FRÅ VENSTRE: Fr. Robert M. Nemkovich jr, fr. Paul Sobiechowski og erkebiskop fr. Anthony Mikovsky. (FOTO: KIM LARSEN)
Frå fredag til tysdag denne veka har me i den nordisk-katolske kyrkja hatt besøk frå moderkyrkja vår i USA, the Polish National Catholic Church (PNCC). Dette er fyrste gong erkebispen (eller the prime bishop) er på vitjing til oss i Noreg. Hans namn er fr. Anthony Mikovsky, og blei valt til kyrkja sitt overhovud i oktober i fjor. Saman med biskop elect fr. Paul Sobiechowski og økumenisk ansvarleg for kyrkja, fr. Robert M. Nemkovich jr., har dei desse dagane møtt medlemer i den nordisk-katolske kyrkja blant anna frå Oslo, Fredrikstad, Stockholm og Bergen.
Helga var prestane hjå oss i sta. Sunniva misjon i Bergen. For meg som ikkje har møtt nokon representant frå kyrkja før, var det eit litt ekstra gjevt besøk. Dei amerikanske prestane gjorde eit veldig positivt inntrykk på meg, dei verka som veldig dedikerte og tydelege menn, som har tort å stå for trua. Som ein del kjenner til har nokre av dei andre gamalkatolske kyrkjene falle i vranglære (og blant anna teke til med ordinering av kvinnelege prestar).
– Me reknar oss som dei einaste gamalkatolikkane som er att, sa fr. Robert på laurdag, medan heile (den vaksne delen av) Sta. Sunniva misjon møttest i ein privatheim i Bergen. Han kunne blant mange spanande ting fortelja at i fjor haust hadde PNCC teke initativet til fornya dialog med OCA (Orthodox church in america). Spesielt interessant for oss som har gode vener i den ortodokse kyrkja og ynskjer nærare kontakt.
Ein kan kanskje kalla forholdet mellom gamalkatolikkar og ortodokse som ei ulukkeleg kjærleikshistorie. Alt i 1727 tok dei ortodokse kontakt med dei katolske grupperingane i Europa som av ulike årsaker fann at dei ikkje kunne vera heime i romarkyrkja (les historia her), og som seinare PNCC skulle springa ut frå. Sidan den gongen har gamalkatolikkane ført dialog med dei ortodokse noko som munna ut i trusdokumentet Road to unity, som både PNCC og NKK held som forpliktande lære. Eit stort skår i gleda var at dei europeiske gamalkatolikkane ikkje gjorde det same.
– Etter at det arbeidet hadde teke åresvis gjekk altså fleire gamalkatolske kyrkjer i vranglære omtrent like etter at Road to Unity var oppnådd, sa fr. Robert.
Den hendinga hadde ikkje direkte gjort dei ortodokse veldig ivrige på fornya gamalkatolsk dialog, men no har dei omsider godtatt at PNCC ikkje var som dei andre, forklarte fr. Robert. Men inntil vidare, forstod eg, hadde det ikkje kome noko formelt svar på invitasjonen frå PNCC.
Erkebiskop, eller Prime Bishop fr. Anthony, virka på meg som ein klok og omsorgsfull leiar. Han er matematikar av utdanning, fortalde han, og hadde hatt ein gresk-ortodoks prest som lærar (medan han også studerte teologi?) som sa til han at det beste Anthony kunne gjera var å visa at ein vitskapsmann kunne bli ein god prest. Fr. Anthony har doktorgrad i matematikk, og la vekt på å vera ein tenkjande kristen. Han fortalde om det slitsame i bli plassert i same bås med kristne som trur heilt bokstaveleg alt bibelen seier (og då snakkar me skapingshistoria). Han ville ikkje vera ein som let seg skremma av vitskapleg sanning, same kva den måtte vera.
Han snakka også om skilnaden mellom PNCC og den romersk-katolske kyrkja. Sjølv om Rom er den kyrkja PNCC står nærast (lekfolk i båe kyrkjer kan få nattverd i hjå kvarandre), er ein også opptekne av å understreka skilnadene. Sjølvforståinga er ei kyrkje som er «a good mix of catholic and orthodox». Erkebiskop Mikovsky snakka skilnadene i synet på jomfru Maria. Eg spurde han om me trur at jomfru Maria levde eit tilnærma lik syndfritt liv, ein slags light-versjon av den romersk katolske læra. Eg opplevde at Fr. Anthony hadde eit godt svar.
– Eg trur verkeleg at den romersk-katolske kyrkja har guddommeleggjort jomfru Maria. Der ein skulle venta at kyrkja ville snakka om Den heilage ande, til dømes i den enkeltes omvending, snakkar dei i staden om jomfru Maria, forklarte fr. Anthony.
Og vidare siterte han St. Gregor Teologen: «Dersom Gud Ordet (mao. Jesus) ikkje hadde teke menneskeleg natur, ville han ha etterlatt oss i mørke, for det som Jesus ikkje tok på seg, er heller ikkje lækt».
– Eg er skeptisk til eit kvart forsøk på å gjera jomfru Maria til noko meir enn eit menneske. Dersom ho var eit slags supermenneske som var fødd utan synd, og det var den typen supermenneskeleg natur Jesus fekk frå jomfru Maria, så kan ikkje det frelsa oss.
Med andre ord stadfesta erkebiskopen at berre dersom Jesus var sann Gud og sant menneske, kan han frelsa. Eg syns forklaringa hans var veldig overtydande og i tråd med det eg har lese av ortodoks teologi.
Vidare blei det sagt mykje interessant om skriftemål, faste og mykje anna, men eg vonar at andre kan henga seg på og dela nokre av sine samtalar eller erfaringar med dei besøkande prestane. Dei reiser tilbake til statane i dag, tysdag.