Hill deg, Maria

Det er kanskje delte meiningar om bøna somme av oss ber like etter messa: Hill deg, Maria, full av nåde, Herren er med deg, velsignet er du iblant kvinner, og velsignet er ditt livs frukt, Jesus. Hellige Maria, Guds mor, be for oss syndere, nå og i vår dødstime. Amen.

Årsaken til det handlar ikkje så mykje om teologisk usemje: Sidan Jesus avskaffa døden på krossen for dei som trur, er det like naturleg å søkja forbøn hjå Guds heilage (som altså lever) som hjå ein god ven. Å fornekta det er å fornekta ein viktig del av Jesu forsoningsverk. I staden er det meir ein diskusjon om kva som høyrer til i messe-konteksten. Fyrste delen av bøna er reint bibelsitat, men andre del er komponert av den nederlandske jesuitten Petrus Canisius i 1555. Ein kan såleis argumentera for at delar av bøna ikkje er ein naturleg del av den felleskyrkjelege arven.

Men grunnen til at eg nemner dette no er at eg kom over ein spesielt vakker versjon av bøna tonesatt av Johan Sebastian Bach og Charles Gounod. I alle fall eg gløymer all debatt når eg høyrer Ingrid Kertesi synga denne bøna på latin. Last ned songen HER.

(teksten: AVE MARIA, gratia plena, Dominus tecum. Benedicta tu in mulieribus, et benedictus fructus ventris tui, Iesus. Sancta Maria, Mater Dei, ora pro nobis peccatoribus, nunc, et in hora mortis nostrae. Amen.)

Ta også ein kikk på det musikalske geniet (og så vidt eg forstår, hengivne kristne) Bobby McFerrin som får heile salen til å synga bøna saman.

Øystein Lid

Advertisements

4 responses to “Hill deg, Maria

  1. Eg for min del kan ikkje fatte og begripe kva bøna «Hill deg, Maria» har etter messa å gjere. For meg er det eit skifte av fokus som eg opplever svært unaturleg. Under messa har blikket vore retta mot den treeinige Gud, og med Kristus for auga vil eg gå ut att i kvardagen. Så etter messa å skulle vende meg mot Jomfru Maria, finn eg forvirrande og frustrerande. I romersk-katolsk samanheng har eg aldri opplevd at «Hill deg, Maria» vert beden av kyrkjelyden etter messa. Og teologisk sett forstår eg heller ikkje kvifor NKK i Bergen skal nytte denne bøna…

  2. Eg er nok ikkje rette mannen å svara, sidan årsakene til dette ligg før mi tid. Men det høyrest meir ut som du har eit problem med å be til helgnar om forbøn generelt? Då har du eit større problem enn nett kva Sta. Sunniva (og andre DNKK-kyrkjer) sin praksis er. Blant anna vil du då ha problem med å godta eit av kyrkjemøta akseptert av både aust og vest. I så fall kjem ein tilbake til spørsmålet: kven skal eigentleg bestemma innhaldet i trua? Vil ein sjølv velja det ut frå korleis ein sjølv tenkjer og les skrifta, har ein valt seg protestantisme. Bibelen omtaler Gud som ein Gud av hærskarar. Gud er aldri åleine i kristendommen, slik han er i Islam. Han har lært oss å be for kvarandre. Kvifor skulle me slutta med det når me kjem til himmelen, så lenge kampen pågår her nede? Jesus og apostelen Peter samtalte med Moses og Elia, som etter somme målestokkar hadde vore daude i mellom 800 og 1200 år. Dersom visse protestantar skulle ha skrive bibelen, hadde vel ikkje den passasjen kome med.

  3. Eg har ikkje problem med å be helgenar om forbøn, men det er noko som høyrer til i mitt private andaktsliv. Og kvifor skal vi berre vende oss til Jomfru Maria om forbøn etter Gudstenesta? Det ville då vere meir naturleg at vi då tek fleire helgenar med… Dessutan har NKK ei anna lære om Maria enn det den romersk-katolske kyrkja har. Bøna «Hill deg Maria» er forfatta på femtenhundretalet av ein jesuitt og målber romersk-katolsk Mariologi. Såleis høyrer ikkje bøna med i den felleskyrkjelege arven.
    Er Maria full av nåde eller er ho fylt av nåde? Teologisk sett er det formuleringa «full av nåde» eg slit med å finne bibelsk dekning for ut frå Luk.1.28. Slik eg oppfattar det, får Maria nåde. Ho vert fylt og dekt med Guds nåde, for å kunne bere fram det barnet som er heilagt, utan å verte fortært. Det er berre Jesus som er avla ved Den Heilage Ande og såleis utan del i menneskeætta si synd og skuld, for å vere det lytelause offerlam for all verdsens synder.

  4. Eg er samd i noko av det du seier der, men dette er no eingong det lokalkyrkja har blitt samde om. Då vel eg å respektera den avgjerda. Dersom det finst gode grunnar for å endra på ein praksis bør det også vera noko ein kjem fram til saman. Eg er kanskje einfaldig, men er ser ikkje at det er det heilt store problemet å ta noko i det private andaktslivet inn i ein kyrkjeleg kontekst. Eg ser ikkje at det må vera vasstette skott mellom dei to (sjølv om eg kjem på unntak). Men at jomfru Maria står i ein særstilling i kyrkja, kan ikkje vera tvil om, all den tid det var frå henne Jesus vår Gud fekk menneskenatur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s