nokre korte refleksjonar i kjølvatnet av føredraget, som professor Skarsaune har vore så venleg å skriva eit opplysande svar på. (Gjengitt med løyve) Litt bakgrunn: Noko av problemstillinga er i kor stor grad kristendommens innføring som statsreligion i romarriket var bra eller ikkje. I vår tid er det blitt vanlegare å betona dei negative sidene ved dette, men sanneleg var det ein del gode ting med det kristne romarriket som ikkje fall for muslimane før i 1453 (på dagen 558 år sidan). I enkelte lågkyrkjelege krinsar er dette synet gått så langt at ein nærmast forherligar forfylging som grunnvilkår for kristne. Som eg nemner i epost-vekslinga med Skarsaune under, er det enkelte kristne i Kina som ber om at forfylginga der ikkje skal opphøyra. Noko Skarsaune fortel er langt frå kva kristne i urkyrkja tenkte.

Spørsmål til Skarsaune:

Som medlem i den nordisk-katolske kyrkja har eg tenkt over problemstillinga avskilsførelesinga di nokre gonger. Utan å landa heilt, heller eg nok mot di tolking av den konstantinske revolusjonen.

Men nokre refleksjonar: Kyrkja må jo ha eit eller anna forhold til staten, og kan det vera slik at det beste alltid er å vera i opposisjon? Som du også peikte på i føredraget ditt er det mykje positivt som går tapt parallelt med det positive ved sekulariseringa (jf. at kyrkja blir friare).

Ser ein på det bysantinske riket var det etter dåtidas målestokk eit godt samfunn med helsehjelp, kvinneleg yrkesdeltaking, relativt høg alfabetisme, mykje kunst osv (for å velja noko som klinger bra i moderne øyrer), medan Europa gjennomgjekk det somme har kalla ein mørk middelalder. Rett nok var han ikkje så mørk som enkelte nyateistar vil ha det til, då.

At kyrkja generelt og biskopane spesielt fekk mykje verdsleg makt og ein del privilegier i det romerske imperiet er sant, og nettopp ein av årsakene til ørkenvekkinga, dersom ein vil kalla ho det. Når ein les
om ørkenfedrane ser ein stadig at dei skyr bispeembetet som pesten til tider, sikkert på grunn av verdsleggjeringa av embetet. Så det åndelege livet heldt fram, men kanskje med senter litt utanfor det
hierarkiske kyrkjesystemet, men heller i kloster. Samtidig var det ingen direkte fiendskap mellom kloster og kyrkje, og faktisk blei det etter kvart eit krav til biskopane at dei måtte ha munke-fortid.

Idealet i Bysants var at kyrkja og staten skulle leva i symfoni med kvarandre (Jf. Justinian). Og kyrkja hadde vel også eit relativt autonomi, og sa nei til staten dersom staten blanda seg inn ikyrkjelege tilhøve. Den norske kyrkja derimot er fram til dags dato i ein underlegen posisjon i forhold til staten på ein heilt annan måte.

Men grunn-spørsmålet forblir det same: Skal me verkeleg higa og be etter å bli forfylgde og statsfiendar, slik somme i lågkyrkjelege krinsar meiner? (Eg forstår det slik at ein del kinesiske kristne, som har sine etterfylgjar-skarar i Noreg, har for vane å be om at forfylginga må halda fram i Kina). Rett nok er materialismen vår ein alvorleg snublestein på vegen mot meir åndeleg liv, men eg lurar litt på om dette er ein snublestein som finst til alle tider. Etter å ha lest ein del av det ørkenfedrane skriv verkar det tydeleg at ein kan bli materielt knytta til kva det skal vera, matta ein ligg på, drakta ein
har på seg. Så materialisme trur eg er ei freisting som finst til alle tider.

Svar frå Oskar Skarsaune:

Hei,

takk for denne tilbakemeldingen. Jeg mener det ville være svært feil å be om forfølgelser. I martyrtiden før Konstantin advarer alle kirkefedre mot det, i det hele tatt ønsker de ikke at man aktivt oppsøker martyriet. Kan man unngå det ved flukt, kan man også gjøre det. De viste bl.a. til Jesus-ordene om å flykte til en annen by. Men for noen var denne muligheten ikke reell, særlig for dem i fremskutte stillinger, som biskoper. Når man da ble arrestert, skulle man frimodig bekjenne, uansett konsekvenser.

Jeg har heller ingen problemer med et harmonisk forhold mellom stat og kirke (i datiden: keiser og biskoper), og mener at kristne institusjoner, og kristen etikk, bidrar til et godt samfunn og gode lover. Men lover som forbyr annen tro enn den kristne er ikke gode. Det er her jeg mener den bysantinske og den vestlige kirken lot seg forføre; den oppfattet slike lover som legitim støtte for kirken.

I et pluralistisk og demokratisk samfunn tenker jeg at den gyldne regel betyr at vi skal innrømme «de andre» de samme friheter og rettigheter som vi lenge har nydt selv. Videre, at dersom et demokratisk flertall støtter lover som ikke lenger er i overensstemmelse med kristen etikk, så må vi godta det. Vi kan bare motarbeide det ved å arbeide for et nytt demokratisk flertall for endringer gjennom vanlige demokratiske prosesser. Å overstyre det demokratiske flertall ved henvisning til grunnlovsparagrafer, er ingen god strategi, og vil dessuten ikke føre fram. Foruten at de relevante paragrafene i grunnloven vil forsvinne neste år.

Men om det er vi vel enige?

Mvh. Oskar S.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s