Om kvinner og embeter

Preste- og biskopembete har i heile kyrkja si historie berre vore tilgjengeleg for menn. Det er det åndelege farskapet (det å vere far) si teneste. Morskapet (det å vere mor) er ikkje underlagt farskapet, men har ulik funksjon. Å avvise kvinnelege prester har difor ikkje noko med å vere gamaldags og konservativ, men å ta på alvor faderrollen og ikkje gjere kyrkja til ein farlaus familie.

Dette viser seg igjen i kyrkja sitt syn på ekteskapet som “ei lita kyrkje” skapt i Kristi avbilding. Mannen er familiens hovud, men er likeverdig med kvinna og styrer med same kjærleiksmakt som Kristus styrer kyrkja (Ef. 5:24-25, 33). Mannen må difor vere klar til å ofre seg sjølv for familien (1. Pet. 3:7).

No er det viktig å påpeike at presten sitt farskap ikkje er einstydande med at han er kyrkja sin leiar. Frå gamal tid har det tvert i mot førekome ofte at kvinner har leia forsamlingane, og i ortodokse nonnekloster styrer abbedissa ikkje berre over nonnene, men også over prestane som tenar i klosteret.

Tidlegare var det også vanleg at ein hadde åndelege mødrer som tok seg av nonnene sine skriftemål. Ja, til og med dåpens sakrament har i nødsfall blitt utført av kvinner og ein hadde mange kvinnelege diakonar. Likevel har det aldri førekome at kvinner har vore liturg eller prestevigd. Presten som feirar nattverden symboliserer Kristus – Gud som er blitt menneske og mann.

Advertisements

6 responses to “Om kvinner og embeter

  1. siden Gud har valgt å bli mann, betyr vel det at kvinnene egentlig bare er med på det grønne i forhold til inkarnasjonen også da??
    Så fredelig det hadde vært i paradiset hvis vi hadde nøyet oss med å være fødselskanaler og kaffekokere…

  2. Tja, det er vel også verdt å merke seg, Inger Lill, at denne manne-Gud gjorde seg avhengig av ei kvinne da han kom til jorda. Uten henne, ingen frelse. Derfor er Maria det fremste forbildet et kristent menneske kan ha i si kristne vandring her på jorda.

  3. Kristus er født inn i verda på kvinners vis. Det var den måten Gud valte å verte menneske på. Er ikkje det fantastisk? At møya Maria vart fødselskanal for verdsens frelser, ligg det då ikkje noko mindreverdig i, slik eg ser det… Heller tvert i mot. For finst det noko større enn det å gje liv til andre? Enn det å bere fram og føde nytt liv? Og kyrkja skal lik Maria bere Kristus i seg og føde han ut i verda, så menneske i stadig nye generasjonar kan verte frelste og fødde på ny til evig liv i Jesus Kristus.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s