Noko måtte gjerast med vår menneskelege tilstand: Forbanna, syndig og død. Det måtte lækjast. Det måtte gjerast rett. Og me trur at berre Gud, vorte menneske, kunne gjera det godt att. Mange kristne tenkjarar opp gjennom hundreåra – fyrst dei heilage fedrane, men også alle vranglærarane – har prøvd å forstå korleis alt heng saman. Eit døme er Anselm av Canterbury (1033 – 1109), ein vestleg biskop. Han skreiv ei lita bok med tittelen Cur Deus Homo – kvifor Gud vart menneske. Og han prøvde å forklara kvifor det var naudsynt for Gud å verta menneske. Og denne boka vart veldig omdiskutert. Ein del av oss meiner det finst nokre djupe sanningar i boka, men så har det vorte forvrengt. Kanskje er det ikkje heilt rett, og kanskje forårsaka det mange problem. Kanskje førte det til at kristne vart forvirra med omsyn til kvifor Kristus måtte krossfestast.
Du veit, alle kristne seier: Jesus frelser. Alle kristne seier: Han døydde på krossen for oss. Alle kristne, i alle fall tradisjonelle, klassiske, evangeliske kristne som held seg til Skrifta, seier: Kristus døydde for oss. Han kjøpte oss fri frå lovens forbanning, han gav løysepenge for oss frå djevelens makt, Han betalte prisen for vår frelse, han kjøpte oss fri på krossen. Men korleis skal ein forklara alt det? Korleis skal ein forstå det?
Det finst mange måtar. Og mange ulike tankar om det. Det er ein ting me i alle fall må seia. At Jesus som Kristus måtte vera den siste messianske profeten. Han måtte visa sanninga, Han måtte vera sanninga. Og han måtte visa Guds sanning. Han måtte ikkje berre preika det, men han måtte leva det, realisera det. Dersom sanninga er at Gud er kjærleik, og at han i siste instans elskar oss, og at Gud skapte oss som frie, at Han visste om at me ville synda og at verda vår ville verta forbanna, syndig og død. Men han tok alt det på seg for å visa kor kjærleg Han er. Difor vart Guds son menneske for å visa Guds kjærleik. Og når han heng på krossen syner han sanninga om Gud, og sanninga om mennesket også. At me også må elska Gud med fullkomen kjærleik. Me må elska den Guden som elskar oss. Jesus syner Guds fullkomne kjærleik på krossen, men Han syner også det menneskelege aspektet. Mennesket Jesus, den eine mellommannen mellom Gud og menneske. Kvifor vart han menneske? Cur Deus Homo – Han vart menneske for å visa oss Gud, og for å visa oss kva me er.
Som biskop Kallistos Ware brukte å seia: Gud vart menneske ikkje berre for å gjera mennesket guddommeleg, men for å gjera mennesket menneskeleg. For å visa korleis det fullkomne mennesket ser ut, når det er heilt overgitt til Gud. Og det mennesket er perfekt når det lyder Gud uansett kva som skjer. Den personen stolar på Gud. Han elskar med den kjærleiken som Gud elska oss med. Det er det som skjer på krossen. Gud elskar mennesket i Jesus, og mennesket elskar Gud i Jesus. Jesus som er vår bror, ein av oss. Denne fullkomne sanninga er openberra, og difor er me frelste. Me er løyste frå uvitenheit, frå mørke, frigjort frå galskapen i å ikkje vita kva livet handlar om. No har me sett kva livet handlar om i Han. Det vert openberra i Jesu død som sigrar i oppstoda.
Men me veit også at i Jesu kross er me kjøpt fri frå lovens forbanning. Me er alle syndarar etter Guds lov, og difor er me forbanna. Difor er Guds vreide over oss. Guds vreide er over oss fordi me er syndarar. Gud elskar syndarar, men hatar synda. Så når vondskapen er der, og vonde menneske er rotfesta i sin eigen vondskap, då er Gud sint. Det må han vera fordi han elskar. Elskar du kan du ikkje sjå på vondskap og seia «så fint». Sjølv Guds miskunn og kjærleik vert opplevd som vreide av dei som ikkje elskar miskunn og kjærleik, dei som ikkje elskar Gud. I denne situasjonen er me, syndige og forbanna. Og i fylgje lova fortener me å døy. Det er ei metafysisk lov.
Men me ortodokse kristne trur at på krossen, i Jesu person, forsonar Gud oss med seg sjølv. Han gjev løysepenge for å kjøpa oss fri frå lovens forbanning. Han betaler prisen for å frigjera og lækja oss. Han er soninga for våre synder. Og så tilgjev Gud oss for Kristi skuld. På grunn av at Guds son er fullkomen tek Gud oss til seg sjølv. Det er årsaka til at når me trur på Kristus er våre synder tilgjevne. Når me trur på Han, og godtek Han som vår Herre, og fylgjer han, og lever ved Hans Ånd, og omvender oss når me ikkje gjer det, og græt når me sviktar – då veit me at me er tilgjevne, og at Gud er med oss, og at me er saman med Gud.
Fr. Thomas Hopko, tidl. rektor ved St. Vladimir’s Orthodox Theological Seminary. Teksten over er ein del av eit lengre føredrag Hopko heldt om temaet.