GAME OVER

Den norske kyrkja strammar inn. Det får Carissimi-prestane merke i desse dagar. Innstramminga gjeld ikkje truskapen mot skrift og vedkjenning. Kravet er å vere på linje med dei siste kyrkjepolitiske vedtak. Dette framgår tydeleg av hovudpremiss-skrivet som biskopen i Stavanger legg til grunn i sitt tilsvar: At grunnlaget for nattverdfellesskapen er identisk med siste versjon av vedtak i kyrkjelege organ. Fokus har skifta bort frå spørsmålet om kva som er sann kristen lære til krav om administrativ einsretting.

Den norske kyrkja feirer i år 50-årsjubileum for kvinneleg presteteneste. Til det jubileet høyrer at kyrkja denne tida har praktisert køyrereglar som skulle hindre at nokon vart tvinga til altar- og preikestolfellesskap mot si overtyding. Lærenemnda gav liknande opning for samvitsfridom i si handsaming av homofilisaka for fem år sidan. No vert dette historie. Kva er så nytt?

Køyrereglane bygg på premisset at det er splitting i kyrkja om rett lære i nokre spørsmål og at ein vil unngå samvits-tvang. Dette var til å leve med på prestekollega-nivå. Men så flytta både problemet og samvits-trykket opp til biskopsnivået og nye saker kom i fokus. Splittinga er blitt meir synleg og gapet meir omfattande. Men fyrst og fremst er det nye at biskopane si stilling er utfordra.

Dei siste ti-åra har Den norske kyrkja med vekslande hell forsøkt å adoptere det klassiske synet at bispeembetet er einskaps-symbol. Parallellt med framveksten av kravet om lojalitet mot biskopen, har kravet om læreeinskap blitt undergravd, ikkje minst ved soloutspel frå biskopar. Biskopen både definerer kva som er kyrkja si lære og kan kreve full lojalitet mot nye påfunn. Difor har Carissimi-prestane ikkje møtt vilje til drøfting av kva som er sann og varig lære i homofilispørsmålet, men av eit monolittisk krav om å akseptere biskopen og det han til eikvar tid står for.

Det klassiske fokus på at biskopen representerer einskapen i kyrkja, bygg på to føresetnader: At biskopen lojalt og trufast vidarefører apostolisk kyrkjeleg lære og liv, og at fellesskap med ein av biskopane er fellesskap med dei alle.

Men ein biskop som tryllar bort skrift og vedkjenning og fornektar kyrkja sin nedarva identitet, representerer berre seg sjølv. Ei kyrkjeordning som tillet slike ego-trippar, utfordrar lydnaden mot den Oppstadne som er igår og idag den same.

Og når biskopen er einskapsbandet i kyrkja, vert det også uråd å reservere seg mentalt mot delar av bispekollegiet. Ein prest kan ikkje velge å avgrense sin lojalitet til sin konservative biskop. Lojaliteten er til heile kyrkja gjennom biskopen. «… litt surdeig syrer heile deigen» (1.Kor 5:6). Då er døra stengd for den presten som ikkje kan ta med samvitet sitt inn i tenesta for alteret. Alle bispedøme er i praksis stengde for den som avviser kvinneleg presteteneste og/eller homofilt samliv.

Fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i st. Olav kyrkje, Ålesund. Innlegget står også på trykk i DagenMagazinet i dag, 18. mars 2011.

Advertisements

One response to “GAME OVER

  1. Tilbakeping: Historisk god pressedekning « Nordiskkatolsk·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s