Forfølging

Å vere ein levande kristen, er å vere ein forfølgd kristen. Jesus seier til disiplane sine at i trengsletida: ”… skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. Paulus seier til Timoteus: ”Alle som vil leve eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde”. Ja, til alle tider har dei radikale etterfølgjarane av Herren Jesus Kristus blitt jaga, torturert og drepne for Sanninga og for hans namn skuld. Stefanus vart steina for å forkynne det klare og uforfalska evangeliet. Hundre år seinare oppsummerar Tertullian den første tida i kyrkja med at; kristne blir festa på krossar og stolpar. Dei blir kasta til ville dyr og brende i flammar. Dei blir forviste til gruver og øyer, men blødande under tortur ropar dei ut: ”Vi lovprisar Gud gjennom Kristus”, men det stoppar ikkje der, for heile kyrkjesoga er vaska i blodet åt martyrane – dei som døydde for Sanninga.

I vårt moderne Noreg treng ikkje kristne å frykte å bli løvemat. Her har forfølginga fått ein annan karakter. I staden for fysisk vald blir radikale og konservative kristne heller utsett for mobbing, trakassering og utestenging. Vi blir ikkje sprika til stolpar, men mange har blitt nekta å evangelisere eller bære krossar. Prat om Jesus er utenkjeleg på offentleg stad, folk kan bli sparka frå jobben grunna konservative etiske synspunkt og ein kan nærast risikere at barnevernet kjem på døra om ein ber bordbønn med borna sine.

Denne forfølginga av kristne er likevel ikkje noko uventa og nytt. Allereie i dagens evangelietekst får vi ei åtvaring om kva som kan skje. Jesus seier til oss at; ”Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane. Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar”. Og ikkje nok med dette, men trugsmålet kjem helst frå våre næraste. Brør skal stå mot brør, fedrar mot born, og her er det ikkje berre snakk om fysisk slektskap, men også åndeleg slektskap. Ja, i dag kjem kanskje det største trugsmålet frå ”religiøse” menneske som har løyst forfølgingsproblemet ved å bli ”personlege kristne” og som dermed gjer kristendommen til ei privatsak, men verken kristendommen eller frelsaren Jesus Kristus er ei privatsak! Ein kan ikkje skru ned oljelampa og sette henne under eit kar for at ho skal lyse i det private mørkret. Då vil elden døy av oksygenmangel. Så sjølv om ein privat kristendom kanskje er utan forfølging, er han også utan evangeliet.  

Dagens tekst ber oss likevel om ikkje å vere bekymra. Vi skal ikkje uroe oss over livet, vi skal ikkje uroe oss over kva vi skal seie eller gjere. Nei, vi skal ikkje vere bekymra for noko som helst, men tvert i mot glede oss over at liva våre er skrivne i Livets bok. Vi skal som Stefanus alltid vere glade – også under forfølging –, for som det står hos Forkynnaren; ”ingen blir fritekne frå krigsteneste”, men for ein disippel av Jesus Kristus er døden ei vinning.   

Difor må vi framfor alt vere frimodige, for der ligg også løftet frå Gud om hjelp og utfriing. I Jeremia-epistelen får vi høyre at Herren vil gjere oss til ”ei fast borg, til ein jernstolpe og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane og stormennene, mot prestane og folket i landet” dersom vi tek første trussteget. Det same høyrer vi om i evangelieteksten der Heilaganden kjem oss til hjelp i same stunda vi må stå opp og vitne for hans namn skuld. Ja, til og med Stefanus – i det han vart steina – var full av kraft og tru. Han skoda med lengsel opp mot himmelen mens Den heilage ande talte forsonande ord gjennom han.

Dersom vi vil følgje Den himmelske meisteren kjem vi alle til å møte på forfølging i ein eller annan form, men lat oss ikkje vere motlause i tida som ligg føre oss. Vi har fantastiske løfte å sjå fram til om vi berre held ut denne korte stunda her på jorda. I sitt andre brev til korintarane, gjev Paulus oss nokre trøystande ord når han seier at; ”Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag. Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir. Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig”.

La oss ta med oss denne oppfordringa inn i det nye året. La oss i tida som ligg føre oss vere endå meir medvitne om den store frelsaren vår og ikkje skjemme oss over Jesu Kristi evangelium. Nei, la oss heller med det usynlege for auga, vere frimodige og vitna og prate om Meisteren vår til alle menneska Gud sender i vår veg – til ære for Faderen, Sonen og Den heilage ande.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s