Jakka du ikkje brukar, tilhøyrer den som frys

St. BasiliosKom du ikkje naken frå mors liv? Skal du ikkje igjen venda tilbake til jorda naken? Kor har dei tinga du no eig kome frå? Dersom du seier at dei berre spontant vart til, er du ein ateist. Du gjev ikkje Skaparen merksemd, og viser ikkje takksemd til han som gav dei. Men dersom du seier at dei kjem frå Gud, forklar for oss årsaka til at du mottok det. Er Gud urettferdig, slik at han deler ulikt mellom ulike menneske? Kvifor er du rik, medan andre er fattige? Er det kanskje for at du skulle få løn for å vera gåvmild og ein trufast forvaltar, og at den fattige skulle få ære ved å halda ut? Men når det gjeld de som sopar mest mogeleg til dykk sjølve, i dykkar umettelege grådigheit, trur de ikkje at de gjer gale når de held unna så mykje for så mange? Kva er ein grådig mann? Ein som ikkje er nøgd med det som er tilstrekkjeleg. Kva er ein tjuv? Ein som tek det som høyrer til andre. Høyrer ikkje du til desse som tek det du mottok som forvaltar, og gjorde det til ditt eige? Ein som stel ein annan mann sine klede vert kalla ein tjuv. Men når nokon ikkje kler ein naken mann, sjølv om han var i stand til å gjera det, fortener ikkje ein slik mann same tittel? Brødet som du held for deg sjølv tilhøyrer den svoltne. Jakka som du vaktar i eit låst skåp tilhøyrer den nakne. Skoa som råtnar i skåpet ditt tilhøyrer den berrføtte. Sølvet du har gøymt på ein trygg stad tilhøyrer den trengande. Difor, så mange som du kunne ha hjelpt, så mange har du synda mot.

St. Basilios den store (330 – 379), preike over Lukas 12,18

Advertisements

3 responses to “Jakka du ikkje brukar, tilhøyrer den som frys

  1. My goodness, how poor that leaves me in the eyes of The Lord!!
    Jeg liker den måten du utfordrer på, men vet sannelig ikke hvordan jeg skal håndtere det. Det er komplett umulig å tenke seg et liv her hvor jeg bare har det aller aller nødvendigste, og det kjennes ikke nok å gi sofaen til Shalam..

  2. Det er bra det prikkar litt i samvitet, då virkar det slik det skal. Ei god preike bør provosera oss til innsats for våre medmenneske og for jorda, meiner eg. Ser ein på ein del preiker i nytestamentet og i oldkyrkja må dei ha vore provoserande også då.

  3. Ein mann fann ein skatt i ein åker. Han dekte til skatten og i sin glede solgte han alt og kjøpte åkeren. Så grov han skatten fram og sa: Du er min.

    Kristus fann ei sjel i molda. Han løynde meg og han vart løynd for meg. Så gjekk han bort, eg trudde eg var overgjeven til døden. Men nett då gav han sitt liv. I glede kom han att og grov meg fram or grava og sa: Stå opp, jordtræl, alt mitt er ditt.

    Og skatten svara:
    Har eg deg, har eg ikkje lyst på noke på jorda!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s