Toleranse

Kyrkja er intolerant i teorien fordi ho trur, men tolerant i praksis fordi ho elskar. Kyrkja sine fiendar er tolerante i teorien fordi dei ikkje trur, men er intolerante i praksis fordi dei ikkje elskar.

Fr. Reginald Garrigou-Lagrange , preikebror (dominikanar)

Advertisements

7 thoughts on “Toleranse

  1. For at dette postulatet skal gi noen mening i det hele tatt, er det endel som må klargjøres tenker jeg:
    Hva er kirka Og hva er Tro i denne sammenhengen, er det dogma? hvis det er dogma, er det ikke kjærlighet som nødvendigvis styrer oss, men lydighet til kirkeledelsen..(i seg selv en god ting I am sure..)
    Hva slags kjærlighet er det vi snakker om? Og hva er fiender av kirka?
    Tror vi at kjærligheten bor i kirka a priori? I så fall opplever jeg det mer som å knipe øynene igjen og så sende løva inn for å sove med lammet..for sånn skal det jo være..

    I utgangspunktet oppleves dette at vi elsker og de ikke gjør,som en klisje, sagt så mange ganger at den maskerer sannheten snarere enn avdekker den.

    Hvis «fiender av kirka» ikke kan elske – forstått som ikke bygge opp om det gode i livet – dannelse..det gagnlige, da burde Roald ikke kaste bort tida si på disse arbeidsdagene i Bergen, men rett og slett akklamere Hallesbyes tanker, og vi kan sitte her inne hvor det er fredfullt og trygt.

  2. Det høyrest nesten ut som du har ein del negative syn på/ eller erfaringar med kyrkja? Eller har ikkje opplevd kristne som kjærlege? Det er i så fall trist og eit nederlag for dei Gud har kalla til å elska kvarandre slik Han har elska dei.

    Eg har opplevd kristne som kjærleiksfulle, og kan berre snakka ut frå ein slik erfaringsbakgrunn. Eg forstår sitatet slik at fordi kyrkja trur på noko, er ho ikkje godtakande (tolerant) overfor f.eks. hinduisme eller Baha’i, men står støtt på kristen lære. Mange kallar kristne intolerante fordi dei ikkje godtek «kvar mann blir salige i si tru». Men det betyr ikkje at kristne er intolerante i praksis (i gjerningar), fordi det me trur på er at me er blitt elska og skal elska andre som konsekvens. Dei vantru eller ateistar, derimot, er i teorien åpne for alt mogeleg (som vel Chesterton sa: A nihilist doesn’t believe in nothing, he believes in anything). At ulike livssyn kan ha mykje bra i seg, og i bunn og grunn lærer dei ulike religionane det same, uansett. På papiret ser kanskje ein slik haldning tolerant ut, men i praksis fører ikkje ei slik openheit overfor alt og alle (relativisme) til noko reell toleranse, sidan berre dei som elskar kan tola alt (jf. 1. kor 13, 7). Slik forstår eg aforismen til Garrigou-Lagrange.

  3. Du har sansynligvis rett, kirka har på et tidspunkt krenket meg, og derfor tok jeg dette sitatet som jeg reagerer med vemmelse på, og sendte til noen andre for å teste om det var bare mine egne sår som sto i veien for å «se». Responsen var unison på et felt: Det oppleves uutholdelig arrogant å gå rundt og tro at innenfor kirka er den eneste plassen hvor det finnes kjærlighetsevne. Netopp slike holdninger gjør det håpløst på grensen til det umulige å møte mennesker på forpost, det er mye flere enn meg som opplever seg krenket av ei kirke! Derfor kan det umulig bare være vårt (ensomme) problem, det må være noe galt med forutsetningen.
    Ieelt set skulle kirka være arnestedet for kjærlighet, og (jfr. høstens tema på Granavold) å vokse oppover og til siden i denne vanskelige kunsten å elske, er et livslangt vekstprosjekt..(kanskje det eneste med virkelig verdighet?)
    Problemet er når vi går rundt og innbiller oss at vi er der! Og at vi fratar «de andre» evnen til å elske/ være «gode» mennsker.
    Du er heldig hvis du har opplevd kirken som en god og kjærlig mor, de av oss som ikke bare har opplevd henne sånn, har spirituelle sår som aldri helt vil gro. Men spørsmålet her er egentlig ikke hva du eller jeg som individer har opplevd, men hva som er absolutt sant om kirka, ikke bare ønsketenkning.

    En annen ting, jeg tror i prinsippet at all sann kjærlighet gjør ydmyk. Ikke godtar alt, men gjør ydmyk.

  4. Takk for svar. Så ulike reaksjonar er det altså mulig å ha på ein og same aforisme. Lat meg fyrst seia at eg ikkje meiner at dei som ikkje er kristne ikkje er i stand til å gjera noko som helst godt. Eg skjønar det er mogeleg å lesa aforismen slik. Eg trur den kristne læra handlar om ein gradsforskjell, og ein ganske vesentleg ein, i kva kjærleik verda har og kva kjærleik kristne skal ha. (At kristne i vår tid sjeldnare lever opp til dette idealet enn kva urkyrkja gjorde, gjer poenget endå vanskelegare å sjå).

    I Lukas 6 seier Jesus: “Om de elskar dei som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? Syndarar elskar då òg slike som elskar dei.” Ikkje-kristne kan altså elska, men kjærleiken deira strekk seg sjeldan lenger enn til personar som det gagnar dei sjølve å elska. Så presenterer Jesus det kristne idealet: “Men elska fiendane dykkar! Gjer vel og lån bort utan å venta noko att! Då skal løna dykkar verta stor, og de skal vera born av Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.” Ein kan kanskje seia at verdens kjærleik er ein egoistisk kjærleik, medan kristen kjærleik er usjølvisk, me skal elska utan å venta å få noko til gjengjeld. Skilnaden mellom dei er vel så stor at for enkelheits skuld kan ein i aforismens form kalla dei eine kjærleik, det andre ikkje. Det har vel meir med aforismen som genre å gjera, enn kva ein ville sagt i ei lang teologisk utgreiing.

    Eit anna poeng eg meiner er viktig å få med er at i den grad ikkjekristne elskar er det også ei gåve dei har fått frå Gud. All god gåve kjem ovantil frå ljosens Far, seier Jakob i brevet sitt. Dersom dei elskar er det altså ei gåve frå Gud. Ortodoks teologi har aldri sagt at gudsbiletet i mennesket blei heilt tilintetgjort gjennom fallet, men det vart forvrengt. I den grad falne menneske gjer godt er det fordi det gudslike framleis er til stades, om enn i ei forkrøpla utgåve.

    Når det gjeld kristne som påfører andre ulegelege sår (slik det kan sjå ut til at du og dessverre mange har fått) eller får dei vekk frå sanninga er ikkje evangeliet mildt: “Den som forfører éin av desse små som trur på meg, for han var det betre om ein kvernstein vart hengd om halsen på han og han vart søkkt i havsens djup.” (Matt 18, 6). Og i 1. Joh brev 4: “Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud, for Gud er kjærleik. … og: “Om nokon seier: Eg elskar Gud! – og likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. For den som ikkje elskar bror sin som han har sett, korleis kan han elska Gud, som han ikkje har sett?”

    Men alle dei forbeholda og forklaringane me no har vore innom er sjølvsagt umogeleg å få plass til i ein aforisme, som skal per definisjon vera kort og hardslåande. Men ein god aforisme kan på tross av sin korthet avføda lange tankerekkjer. Det er kanskje difor eg likar dei så godt?

  5. Etter Peters værste nedtur og store fiasko møtes de igjen:

    Jesus: Simon, agapos me? (Elskar du meg med guddommeleg kjærleik?)
    Peter: Filo se (Eg elskar deg på menneskeleg vis)
    Jesus: Agapos me?
    Peter: Filo se!

    Jesus for tredje gong: Simon, filo me?
    Peter bedrøva: Herre du veit alt. Filo se!

    Kvifor spør ikkje Jesus tredje gongen, «agapos me, men filo me?»

  6. Hvis kirka er en institusjon, kan hun ikke elske, men bare lage systemer som legger tilrette for kjærlighet/ hat.
    Hvis kirka er summen av alle de hellige, er vi på individplan. Men hvem er da de hellige?
    Det er noe ikke vi vet, det hviler så og si i Guds Hjerte, og da ender vi opp med at vi ikke kan «bestemme» om vi elsker eller ikke, men at det er opp til Gud å avgjøre, og opp til oss å arbeide på med frykt og beven…(er ikke disse gamle vendingene fantastiske??)

    Jeg gidder ikke akkurat nå, men det er ikke vankselig å finne skriftssteder som viser at ikke ting står så bra til med kjærligheten mellom oss…(Jfr. «Hadde ikke Gud forkorta den perioden…», Guds dommer over meninghetene i Åpenbaringsboka osv.)
    Jeg tror kirka er i «Dire need of cleansing..» det må brenne litt både på samnnhetens og kjærlighetens alter..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s