Når trua vert truga og kyrkja opplever harde tider, dukkar gjerne frimodige forsøk på å redde kristendomen opp. Slik har det vore i alle tider. Kjend er den sokalla liberale teologien. Med målsetjinga å vere redningsaksjon, sette dei seg føre å fjerne avarter av undertrykking, klerikalisme, mørkesyn og diskriminering som kyrkja hadde påført seg sjølv gjennom århundra og føre henne attende til si opphavlege, reine og relevante utgåve.
Prosjektet føresette rettnok at kyrkja i store delar av si historie har vore på avvegar og vore moralsk og teologisk upåliteleg. Dei gjekk ut ifrå at Heilaganden i århundre hadde leia menneske inn i undertrykking og mismot istadenfor til sanninga. Men det plaga dei mindre.
Desse strategiane hadde ei stordomstid for 100 år sidan. Difor undrar det meg at kyrkjeleiarar som gjerne smykkar seg med tittelen «konservativ», så ofte idag går same ærendet. Eit slag historiske skylappar ser ut til å gjere dei blinde for at dei framfører 1700-tals-filosofane sine åtak på kristendomen som om dei aldri har blitt gjendrivne. Dei inngår glatt fornuftsekteskap med sekulær modernisme, ikkje for å skade kristendomen, men for å reformere og redde han. Utan å innsjå at arsenalet deira er opplysningstida sine argument imot Gud.
Det tok knapt 15 år å få konservative grupper til å omfemne homofile parforhold. Og nyleg har Lagsbevegelsen, Normisjon og Den evangelisk-lutherske frikyrkja endra sin teologi og opna for kvinneleg presteteneste.
I møte med ubehaget at kristne ikkje kan semjast i lærespørsmål, kjem ofte kravet om å setje tilside læremessige usemjer og konfesjonelle motsetjingar og halde seg til det vi kan stå saman om. I verste fall kokar det ned til fred i Midt-Austen, stans i global oppvarming, avvikling av fattigdom og utrensking av all undertrykking.
Målet om å restituere den opphavlege og uforfalska kristendomen, er høgverdig nok. Verre er det når denne stort sett vert samanfallande med den moralske konsensus som er politisk korrekt i det moderne, sekulære samfunnet. Under denne vignetten, tilpassar også dei konservative seg det politisk korrekte, men liberalteologiske, paradigmet.
Intensjonen var ein gong å gjere kristendomen meir attraktiv for folk. Men resultatet er gjerne heilt annleis: Færre kyrkjegjengarar og lenger mellom nattverdgjestane. Det liberale prosjektet skaper ikkje engasjement. Det er defensivt, snusfornuftig og heimesnekra. Det kjem ikkje frå Gud og fører ikkje til Gud. Når vi tek mål av oss til å erstatte den kyrkjelege tradisjonen med våre eigen fornufts-sensurerte versjon, endar det gjerne slik. Å gifte seg med tidsånda, er alltid risikabelt. Å ta ibruk argumenta frå kristendomen sine fiendar, vinn ikkje menneske for Jesus. Berre spør Statistisk Sentralbyrå!
Fr Ottar Mikael Myrseth. Innlegget stod også på trykk i spalta I Fokus, DagenMagazinet, 20. januar.