Knut Lid spør meg i DagenMagazinet for 3. februar om det er rett «at kirkelig tradisjon, etter at det budskap som Gud meddelte oss gjennom Bibelens åpenbaring ble avsluttet, skal tillegges noen vekt». Han ser ut til å meine at berre når det ligg føre direkte skriftsitat, kan ei lære avgjerast. Og han er uroa over at eg vektlegg avgjerder gjorde av ekumeniske konsil, m.a. i spørsmålet om Guds Mor Maria.
Eg er redd Knut Lid fort vert utan ammunisjon i kampen for den rette læra om han vil absoluttere skriftsitat som einaste brukbare. Til tider har det oppstått stor usemje om den rette skrifttolkinga. Dessutan skifter kyrkjer og kristne organisasjonar også standpunkt fordi dei vel å lese Skrifta på ein ny måte. I artikkelen min nemnde eg at t.d. Skulelaget og Indremisjonen nyleg har godteke kvinnelege prestar med ei slik grunngjeving.
Difor treng ein å vite kven ein er i selskap med når ein les Bibelen. Kyrkjesamfunn med høgst ulike lærer tek Bibelen til inntekt for sitt syn. Som nøkkel til si skriftforståing har lutherdomen vald vedkjenningsdokument frå kyrkja sine fyrste århundre når det gjeld treeiningslæra og kristologien. Men dei har vald skrifter frå 1500-talet når det gjeld rettferdiggjeringa. Skrifta er altså ikkje «åleine», men vert lesen i lys av den kyrkjelege overleveringa.
Ein av dei store lutherske teologane frå reformasjonstida, Martin Chemnitz, opererer med åtte ulike bruk av ordet «tradisjon». Av desse 8 meiningane, er det berre éi der reformasjonen protesterte mot det katolske synet. Les Dagen-redaktør Arthur Berg sin artikkel «Skrift og tradisjon i protestantismen» i Festskrift til Carl Fr. Wisløff (På Ordets grunn), Oslo 1978.
I det lutherske vedkjenningsskriftet «Konkordieboka» inngår ein lang katalog med sitat frå oldkyrkjelege konsil og forfattarar frå Aust og Vest, som Athanasios, Kyrill, Ambrosius, Basilius den store, Augustin, Johannes Damascenus, Krysostemos og mange andre. Sameleis argumenterer også Confessio Augustana.
Ingen må difor vise frå seg dei økumeniske kyrkjemøta eller dei oldkyrkjelege fedrane. Desse gjorde teologiske vedtak og greidde ut om korleis kristne læresetningar er å forstå til alle tider. Dei bygde læra si på Skrifta, men utleidde, tydeleggjorde og brukte Skrifta i møte med nye tiders utfordringar. Skriftene deira er så blitt brukte av kyrkja i århundra etterpå for å grunngi lærestandpunkt. Slik har t.d.den lutherske tradisjonen kome istand.
Skrifta skal normere tradisjonen, og tradisjonen lærer oss å lese Skrifta. Slik er også Den nordisk-katolske kyrkja sin teologi, grunnfesta i den udelte kyrkja si tru.
fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i st. Olav kyrkje, Ålesund. Innlegget stod også på trykk i DagenMagazinet 14. februar 2011.